Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

MR, Sunnmøre: Paul Rasmussen Svor f. ca 1719 i Hornindal, SF.

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg er på leit etter paret Paul Rasmusson og Gjertrud Samuelsdtr. som flytta frå Svor i Hornindal til Sunnmøre ca 1755.

Paul var f. på Svor i Hornindal ca. 1719 og Gjertrud Samuelsdtr. f. på Alsaker i Eid 1726

 

Dei gifte seg i Eid 19.04.1743 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eid, Ministerialbok nr. A 2 (1741-1769), Kronologisk liste 1743, side 13.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8769&idx_id=8769&uid=ny&idx_side=-13

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070503620501.jpg

 

Dei var fyrst busette på Alsaker i Eid der borna Lisbet (1745), Ingeborg(1747) og Barbara (1750) var fødde. Så budde dei eit par år på Svor i Hornindal der var sonen Samuel fødd i 1755 før dei flytte til Sunnmøre.

 

No treng eg hjelp til å finne ut KVAR på Sunnmøre dei slo seg ned og kva som er å finne om familien der. Fekk dei fleire barn etter 1755 etc ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Det var iallefall eit par med namna Poul Rasmussen/Gjertrud Samuelsdtr. som vart busette i Herøy Prestegjeld. Det ser ut til at dei først flytta til garden Rødskar/Rosskar i Herøy. Garden ligg på Gurskøya.

Rødskar i Ekstraskatten 1762: http://arkivverket.n...d/db/49637/360/

Rødskar i bygdeboka (Herøyboka: Gardar og folk III): http://www.nb.no/nbs...63d?index=4#647

 

Sidan har dei truleg flytta til garden Årvik som og ligg på Gurskøya, men som då høyrde til Rovde sogn (i Herøy). Årvik er no ein del av Sande kommune. Årvik i bygdeboka (Sandesoga band II): http://www.nb.no/nbs...tal?lang=no#297

 

Lisbet Poulsdtr. Aarvik vart gift 31.12.1780:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Herøy, Ministerialbok nr. 507A02 (1767-1788), Kronologisk liste 1769-1781, side 51.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-50

 

Ein kan finne både Barbra Poulsdtr. Aarvik og Samuel Poulsen Aarvik trulova på denne sida (i 1781):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Herøy, Ministerialbok nr. 507A02 (1767-1788), Kronologisk liste 1780-1782, side 171.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-172

 

Dette er truleg rette folka, men det er rota mykje i bygdebøkene. Det er nok eit par ungeflokkar som er blanda saman der....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk for det Inge.

Ja eg ser at det tydeleg må være samanblandingar av både ektefeller og barn i brukarlista for Årvik i Sandesoga.

Eg får setje meg ned og leite i kjeldene og sortere og sjå kva eg finn ut av. ;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.