Gå til innhold
Arkivverket

Folkeregisteret i Oslo - registerkort?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har forstått det slik at Statsarkivet i Oslo sit med registerkorti til Folkeregisteret i Oslo, og eg vil gjerne få leggja fram følgjande spørsmål:

 

Hjalmar August Hildestad HANSEN, son av bakar Jens Hansen (Sættenæs) og Ragnhild f. Hillestad, var fødd i Bergen 5.10.1897. Folkeregisterkortet i Bergen nemner han under dette namnet. Han flytte i 1915 til Rjukan for ei kort tid, i 1917 til Christiania for eit knapt år, i 1920 til Laksevåg ved Bergen og endeleg 25.10.1925 til TORSHAUGSGATE 1 i Christiania. Han vart då kalla lagerekspeditør.

 

Dette er det siste me ser til mannen, og no lurer eg på om det finst eit registerkort på han i Oslo som kan fortelja oss noko om LAGNADEN hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Statsarkivet i Oslo har ikkje namnekort som er inngang til folkeregisterkorta. Dei avleverte folkeregisterkorta er ordna etter år for avgang, det vil seia i året personen er registrert som utflytta eller død. Her har vi ikkje gode nok søkespor. Døde han i Oslo før 1950, viser vi til dødsfallsregistre i Oslo skifteretts arkiv. I tillegg til adressebøker for Oslo har vi Oslo byarkiv som har kommunale folketeljingar og anna materiale som kan hjelpe. Vi har sjekka raskt om Hjalmar flytta ut frå Oslo før 1946, utan resultat. Eit poeng i slike søk er å vita kva namn han bruka til dagleg. Folkeregisteret sorterte til dømes fonetisk etter dette namnet, ikkje etter hans fulle namn. Og Hjalmar eller August Hansen er det er mange av i Oslo.

 

Med venleg helsing

Odd Halvorsen, Statsarkivet i Oslo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd for eit kjapt, om enn skuffande, svar! So vidt eg tolkar dette, er det ei ganske so vonlaus oppgåve å finna lagnaden til denne Hjalmar August Hansen. Sjølv ikkje slektningar av han som lever i dag, har noki som helst peiling på kvar han vart av...!

 

Men kanskje, ein dag, dukkar han opp, ein eller annan stad... (Det er lov å trøyma...)

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.