Gå til innhold
Arkivverket

Otto Minken (1875-1947?) Moelven bruk, Oslo


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Otto var frå Løten og budde på Moelven til rundt 1912. Gift med Ingeborg Bertelsdtr. frå Batalden i Flora Kommune i S. & Fj. (1874-1946). Ekteskapet oppløyst. Begge var seinare busett i Oslo. Otto gifte seg på nytt, men har ikkje funne giftermål. Har heller ikkje funne han i Gravminner i Norge. Har nokon kjennskap til denne personen? Han forsvinn frå Adressebøker for Oslo ca 1946. Er ute etter dødsår Mvh Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han er innført i dødfallregisteret for Aker 22/10-1946

 

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Dødsfallsprotokollregister 4 (Hbg 0004), 1941-1947, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Merknader: Det alfabetiske regeisteret gjelder for hele perioden 1941-1947.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27401/126/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090520320567.jpg

 

Vielse 1 nov 1928, høyre side

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo byfogd, Vigselsbok (borgerlig) nr. II 19 (1928-1929), Borgerlig viede 1928, side 10b-11a.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=50924&idx_id=50924&uid=ny&idx_side=-112

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20110302360112.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsannonsen sto i Aftenposten 24-10-1946:

 

Min kjære snille mann, vår far og bror kontorsjef Otto Minken døde plutselig fra oss idag, 71 år gml. Sinsen Terr. 17, Østre Aker, 22. oktober 1946. På hans barns og øvrige families vegne

 

Lilly Minken

 

Begravelsen foregår fra Ø. Akers kirke (Ulven) lørdag 26. oktober kl. 14.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk Solveig og Carsten! Finnes det forresten søkbare databaser for fødde/døpte i Oslo rundt 1912? Otto fekk sonen Brynjulf Folkvard f. 2/8 1912 (dato frå Gravminner) men uvisst med kven. Dåpen til Brynjulf er ikkje å finne på Løten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Torbjørn.

 

Eg trur Otto og Elisa har slitt med å bli einige om namnet til Brynjulf. Det kan i alle fall sjå slik ut. Så vidt eg har tolka det, er han døypt Thorleif Tankred Folkvard Brynjulf. Døypt 27. oktober 1912 i Bragernes. Adressa er ved dåpen Nedre Storgata i Drammen.

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Bragernes, Ministerialbok nr. II 10 (1911-1922), Fødte og døpte 1912, side 33.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=22295&idx_id=22295&uid=ny&idx_side=-38

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040805190038.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for opplysningen Egil! Otto og Elisa var altså fremdeles gifte i 1912, og dei var busett i Drammen?

 

Ja, det kan sjå sånn ut, eller kan dei ha vore nyseparert og Elisa var flytta til Drammen?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt usikker på det. Det eg har høyrt, er at Otto flytta til Oslo og starta trikortasjefabrikk i 1911.

 

I 1910 finn vi Otto og Elisa i Oslo, og Otto oppført som disponent ved vognfabrikk http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036396003462

 

Så er dei altså i Drammen i 1912. Eg finn heller ikkje Otto i adressebøkene for Oslo i 1913 eller 1914, men i 1915 er han der som disponent ved Christiania Tricotagefabrikk, bst Lambergsæter.

 

Så kanskje har dei då budd i Drammen ein periode mellom 1910 og 1914. Det som gjer meg litt betenkt, er at vi vel skulle ha funne konfirmasjonen til Eva og/eller Hjørdis i Drammen i denne perioden, men det har eg ikkje funne.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Egil! Kanskje eg og kan benytte anledningen til å spørre deg om du veit om Eva og Hjørdis vart gifte, og om Brynjulf og kona Dagny (f. Batalden) fekk born? Fekk dei sønene Roar, Rolf og Erling?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elisa og barna fann eg i Oslo i FT 1910. Eg må ta det litt på hugs no, men eg meiner at det var sagt at Elisa flytta til Oslo (igjen) etter at ho og Otto vart skilde. Det var eit eller anna om å vere nærmare barna, men om det var ho som ville vere nærmare barna (altså at Otto hadde barna), eller om det var barna som skulle vere nærmare Otto, det klarer eg ikkje å ta igjen no. Dette var noko eg fekk fortalt, men om eg skreiv det ned nokon stad, det hugsar eg ikkje.

 

Eg trur ikkje Eva og Hjørdis blei gifte, men det tar eg også kun på hugs. Var det noko om at dei to, eller ei av dei, tok over eit hus i Oslo? Det kan hende eg er på vide vankar no. Eg kan sjå om eg finn noko nedskrive, og kven eg evt. fekk opplysningane frå. Det er ein del år sidan dette.

 

Eg trur heller ikkje at Dagny og Brynjulf fekk barn, men igjen er det kun på hugs. Eg lurer på om det var slik at det var ein ven av familien som stod som festar på grava til Elisa og barna, men det kan hende eg blandar i hop noko.

 

Eg skal sjå om eg finn noko meir.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Både Eva og Hjørdis er oppført med Minken-etternamnet i Gravminner, og det tyder jo på at dei ikkje vart gifte. i adressebøker for Oslo finn eg Otto fram til 1918, men i 1927 finn eg han ikkje (det er eit opphald i utgjevinga av adr. bøkene mellom 1918 og 1927), men han er å finne att i 1928. Ingeborg Elisa er ikkje å finne på den tida. Søkte både på Batalden og Minken. Kanskje budde ho hos eit av sine etaberte søner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til at familien budde på Anderskvern i 1910 (like ved Moelven) http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036396003462

 

Huff då. No har eg vore skikkeleg ute av drift. Sjølvsagt budde dei ikkje i Oslo 1910. Den kan du stryke.

 

Eg har ikkje funne så mykje av den infoen som eg samla inn tidlegare, men eg ser at eg har notert at Otto skal ha flytta til Oslo i 1911, der han starta Oslo Trikortasjefabrikk, og at Elisa skal ha flytta dit seinare. Otto hadde vore litt "uheldig" med nokre økonomiske transaksjonar i Moelven bruk, og måtte forlate jobben.

 

Det kan kanskje hende at det riktige er at Otto og Elisa flytta til Drammen i 1911, og at Otto deretter flytta til Oslo, og Elisa etter det igjen.

 

Otto skal ha vore på tur i Batalden kring 1910/1912 (namngitt som fotograf).

 

Eg har sjekka i adressebøkene for Oslo, men eg finn ikkje noko som heiter Oslo Trikortasjefabrikk. Derimot finn eg Christiania Trikortasjefabrikk A/S, Møllergata 16 i 1915, det er sikkert den. (ja, det stemmer med det vi fann om Otte Minken i adresseboka for 1915) Den er ikkje registrert tidlegare år, så kanskje blei den stifta i 1915 og ikkje 1911. Kanskje den seinare har fått namnet Oslo trikortasjefabrikk.

 

Ved dåpen til Brynjulf er Otto oppført som fabrikkbestyrer, men det kan ha vore ein annan fabrikk.

 

Eg har ikkje registrert noko giftemål på Eva og Hjørdis, så då stemmer vel det at dei ikkje blei gifte.

 

mvh Egil

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

takk for utfyllande opplysningar Egil! men kvar er Ingeborg Elisa i tidsrommet 1912 til ut på 1930-talet? Kan ho ha budd hos ein av sine søner, og at det er derfor ho ikkje har eigen oppføring i adressebøkene i Oslo? Men eldste sonen Fridtjof vart vel ikkje etablert med familie før i slutten av 1920-åra?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.