Gå til innhold
Arkivverket

Edvard Germanus Johannessen alias Edvard Alme i Bergen (1848-1922), norsk målmann, skal ha røter frå Hafslo i Sogn, men på kva vis?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til denne artikkelen i Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Edvard_Alme

 

Her går det fram at Edvard Germanus Johannessen, ogso kjend under preudonymet Edvard Alme, skal ha røter frå Hafslo i Sogn. Alme er namnet på ein gard i Hafslo, men eg kan ikkje sjå noki nær tilknytting til Hafslo!

 

Edvard Germanius Johannessen, gift i Nykyrkja i Bergen 26.11.1871 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7153&idx_id=7153&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-87), var fødd i Bergen 28.5.1848 som son av:

 

Dankert Christian Johannessen og kona Elen Gurine Hansen, vigde i Domkyrkja i Bergen 20.4.1845 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vigd1816&gardpostnr=1590&merk=1590#ovre) eller (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8332&idx_id=8332&uid=ny&idx_side=-28)

 

Dankert Christian Johannessen, fødd i Nykyrkja i Bergen 6.7.1817 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=dp12011816&gardpostnr=1084&personpostnr=3246&merk=3246#ovre), var igjen son av:

 

Erik Johannessen og kona Elisabeth Davidsdatter, vigde i Domkyrkja i Bergen 21.2.1808 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=42&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5834&merk=5834#ovre).

 

Denne Erik Johannessen var ikkje i Bergen i 1804, so han er nok innflyttar, men han kan IKKJE vera fødd i Hafslo.

 

Elen Gurine Hansen synest vera dotter av:

 

Jørgen Fredrik Hansen og kona Anna Gurine Nilsdatter, vigde i Domkyrkja i Bergen 5.11.1815 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8332&idx_id=8332&uid=ny&idx_side=-28)

 

Om denne ætti nedstammar frå Hafslo, so må det liggja noko attende i tid. Eg ser ikkje noko samband so langt. Det næraste eg kjem Hafslo er at ein av forlovarane til Dankert og Elen i 1845 var Anders (Olson) Selseng frå Sogndal, som eg meiner hadde kona si frå Hafslo!

 

Om nokon har tankar kring Edvard Germanus Johannessen alias Edvard Alme og opphavet hans, høyrer eg gjerne meir om det!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.