Gå til innhold
Arkivverket

Hans Mikkelsen, fødd i Bergen 1875, matros på D/S Geiranger og busett Ålesund i 1910 - kven var han? - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1910 for Ålesund for Røisegate 5 syner følgjande innbuarar:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036746012734

 

Mellom desse finn me ein matros på D/S Geiranger (http://no.wikipedia.org/wiki/DS_%C2%ABGeiranger%C2%BB_%281885%29) med namn:

 

Hans MIKKELSEN, fødd i Bergen 17.5.1875

 

Eg kan ikkje finna nokon Hans Mikkelsen fødd i Bergen på denne datoen; derimot finn eg ein

 

Hans Kristian HANSEN, som m.a. i FT1900 for Bergen nytta namnet Hans MICHELSEN (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=064&bnr=0010&lnr=01), fødd i Bergen 11.6.1875 som son av enkja Karen Ingebrigtsdotter og ein sjømann Hans Pedersen. Denne enkja gifte seg kort tid etter med enkjemannen Jens Mikkelsen (Michelsen), og Hans Kristian nytta tydeleg dels Hansen og dels Mikkelsen som etternamn, sjå òg følgjande tema: http://forum.arkivverket.no/topic/187493-hans-kristian-hansen-alias-hans-kristian-mikkelsen-foedd-bergen-1875-nemnd-som-sjoemann-i-1891-og-til-sjoes-i-1902-sjoemannsruller/page__pid__1591689#entry1591689

 

* Er det mogeleg å finna fleire opplysningar om matros Hans Mikkelsen i Ålesund som eventuelt kan stadfesta kven han var?

 

* Og kvar vart det av denne matrosen? Eg har bladd igjennom lysingsprotokollane for Ålesund t.o.m. 1916, men finn han ikkje vigd i Ålesund... Ikkje heller er han gravlagd i Ålesund, korkje som Hansen eller Mikkelsen (jmf. DIS-Noreg)...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Finn for kjapt, om enn negativt, svar på dette problemet.

 

Han er ikkje registrert korkje i Bergen eller i Ålesund...; kvar kan han då vera...? Merkeleg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rotet med fødselsåret?

 

 

På tellingsskjemaet står det fødselsår 1877,og IKKE 1875,som Lars skriver i tematittel og innlegg.

 

Folketelling 1910 for 1501 Ålesund kjøpstad

 

 

 

 

Hans Mikkelsen

 

 

 

 

Nyttig tips!

 

Klikk på de blå lenkene i venstre kolonne for å se alle detaljer om en person, en leilighet, et bosted eller en tellingskrets.

 

 

◄ Første ◄ Forrige Neste ► Siste ►

Skriv utMerknad/korrektur (0)Nytt søk

ID: pf01036746012734 Kjønn: m Rolle: Alder: Husholdningsnummer: 01 Fødselsdato: 17.05.1877 Personnummer: 009 Fødested: Bergen Familiestilling: el Bostatus: b Sivilstand: ug Sedvanlig bosted: Yrke: Matros D/S "Geiranger" Antatt oppholdssted: Skannet bilde: Skole:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Finn for nye interessante innlegg!

 

Eg seier meg lei for prenteleifen min i første innlegg! Eg vart vel litt for ivrig. Uansett, poenget er det same. Det finst INGEN andre Hans Mikkelsen/Michelsen fødd i Bergen i perioden 1874-1878 som høver til Hans i Ålesund!! Det finst rett nok ein par personar med denne namnekombinasjonen, mellom anna ein sjømann med namn Hans Martin Mikkelsen, fødd i Bergen 7.7.1876, men han budde i Bergen i 1910!

 

So, eg trur framleis det er "min" Hans Kristian Hansen som løyner seg attom Hans Mikkelsen på D/S Geiranger...

 

Men korleis skal en prova dette?

 

Eg takkar på ny for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.