Gå til innhold
Arkivverket

Lars Christenson Walaker, fødd i Hafslo 1852 - utvandra i 1870-åri til Leipzig i Tyskland, men kvar vart han av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lars Christenson Walaker, fødd på garden Valaker i Solvorn, Hafslo 2.7.1852, utvandra ein gong på 1870-tslet til Tyskland.

 

I 1878 er han oppgjeven å bu i Blücher straße 32, bei Neubauer, Leipzig.

 

Han er ogso nemnd i 1885, men då utan adresse.

 

Slekt i Noreg meiner å vita han skal ha vore skomakar og budde sidan i Hamburg.

 

Eg sit i Tyskland og jobbar med bygeboki for Luster, men det er langt til Leipzig, og Hamburg ligg nærare Noreg enn Oberbayern der eg oppheld meg! Det er elles ikkje sagt det er noko enklare å angripa problemet herifrå!

 

Kanskje har nokon eitt og anna tips å komma med?

 

Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lsrs E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for ei interessant samling av linkar! Eg er alt medlem av Ahnenforschung.net og har lagt ut ei etterlysing der, men so langt ingen svar. Adressa til Lars frå 1878 finst framleis i Leipzig, men no står der ein blokk frå DDR-tidi...

 

Me får sjå kva som kan dukka opp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

Hadde eg berre hatt svaret på dette spørsmålet, Sven, hadde det vore enklare...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Britt for nytt innlegg om Lars Christenson Walaker!

 

Kjelda mi for adressen frå 1878 er frå skiftet etter faren Christen Larsson Walaker, som døydde i Hafslo 13.6.1877. Eg meiner at det i skiftepakken på Statsarkivet i Bergen låg eit skriv frå Lars med denne adressen!

 

Kvifor korkje han eller Neubauer dukkar opp på nemnde adresse i adresseboki for Leipzig, kan eg ikkje svara på, og det forundrar ogso meg!

 

Kanskje ein lyt til kyrkjebøker for Leipzig for å finna meir? I so fall vert det eit vanskeleg, og sikkert òg eit tidkrevjande, søk...

 

Men eg er ein evig optimist, so eg vonar at kanskje eitkvart vil dukka opp!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.