Gå til innhold
Arkivverket

Lars Johannesson Heggeteig, fødd Sogndal 1832 - til Amerika i 1854 eller dreng på Åse i Vik 1865? - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet var oppe til drøfting i mai 2010 under tema #78698, og her følgjer ei "oppfrisking" av emnet frå den gongen, som aldri fekk noki løysing:

 

~~~~~

 

Lars Johannesson Heggeteig, fødd i Sogndal 5.5.1832, son av gardbrukar Johannes Johnson på Heggeteig og andre kona Britha Larsdotter (Nitter) frå Valaker i Solvorn, Hafslo, vart konfirmert i Sogndal i 1847 og skal ifølgje ætteboki for Nitter-ætti vera utvandra til Amerika i 1854.

 

Eg ser at halvbroren John Johannesson Heggeteig (32 år) utvandra til Amerika i 1854, men eg finn ikkje nokon Lars.

 

Derimot ser eg at ein Lars Johannesson, fødd i Sogndal 1836, var tenestedreng på garden Åse i Vik i 1865. Det finst ikkje nokon andre rimelege alternativ i Sogndal for denne karen, so eg trur det godt kan vera "vår" mann frå Heggeteig!?

 

Kanskje er det nokon med kunnskaper om denne ætti som kan hjelpa meg vidare? Kvar vart det av "min" Lars Johannesson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~

 

Det kom den gongen berre eitt svar, og det var frå Jon Sværen, som skreiv følgjande:

 

~~~~~

 

"Det er Aase i Seljadalen i Vik du finn Lars Johanneson i FT 1865. IKKJE Aase i Arnafjord. (Det er 2 gardar i Vik Kommune m/ heilt same namn: Aase. Bruk 15. Og bruk 60 i Arnafjorden

 

Så er "kampen" om å finna han etter 1865!

 

Har du sett på den ugift farneren, f. 1838, 62 år, busett i Illinois, USA, som reiser frå Bergen den 25.7.1900 med usikker fødestad (Vik i Sogn ?) på "Emigranter frå Bergen 1874-1930" ??"

 

~~~~~

 

Eg har leitt etter den emigranten som Jon nemner ovanfor, men eg kan ikkje finna han i utvandringslistene frå Bergen!

 

Elles står problemet som like uløyst! Kvar vart det av Lars Johannesson Heggeteig?

 

Eg ville setja stor åris på gode tips i denne samanhangen!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt spennande innlegg!

 

Det kan sjå ut til at du har rett, Sven, men i so fall har jo ikkje denne karen noko å gjera med Lars Johannesson frå Åse i Vik 1865!?

 

Her er forresten huslyden på Åse i Vik 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1417&kenr=003&bnr=0026&lnr=000

 

Eg kan eller leggja til at det berre var ein einaste Lars Johannesson som var fødd i Sogndal mellom 1829 og 1840, og det var nettopp Lars Johannesson Heggeteig!!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i dag å gjera ein ny freistnad på å henta fram att dette problemet som har vore oppe eit par gongar før, men som framleis står like uløyst!

 

Ein eller annan stad må jo ogso denne Lars Johannesson ha gjort av seg, men KVAR?

 

Stor takksemd følgjer med kvart einaste vesle tips om lagnaden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I pass til Amerika, utsted i Bergen 1842-1860, ser jeg at det er en Lars Johannesen Opheim som utvandrer i 1854. Men både gårdnavn og hjemsted er feil i forhold til vår mann. Denne Lars er fra Voss. Han er 23 år og født i 1831.

 

Så helt på siden av det du spør om, men døde faren til Lars Johannesen på sykehus i Bergen i 1869? Jeg ser et fattiglem Johannes Johnsen Heggeteig i dødsfallprotokollene for Bergen: 

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 3 , 1861-1878, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/158/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620450.jpg

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Jau, det stemmer at Johannes Johnson Heggeteig døydde i Bergen, men han vart visstnok gravlagd i Sogndal!  Diverre var han legdelem, og dødsmeldingi hans gjev ingen opplysningar!

 

So Lars Johannesson og lagnaden hans er og vert eit "mysterium"...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

 Har du sjekka denne personen

 

L * Haugen
Hode
United States Census, 1900
fødsel:    April 1832    Norge
bolig:    1900    Ships 137-141-Ranges 91-93, Stark, North Dakota, USA
innvandring:    1854        
ektefelle:    Annie Haugen
barn:    Louise Haugen, Martin Haugen

 

Helsing Johannes Haugen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Johannes for nytt spennande innlegg!

 

No har eg sjekka kjeldene i North Dakota, og eg ser av ein merknad frå Taylor Lutheran cemetery i Stark Co., ND at denne Lars Haugen var fødd i HJELMELAND 17.4.1832.  Og her er dåpen hans i Årdal sokn av Hjelmeland:

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Årdal i Hjelmeland, Ministerialbok nr. A 5 (1816-1841), Fødte og døpte 1832, side 55.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15784&idx_id=15784&uid=ny&idx_side=-55
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070619630298.jpg

 

So, eg fryktar lagnaden til "vår" Lars framleis er like ukjend...

 

MEN, alle freistnader er framleis hjarteleg velkomne!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.