Gå til innhold
Arkivverket

Vigsle i Sarpsborg i 1902? - finn ikkje! - kan nokon hjelpa meg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Christiania fattigvesen og Landsfengselet for kvinner same stad har Margrethe Hansdotter HESS, fødd i Lærdal i Sogn 22.6.1869, hausten 1904 uttalt at ho var komi til Christiania hausten 1890 for å gå på Industriskulen. Sidan hadde ho hatt arbeid som syerske og butt ulike stader i landet, m.a. òg i Christiania, til ho i april 1901 kom til Sarpsborg for å arbeida på Glommens Industrifabrik.

 

"Medens hun var der påstår hun at hun den 13.1.1902 blev viet til svensk Sømand Olaf Johansen; denne var efter sin egen Forkl. f. 1875 i Stockholm, hun kan ikke give mer Oplysning om ham, hun boede sammen med ham i Sarpsborg til April 02 da han igjen tog tilsøes, og hun har ikke siden havt noget Kjendskab til ham."

 

Eg tolkar denne utsegni slik at vigsli må ha funne stad i Sarepsborg, men eg finn ho ikkje der, korkje i lysingsprotokollen, i den vanlege kyrkjeboki eller mellom vigde dissentarar. Kan dei ha gift seg i eitt av nabosokni?

 

I eit nytt forhør frå 1909 seier den same Margrethe at ho hausten 1901 flytte til Bergen for å vera hjå mor si den siste tidi ho levde, og at ho sommaren 1902 för attende til Christiania. Eg trur personleg meir på den første forklaringi, for då ho hausten 1904 fødde eit "uekte" barn på fødestiftingi i Christiania, er ho kalla "fråskild".

 

Eg ville setja stor pris på å få klarlagt denne vigsli og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag Aage for innlegg!

 

Då har eg prøvd både Tune og Varteig, men utan resultat. Ingen av dei stadene har noki vigsle for Olaf og Margrethe...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Heller ikkje finn eg dei i metodistkyrkja i Sarpsborg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg var også innstilt på å lete litt for deg, men jeg hadde ingen mulighet akkurat da.

Derfor nevnte jeg bare de to aktuelle kirkene i farten. Det var jo synd at du ikke fant dem der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag Aage for ny melding!

 

No har eg òg freista Gjemmen og Skjeberg (lysingsprotollen for heile prestegjeldet), men framleis utan resultat...

 

Enkelt skal det sovisst ikkje vera!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du funnet henne i FT 1900? (Jeg har prøvd, men har ikke funnet noen som kan passe.)

Hvis hun har to ulike forklaringer på hvor hun var vinteren 1901-1902 (Sarpsborg eller Bergen) må vi vel dra hennes troverdighet litt i tvil?

(I dag kan man reise mellom Østlandet og Vestlandet så ofte man vil, også om vinteren, men det var så å si umulig den gang.)

Da kan det vel hende at hun har løyet på seg giftermålet også? Eller hva tror du selv, du som "kjenner" henne litt bedre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at hun fikk et barn i Bergen i 1898 også.

Hanna Ellingsen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 4 September 1898 christening: 18 September 1898 Bergen, Bergen, Norway residence: 1898 Bergen, Bergen, Norway

  • father: Ludvig Bernhard Ellingsen
  • mother: Magrete Hansen Hess

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. B 2 (1891-1901), Fødte og døpte 1898, side 196.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-196

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...50815020716.jpg

 

Så i det andre temaet ditt at Hanna døde i 1898.

ID: hg00000000800705 Side: Løpenr.: År: 1898 Sogn/kirke: SK Begravelsesdato: 16.11 Sogn: SK Jordfestelsesdato: Merknader:

1 avdød barn, uægte Hanna Ellingsen 04.09.1898 Bergen Geble Pederseng. 19

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sjekket Fredrikstad,Halden,Berg,Askim,Onsøy,Råde,Moss ingen der.

Kanskje hun ikke ble gift....eller kan vielsen være i Oslo eller Bergen :unsure:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag Aage, Ann-Mary og Solveig for interessante innlegg! Tja, denne vigsli er tydeleg ikkje so lett å finna... Og i Bergen gifte dei seg IKKJE!

 

Når det gjeld truverdet hennar Margrethe, er det klart at eg òg set eit spørsmålsteikn ved det! Då lyt ein spørja seg: Kva FØREMON(AR) hadde ho av å ljuga på seg dette ekteskapet? Eg kan ikkje heilt forstå det!

 

Eg har heller ikkje funne Margrethe i FT1900. Ho seier i 1904 at ho hadde vore "periodar" i andre norske byar, men berre heilt kort...

 

Kanskje vil me aldri fina svar på dette spørsmålet, men eg set i alle fall stor pris på at de hjelper meg å leita!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Carsten for interessant og nyttige innlegg!

 

Eg trur at du Carsten har funne den rette Margrethe i FT1900. So då er det problemet "i boks".

 

Men so var det dette med vigsli. Som eg alt før har vore inne på, kan ein spekulera på truverdet i utsegnene hennar Margrethe. På grunn av motningane melom dei to utsegnene hennar, har eg, vel vitande om at mor hennar døydde i april 1902, ogso søkt etter vigsli både i 1901 og i 1903, i tillegg til 1902. Men når du, Sven, står utan resultat etter det grundige søket du har gjort gjennom heile fylket, då må ein berre spekulera vidare...

 

Kan dei likevel ha gift seg i Christiania?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, og kanskje borgerlig, altså hos byfogden i Kristiania? Likevel kan vigselen være innført i en kirkebok.

Jeg vet ikke hvor lenge en slik praksis eksisterte - med borgerlig vigsel innført i kirkebøker.

Men det skjedde for mine besteforeldre i 1898. De ble viet hos byfogden i Kristiania og vielsen ble innført i kirkeboka i Vestre Aker (hvor de bodde).

 

Hvis Margrethe fortsatt bodde i Pilestredet 16 i 1902, ville jeg startet letingen i Trefoldighetskirken, deretter Vår Frelsers kirke (Oslo domkirke).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.