Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Anna Emilie Pedersen, fødd i Danmark 1906 - til Saskatchewan, Canada - hjelp til å finna opphavet hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anna Emilie Walaker døydde i Melfort, Saskatchewan 26.9.1970. Nekrologen hennar fortel mellom anna:

 

"The deceased was born in Denmark {in 1906}, the daughter of the late Mr. & Mrs. Thorvold Pedersen.... Leaving Denmark the family first settled in Redvers, Sask., later moving to Calgary and still later returning to Denmark in 1932. They then return to Canada in 1950."

 

Det vert fortalt av slekti til mannen Jack Walaker, at då han i 1949/1950 var på vitjing til Oslo, trefte denne Anna våren 1950 på båten på veg attende til Saskatchewan, der Jack budde. Dei fekk ikkje born i lag.

 

Anna vart "etterlevd" av fire søsken:

 

* Magrada(!) Christensen, Denmark

 

* William Pedersen, Denmark

 

* Lars Pedersen, Denmark

 

* Oscar Pedersen, Resource, Saskatchewan

 

Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna:

 

** Nøyaktig dato og stad for fødsli til Anna Emilie Pedersen?

 

** Fulle namn på foreldri hennar, samt yrket til far hennar og fødestader for dei båe?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hun er født i Randbøl sogn i Vejle amt 28.mars 1906 av foreldrene Thorvald Emil Petersen og Dagmar Olivia Daugaard.

 

Hun reiste sammen med broren Oscar Daugaard Petersen fra København 12. april 1928 til Halifax, Nova Scotia med skipet SS Frederik VIII

 

 

http://www.sommerhus.../per00113.htm#0

 

http://www.myheritag...tion=showRecord

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Thorvald Emulius Petersen dør på pleiehjemmer i Thyregod 8/9 1954.

Gravlagt 11/9 1954 Randbøl sogns kirkegård.

 

Fvh husmand af Thyregod født i ( Sval??? ) i Valsølille sogn Sorø amt 3 august 1874.

Søn af Laurutz Ludvig Petersen og Hustru Margrethe Petersen.

Enkemand etter Dagmar Olivia som døde 12 april 1923. Gravlagt på Randbøl.

Siste felles bolig Hofsmandfeld

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Mette for imponerande og kjempeflotte innlegg! Eg må tilstå eg frykta for at dette var ein av dei huslydene som var ganske so "umogelege" å finna ut av, men de greier det aller meste!

 

So vidt eg har tolka dei opplysningane som no er komne fram, var Thorvald Emil(ius) Pedersen husmann på Dandover i Randbøl sokn, Vejle amt på Jylland, men med opphavet sitt frå Valsølille sokn i Sorø amt på Sjælland, medan kona Dagmar Olivia hadde opphavet sitt frå Rubjerg i Hjørring amt på Jylland. Det var tydeleg ein "mobil" familie, dette!

 

Då er, so vidt eg kan sjå, problemet heilt løyst! Eg er skikkeleg takknemleg!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Ser ut til det var en familie som flyttet litt rundt.

Vejle, Tørrild, Hover, Leerbæk, , 8, FT-1890, C7726

Laurits Ludvig Pedersen 41 Gift Husfader Dagleier i Agerbruget Kjøbenhavn

Margrete Pedersen 42 Gift Husmoder Hans Kone Sverrig

Torvald Emilius Pedersen 15 Ugift Barn Arbeider ved Agerbruget Valsø Lille, Sorø Amt

Otto Sophus Pedersen 11 Ugift Barn Houer Sogn, Veile Amt

Hans Peter Rasmus Pedersen 9 Ugift Barn Houer Sogn, Veile Amt

Hans Vilhelm Pedersen 6 Ugift Barn Houer Sogn, Veile Amt

Marinus Pedersen 2 Ugift Barn Houer Sogn, Veile Amt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for oppfølgjingi av huslyden til Thorvald Pedersen. Han voks altso tydeleg opp i Houer sokn i Vejle amt, ikkje so langt ifrå Randbøl! Eg har korrigert manuskriptet mitt tilsvarande!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.