Gå til innhold
Arkivverket

Anders Sørenson Ødegaard (Hafslo) & Dorthe Simonsdotter Bøe (Vang) - frå Bergen til Amerika 1879/1880 - lagnaden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet vart første gongen presentert i påsken 2007 og sidan drøfta på ny i 2010, men utan at eg fekk nokon svar i det heile. Kanskje er det sidan den gongen komme til nye lesarar av Brukarforum som har andre tankar kring problemet og som kan bidra til å finna ei løysing på floki? Eg har vore på leiting etter desse folki i over 20 år!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Sørenson Ødegaard

fødd i Hafslo 9.8.1829

gifte seg i Bergen 8.5.1870 med

 

Dorthe Simonsdotter Bøe

fødd i Vang (Valdres) 29.12.1845

 

Anders hadde vore gift før og hadde med første kona mellom anna ei dotter Marianne, som d. ugift i Bergen i 1878 (nemnd 1875, sjå nedanfor), og ein son Søren (1860-1921) som var sjukleg og som døydde som legdelem hjå ei moster i Sogndal - "intet til arv"!

 

Anders var ei tid handelsmann ("poteteshandler") i Bergen, men utvandra i 1879 til Amerika (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=5185&merk=5185#ovre), og i 1880 følgde kona Dorthe etter (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=6563&merk=6563#ovre).

 

Born i denne huslyden var mellom anna:

 

* Ole Larsson (Bøe), son av Dorthe og ein ungkar Lars Olson Aasen, var fødd i Vang 14.9.1865 og er nemnd i lag med Anders og Dorthe i FT1875, men då under namnet Ole Andersen (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=47&filnamn=f71301&gardpostnr=12648&merk=12648#ovre)!! Han kan ha utvandra, men er førebels heilt ukjend!

 

* Anton Marius Andersson (Ødegaard), fødd i Bergen 30.5.1874 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8328&idx_id=8328&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-46), utvandra til Amerika frå Bergen i 1885.

 

* Anne Severine Andersdotter (Ødegaard), f. i Bergen 2.5.1876 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8328&idx_id=8328&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-87), utvandra òg til Amerika frå Bergen i 1885.

 

* Marius Andersson (Ødegaard), tvilling, fødd i Bergen 12.5.1879 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7107&idx_id=7107&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-23), ikkje nemnd som utvandra!

 

* Ole Andersson (Ødegaard), likeins tvilling og fødd i Bergen 12.5.1879 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7107&idx_id=7107&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-23), utvandra til Amerika frå Bergen i 1885.

 

Her er utvandringi 1885 til Anton, Anna Severine og Ole (som ser ut til å ha reist heilt på eigi hand!): http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=26&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=19026&merk=19026#ovre

 

Dei tre borni er ogso oppførte på ein passasjerliste med S/S Indiana som i juni 1885 gjekk frå Liverpool til Philadelphia, PA (Ant, Anna og Ole Odegard) (http://interactive.ancestry.com/8769/PAT840_5-1053/1037096?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3frank%3d1%26new%3d1%26MSAV%3d1%26msT%3d1%26gss%3dangs-c%26gsfn%3dAnton%2b%26gsln%3dOdegaard%26msbdy%3d1874%26msbpn__ftp%3dNorway%26msbpn%3d5173%26msbpn_PInfo%3d3-%257c0%257c1652381%257c0%257c5173%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c%26msady%3d1885%26msady_x%3d1%26cpxt%3d0%26uidh%3d008%26cp%3d0%26pcat%3d40%26h%3d1037096%26recoff%3d7%26db%3dphiladelphiaPL%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d1&ssrc=&backlabel=ReturnRecord)

 

Det synest underleg at ein so stor huslyd skal kunna "forsvinna" slik i Amerika utan å setja spor etter seg, men eg har i alle fall ikkje greidd å finna dei att. Og kvar vart det av vesle Marius frå 1879? Kanskje var han òg med då dei andre tre søskeni utvandra i 1885?

 

Eg vil vera overmåte takksam for alle gode tips som kan føra til oppsporing av denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Disse har i sannhet gjemt seg sabla godt.

 

Du er sikkert klar over det, men Einar Sorenson Ødegård 1817-1903 var vel

helst en bror av Anders.

 

Einar ser ut til å ha emigrert 1870 og holdt seg i Wisconsin.

 

Anders dro muligens etter sin storebror og holdt seg kanskje i nærheten...

 

 

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=99591885

 

http://trees.ancestry.com/tree/256878/person/-2082113542/storyx/09eee8b4-3b4e-4b6f-a6d1-a24cb5d0e0e7?src=search

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Grethe for nye innlegg.

 

For å kommentera Grethe først, so var Andreas ein av sønene som Anders hadde med første kona si, men eg unnlot å nemna meir om første ekteskapet so lenge det ikkje kan bidra til å kasta ljos over problemet med å finna lagnaden til Anders og Dorthe. Derimot ville det vera svært so interessant om DØDSFALLI til den første Ole (son hennar Dorthe frå Vang) og vesle Marius (den eine tvillingen frå 1879) kunne finnast...

 

Kommentar til Jon: Jau, dette er ei stor ætt med mange emigrantar. Anders Sørenson Ødegaard (fødd 1829) var yngst av dei fem sønene til Søren Christopherson Ødegaard (1785-1853) og første kona Metta Einersdotter (Beim) (1791-1835) som voks opp. Dei andre fire var:

 

* Christopher Sørenson Ødegaard alias Christopher Sanderson (1815-1857), utvandra til Amerika i 1851 og farma i Dane Co., WI der ogso fleire av borni hans vart buande, men dei to eldste døtrene hans flytte tidleg derifrå, ei til Chicago, IL og ei til Rochester, MN.

 

* Einer Sørenson Ødegaard alias Ener Odegard (1817-1903), utvandra til Amerika i 1870 og busette seg i Buffalo Co., WI der òg borni hans vart buande.

 

* Johannes Sørenson Kjos (1823-1864) var gardbrukar på Kjos i Hafslo, men tre av sønene hans utvandra til Amerika, kan henda først til Vernon Co., WI, men kring 1881 var dei alle tre i Richland Co., ND, og der vart dei buande.

 

* Søren Lemvig Sørenson Kjos (1826-1885) var husmann under garden Kjos i Hafslo, men fleire av borni hans utvandra, eldste sonen Søren i 1880 til Dane Co., WI, men dei fleste andre til Becker og Clay Cos., MN.

 

Eg ser ikkje noko eintydig bilete av kvar Anders Sørenson kan ha busett seg. Det var nok av stader å velja mellom, men bortsett ifrå Rochester, MN kjenner eg desse settlementy@i etter måten godt, og eg har ikkje so langt sett spor etter Anders Sørenson nokon av desse stadene...

 

Men å gje opp å finna denne huslyden i Amerika har eg ikkje noko ønskje om... Kanskje dukkar det opp eitt eller anna...?

 

Ei enorm takksemd følgjer med oppklaringi av dette problemet!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Jeg fant en tråd fra sist gang du var på leting etter denne familien.

Der er det blant annet et svar om at det finnes et tre på Ancestry som sier at Anders Sørensen Ødegaard døde på Valakerøygården, Valaker (bnr 32)

http://archiver.rootsweb.ancestry.com/th/read/NORWAY/2010-09/1284778598

Har dette blitt avkreftet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kyrre Martin for siste innlegg!

 

Som du har oppdaga, har dette problemet vore drøfta ogso på den norske Rootsweb-lista, og det fleire gonger, men utan at noko har dukka opp! Om du søker på ancestry.com, ligg der fleire "family trees" som alle tydeleg byggjer på kva eg skreiv om denne huslyden i band VII av Gards- og Ættesogeserien for Luster kommune. Der vert det referert til at Anders Sørenson budde på Valakerøygarden, men IKKJE at han døydde der. For det gjorde han IKKJE!

 

Her er den nøyaktige teksten frå nemnde bok:

 

"Anders Sørenson (1829- ), var visstnok ei tid gardbrukar på Valakerøygarden, Valaker (bnr. 32) (s.d.)."

 

Når eg skriv "ei tid", so ligg det underforstått at han ikkje "hamna" der til sist, berre at han ei tid budde der, og manglande dødsår er ogso eit varsel om at dødsåret hans ikkje er funne!

 

Diverre ser me altfor ofte at opplysningar frå norske bygdebøker vert misforstått når våre amerikanske slektningar skal skriva av.

 

Du kan soleis vera 100% trygg, Kyrre Martin, på at Anders Sørenson Ødegaard utvandra og at han IKKJE døydde i Hafslo!

 

Men er det mogeleg å spora han opp i Amerika??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er sikkert helt på viddene..... Fødseldatoen er en dag og et år feil....

 

 

 

Anton Sorenson, "United States World War I Draft Registration Cards, 1917-1918"

Name: Anton Sorenson Event Type: Draft Registration Event Date: 1917-1918 Event Place: Pipestone County, Minnesota, United States Gender: Male Birth Date: 29 May 1875 Birthplace: , , Nationality: United States Affiliate Publication Title: World War I Selective Service System Draft Registration Cards Affiliate Publication Number: M1509 GS Film number: 1675774 Digital Folder Number: 005253070 Image Number: 03457

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Hjartet "jumpa" i halsen på meg då eg las dette, men diverre; det syner seg å vera feil mann. Den næraste slektningen til denne Anton var Hans Peter Sorenson "of Jasper, Pipestone Co., MN", og på WW1 draft kortet til Hans Peter, der Anton står som næraste slektning, står det at Hans var fødd i DANMARK i 1881. Anton er òg i FT1920 for Pipestone Co., MN, fødd i Danmark 1876, og dei to brørne er gravlagde i lag i Jasper, MN!

 

Kan det vera ei "ulogisk" namneendring som gjer at me ikkje finn denne huslyden i Amerika. Eg har sett namnet ØYBERG frå Lom verta endra til EIBERG i Amerika, og Mons Johnson (1876-1908) som i 1894 utvandra frå husmannsplassen Øygarden under garden Ese i Balestrand, skreiv seg for Mons IGARD i Amerika!! Kanskje lyt ein ta fantasien endå meir til hjelp for å finna lagnaden til Anderd Sørenson Ødegaard og huslyden hans i Amerika?

 

PS: So ser eg at Lars J. er komen med ei kjempeflott oppdaging i eit nytt innlegg, som kom, medan eg arbeidde med mitt! Hjarteleg takk, Lars! Det var skikkeleg bra å få dette dødsfallet på plass!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har brukt ein god del av kvelden til på ny å studera denne ætti og ulike mogelege alternativ, men det er ikkje lett!

 

Det næraste eg kjem er ein:

 

* Anton Anderson, jarnbanearbeidar i Minneapolis, MN 1910. Han er 36 år gamal, ugift, og fødd i Noreg. Han skal ha utvandra i 1884.

 

Men lite hjelper det når ein ikkje finn han i andre kjelder...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no leitt etter fleire opplysningar om denne stesonen Ole Larsson, fødd i Vang, Valdres 14.9.1865. Eg finn han ikkje konfirmert i Domkyrkja i Bergen (der huslyden budde på den tidi), og ikkje heller finn eg han aviden. Kan han òg ha "snike seg" til Amerika?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det oppdaga eit spor etter denne huslyden i Amerika, og dette kan vera vel verd å følgja opp!

 

FT1900 for Township 161 Range 89 i Ward Co., ND syner denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~

 

SORENSON, Andrew not known 1822 aged 78 mar. 30 years Nor Nor Nor em. 1881 no occ. owns house fully paid

SORENSON, Tilda Mar 1847 aged 53 mar. 30 years 9(3) ch. Nor Nor Nor em. 1881 wife

SORENSON, Anton M May 1847 aged 23 single Nor Nor Nor em. 1881 son general laborer

 

~~~~~~~~~~

 

Det er fleire avvik her, men mykje stemmer. Anders og Dorthe gifte seg i 1870, og Dorthe var mor til i alle fall sju born. Kanskje fekk ho to til etter ho kom til Amerika? Ho var jo berre 35 då ho utvandra...

 

Elles var Anders fødd 9.8.1829, medan Dorthe var fødd 29.12.1845. Sonen Anton Marius var fødd 30.5.1874.

 

MEN, eg finn dei ikkje i FT1910, og ikkje finn eg nokon av dei avlidne i North Dakota, i alle fall ikkje under namni Sorenson/Sorensen/Odegard eller Odegaard! So kvar har dei gjort av seg? Kanskje Canada? Eller vestkysten? Eller har dei endra namn til noko uattkjenneleg?

 

Dette vert spennande, og eg lever i voni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag på nasjonaldagen vår gjerne få henta fram att dette problemet som har lege ukommentert sidan desember 2013.

 

Eg har diverre ikkje fått noko fleire opplysningar frå styresmaktane i Burke Co., ND om desse folki.  Etter kva eg er vorten fortald, herjer for tidi "oljefeber" i området, og då er det ikkje nokon som har tankar for utvandringssoge!

 

Eg fann ein Ole A. Martinson i Burke Co., ND i 1910 (og seinare) som var fødd i Noreg same dagen som sonen til Anders og Dorftha, 12.5.1879, og eg la i aftes inn eit spørsmål om identifikasjon av denne Ole.  Elles har eg ingen nye opplysningar utover dei som vart attgjevne i dei tidlegare innleggi.

 

Er me nøydde til å gje opp å finna lagnaden til denne huslyden, eller finst det enno von?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So lyt eg melda at eg har "avslørt" Ole A. Martinson i Burke Co., ND som å ha utvandra frå Stange i 1882 med den ugifte mor si til Otter tail Co., MN.  Han var fødd 12.5.1879 i Stange

 

Hedmark fylke, Tangen i Stange, Ministerialbok nr. 14 (1862-1879), Fødte og døpte menn 1879, side 50.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8859&idx_id=8859&uid=ny&idx_side=-54
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070123320363.jpg

 

og har soleis same fødselsdato som "vår" Ole, men er altso ein heilt annan person!

 

Det er merkeleg kor vanskeleg det skal vera å finna att denne ætti til Anders Sørenson i Amerika!!!?

 

MEN, eg vil ikkje gje meg enno og tek framleis imot alle gode forslag med stor takksemd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter ein grundig analyse av folketeljingsmaterialet for Burke Co., ND har eg no finne ut at Andrew og Tilda Sorenson med sonen Anton i 1900 var busette i byen Bowbells, Burke Co., ND, mest sannsynleg på Washington street.  Dei var huseigarar, so eg vil tru at det finst dokumentasjon for dei i dei lokale eigedomsregisteri, men desse lyt ein undersøkja på eigi hand, og det er jo ikkje akkurat i "nabolaget" frå kvar eg held til...  Protokollane er ikkje skanna...

 

Elles er eg framleis open for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Dette vert ein siste "deperat" freistnad på å finna lagnaden til denne huslyden i Amerika!

 

Denne huslyden saknar eg:

 

~~~~~

 

Anders Sørenson (Ødegaard), fødd i Hafslo 9.8.1829 - utvandra 1879

Dorthea Simonsdotter (Bøe), fødd i Vang 29.12.1845 - utvandra 1880

borni:

* Anton Marius, fødd Bergen 30.5.1874 - utvandra 1885

* Anna Severine, fødd Bergen 2.5.1876 - utvandra 1885

* Ole, fødd Bergen 12.5.1879 - utvandra 1885

 

~~~~~

 

Denne huslyden budde i 1900 i byen Bowbells, Burke (Ward) Co., ND:

 

~~~~~

 

SORENSON, Andrew not known 1822 aged 78 mar. 30 years Nor Nor Nor em. 1881 no occ. owns house fully paid
SORENSON, Tilda Mar 1847 aged 53 mar. 30 years 9(3) ch. Nor Nor Nor em. 1881 wife
SORENSON, Anton M May 1847 aged 23 single Nor Nor Nor em. 1881 son general laborer

 

~~~~~

 

I dag har eg fått følgjande melding frå Bowbells, ND:

 

"Andrew Sorenson and his wife Tilda Sorenson sold their house in Bowbells, Ward (Burke) Co., ND to Hans Anderson"

 

Andrew og Tilda må vera flytte derifrå på same tidi, men KVAR kan dei ha gjort av seg? - Kanskje til Canada?

 

Kjempestor takksemd følgjer med alle gode tips om lagnaden til denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

??????

 

 

Mathilda Sorensen
South Dakota, State Census, 1915
Name: Mathilda Sorensen Age: 66 Birth Year (Estimated): 1849 Gender: Female Race: White Birthplace: Norway Nationality: Norwegian Marital Status: Widowed Marriage Year: 1875 Event Place: South Dakota, United States Years in State: 35 Arrival Year in State (Estimated): 1880 Years in United States: 40 Arrival Year in the United States (Estimated): 1875 Naturalized: No Religion: Lutheran Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Sheet Number: 508

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Diverre seier ikkje dette teljingsutdraget noko om KVAR i South Dakota Mathilda budde i 1915, men eg har samanlikna med andre teljingar, og det syner seg å vera ei Mathilda Sorenson i Brookings Co., SD alt so tidleg som i 1880, då gift med Soren Sorenson, men i 1900 hadde ho enkje vorti med same bustad!  Ho var der òg i 1920, men i 1930 var ho flytt til ei dotter i Pennington Co., SD.  So...., ho kan IKKJE vera vår Tilda...!

 

Det kan sjå ut til at me lyt leita etter TILDA Sorenson, men kvar kan ho ha gøymt seg???

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!  Det hadde vore kjempeflott om denne huslyden kunna finnast att i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var sønnen Anton M. født i 1877 eller i 1874 ? I Census for 1900 står det May 1877, og det finnes en Anton M. Sorenson født i 1877 i Norge i flere kilder 'over there'.

 

Her er en som sitter i fengsel i 1942. Han er født i Norge, skjemaet er ikke signert av ham selv.

Name: Anton Sorenson

Birth Date: 4 May 1877

Residence: Iron Mountain, Michigan, USA

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nytt utfordrande innlegg!

 

Anton Marius var fødd i mai 1874, men i FT1900 står mai 1877.  Kanskje visste han ikkje sjølv nøyaktig kor gamal han var?

 

Kandidaten som du Kurt har finne i "The Dickinson County Infirmery" i Iron Mountain, MI i 1942, er absolutt interessant.  Men "infirmery" er ikkje noko fengsel, snarare eit mentalsjukehus.  Eg ser han budde der ogso i 1940, då opplista som Anton Sarenson, fødd i Noreg 1877.  Der står det at han var "widowed"!  Han skal ha butt same stad i 1935, men eg finn han ikkje i 1920 eller 1930.

 

FT1910 og 1920 syner ein gift Anton Sorenson i Superior, Douglas Co., WI, men han var ifølgje WW1 draftet fødd 4.10.1877, so han er det nok ikkje...

 

Uansett, det ser ut som å vera ei ny utfordring å finna att Anton Sorenson FØR 1940 (han som då budde i Dickinson Co., MI!)!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som no har lege «i dvale» i over tre år, og som eg framleis har tru på at det kan vera mogeleg å finna ei løysing på!

 

I innlegg #19 over kom Kurt med ein interessant «kandidat» til sonen Anton Marius, og eg greidde ikkje den gongen å finna ut kvar denne Anton Sorenson hadde butt FØR han dukka opp i Iron Mountain, MI i 1940.  Kanskje det er nokon so ser ei løysing?

 

For ordens skyld vil eg gjerne få syna fram eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Sørenson Ødegaard, frå Øygard, sjå Bjørnetun øvre (bnr. 1), var f. 9.8.1829 og gifte seg første gongen 21.6.1859 med Mari Arnesdotter frå Resaland.  Ho var f. 18.10.1840.  Anders og Mari er nemnde som gardbrukarar eller paktarar på Øygarden frå kring 1859 og fram til våren 1862, og me trur det var her på Valakerøygarden dei då hadde tilhald.

Anders og Marie Ødegaard fekk i 1862 attest for å utvandra til Amerika, men flytte i staden til Bergen der Anders livnærte seg som dagarbeidar og handelsmann.  Dei budde mellom anna i Lungegaardsgaten der Marie d. 21.1.1867.  Anders gifte seg 8.5.1870 att i Bergen med Dorthe Simonsdotter frå Bøeiget i Vang, Valdres.  Ho var dotter av husmann Simon Simonson i Bøeiget og jenta Anna Olsdotter i Bøeiget og f. i Vang 29.12.1845.  Anders Ødegaard heldt fram som handelsmann, og han og Dorthe budde ulike stader i Bergen, mellom anna i Nygaardsgaten, til Anders i 1879 utvandra til Amerika.  Kona Dorthe følgde året etter, medan dei tre attlevande borni ikkje utvandra før i 1885.  Dei hadde då vore oppfostra ulike stader kring Bergen, men vart av fattigvesenet i Bergen sende til foreldri med adresse La Crosse, WI.  Me finn parfolket att i Amerika under namni Andrew og Thilda Sorenson, men

 

##### (bustaden til denne huslyden mellom 1880 og 1898?? - truleg i North eller South Dakota?)

 

men kring 1898 busette dei seg i Bowbells, Burke Co., N.D.  Der budde dei til dei i april 1902 selde stovehuset deira og flytte bort,

 

##### (kvar vart det av dei etter 1902 - dødsfalli deira?)

 

Me kjenner til elleve born etter Anders Sørenson, fem frå første ekteskapet og seks frå det andre; dessutan hadde andre kona Dorthe òg ein son frå før:

a. Metta Marie Andersdotter Ødegaard (1859-1859), f. og d. i Hafslo.

b. Søren Lemvig Andersson Ødegaard, f. i Hafslo 23.12.1860, voks opp i Bergen, men var sjukleg og flytte attende til Sogn då faren utvandra til Amerika.  Han budde ei tid hjå besteforeldri på Resa-land, men kom sidan til mosteri Malena på Nornes i Sogndal der han d. som legdelem 11.9.1921, ugift.

c. Andreas Andersson Ødegaard, f. i Hafslo 15.6.1862, d. i Bergen 13.11.1872.

d. Marianne Andersdotter Ødegaard, f. i Bergen 13.4.1865, d. i Bergen 3.9.1865.

e. Marianne Andersdotter Ødegaard, f. i Bergen 7.6.1866, d. i Bergen 25.6.1878.

f. Ole Larsson Bø, son av Dorthe og ein ungkar Lars Olson Aasen, var f. i Vang 14.9.1865, er nemnd i folketeljingi for Bergen i 1875 som Ole Anderson,

 

     ##### (lagnaden hans etter 1875?)

 

g. Anton Marius Andersson Ødegaard, f. i Bergen 19.12.1871, d. i Bergen 8.6.1872.

h. Anton Marius Andersson Ødegaard, f. i Bergen 3.5.1873, d. i Bergen 6.7.1873.

i. Anton Marius Andersson Ødegaard, kjend som Anton Sorenson, f. i Bergen 30.5.1874, var til oppfostring på Helle i Manger, men utvandra til Amerika i 1885.  Han budde i lag med foreldri sine i Bowbells, Burke Co., N.D. i 1900,

 

     ##### (lagnaden hans etter 1900?)

j. Anne Severine Andersdotter Ødegaard, truleg kjend som Anna Sorenson, f. i Bergen 2.5.1876, var til oppfostring på Morvik i Åsane, men utvandra òg til Amerika i 1885.

 

     ##### (lagnaden hennar i Amerika?)

 

k. Marius Andersson Ødegaard, tvilling, f. i Bergen 12.5.1879, var til oppfostring på Haugland på Askøy der han d. 11.4.1880.

l. Ole Andersson Ødegaard, truleg kjend som Ole Sorenson, likeins tvilling og f. i Bergen 12.5.1879, var til oppfostring på Hilland i Alversund, men utvandra til Amerika i 1885.

 

     ##### (lagnaden hans i Amerika?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Slik ser forresten huslyden ut i FT1900 for Bowbells, Burke (den gongen Ward) Co., ND:

 

SORENSON, Andrew not known 1822 aged 78 mar. 30 years Nor Nor Nor em. 1881 no occ. owns house fully paid
SORENSON, Tilda Mar 1847 aged 53 mar. 30 years 9(3) ch. Nor Nor Nor em. 1881 wife
SORENSON, Anton M May 1847 aged 23 single Nor Nor Nor em. 1881 son general laborer

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnadane til Anders Sørenson, andre kona Dortha og dei fire borni hennar som er borte som «dogg for soli»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har drive og søkt lite vetta i ein annan avisbase i Amerika, og fann ei referanse til Andrew Sorenson «of Bowbells, ND» frå 1909:

 

https://chroniclingamerica.loc.gov/lccn/sn88076095/1909-09-24/ed-1/seq-7/#date1=1886&sort=relevance&rows=20&words=Andrew+Sorenson&searchType=basic&sequence=0&index=5&state=North+Dakota&date2=1916&proxtext="Andrew+Sorenson"&y=14&x=11&dateFilterType=yearRange&page=2

 

Kona hans heitt rett nok ikkje Anna, men det KAN jo vera ein samanhang mellom denne Andrew og han me leiter etter...?  Det høyrest ut som om han ikkje henta posten sin...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.