Gå til innhold
Arkivverket

Fire søsken i Bergen fødde 1865-1879 - sesjonsrullar eller anna kjeldemateriale?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Som det går fram av eit tema i Brukarforum om Anders Sørenson Ødegaard (1829- ) frå Hafslo, utvandra han i 1879, medan kona Dorthe utvandra i 1880.

 

Dei hadde tre born i lag som voks opp:

 

* Anton Marius Andersson (Ødegaard), fødd i Bergen 30.5.1874 (http://www.arkivverk...ny&idx_side=-46).

 

* Anne Severine Andersdotter (Ødegaard), fødd i Bergen 2.5.1876 (http://www.arkivverk...ny&idx_side=-87).

 

* Ole Andersson (Ødegaard), fødd i Bergen 12.5.1879 (http://www.arkivverk...ny&idx_side=-23).

 

Dei hadde òg ein halvbror som var komen til Bergen med mor si:

 

* Ole Larsson (Bøe), son av Dorthe og ein ungkar Lars Olson Aasen, var fødd i Vang 14.9.1865 og er nemnd i lag med Anders og Dorthe i FT1875, men då under namnet Ole Andersen (http://digitalarkive...merk=12648#ovre)!!

 

Dei tre borni utvandra i lag, tydeleg åleine(?), i 1885: http://digitalarkive...merk=19026#ovre

 

og her på ein passasjerliste med S/S Indiana som i juni 1885 gjekk frå Liverpool (via Cork?) til Philadelphia, PA (Ant, Anna og Ole Odegard) (http://interactive.a...el=ReturnRecord)

 

* Finst det sesjonsrullar eller andre mannskapsrullar i Bergen der desse gutane er nemnde?

 

* Eg er forundra over at dei tre borni ser ut til å ha reist heilt åleine. Kan dei ha vore under formyndarskap eller "utplasserte" ein eller annan stad etter at foreldri hadde utvandra? Finst det dokumentasjon for slike tilhøve? Dei kan då ikkje berre vera reiste ifrå borni sine?

 

Eg takkar so mykje for hjelpi med dette problemet! Eg vonar å komma på spor etter lagnaden deira i Amerika...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sesjonsrullene ble satt opp på grunnlag av konfirmasjonsrullene, og er ført da det unge mannskapet var 21-22 år gamle. Her ser det ut til at de utvandret i alder 8-10 år, altså lenge før konfirmasjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Yngve for interessant svar!

 

Dei tre yngste borni er det soleis ikkje noko meir å finna ut om i Bergen(?), men halvbroren Ole Larsson ("Andersen") "bør" vel ha levd i Bergen ogso ETTER han vart konfirmert? Eg finn berre ikkje konfirmasjonen hans...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei Lars!

 

Hvis du tar en titt i databasen for fattigmantall for Bergen 1864-1895, så finner du de tre Ødegaard-barna. De bodde hos fosterforeldre ulike steder (Manger, Åsane og Alversund). Merknad: 16/5-1885: "Sendte til Forældrene i LaCrosse i Wisconsin"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linn-Therese for praktfullt og imponerande innlegg! Ingen hadde vel tenkt på den kjelda! No har me fått ei stadfesting av at borni reiste "på eige hand", og me veit at foreldri på den tidi budde i La Crosse, WI! Der skal det vera mogeleg å finna dei att!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.