Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Henrik Hillersøy

Sara Elisabeth Absalonsdtr. Balchen, Flora/Reksta

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Sara vart fødd ca 1680 på Vereide. Ho var frå gjestgjevar- og handelsmanns-slekt på Korsvika ved Vereide. I 1720 gifta ho seg med Anders Desideriusson Foss og vart busett på Flora (Kinn pr.gj., seinare Flora Kommune)til ca 1721. Då flytta familien til Ytre Reksta (Kinn pr.gj.). Anders sin tippoldefar var truleg biskop Anders Foss i Bergen. Sara og Anders fekk truleg 4 born: Desiderius, Anders, Mette og Jørund.

Lurer på om det går an å finne ut Sara og Mette (f. 1713) sin videre lagnad etter 1721. Anders døydde i 1759 og hverken Sara eller Mette er nemnde i skiftet etter han.

 

Mvh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Kandidat til Mette? gift i Kinn i 1751, med Einer Andersen. Et par med samme navn får flere barn i Bergen, Einer står der i noen tilfeller som Einer Andersen Foss Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1751, side 214.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverk...y&idx_side=-201

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70510610275.jpg

 

Se bort fra denne, hvis hun var født i 1713 var hun trolig for gammel, hun jeg nevnte over fikk barn så sent som i 1770.

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Vi hadde ein lang debatt om denne gjengen på det gamle forumet i 2009.

 

Kanskje det er noko spennande der? (Eg har ikkje hatt tid til å lese gjennom)

 

http://forum.arkivve.../page__hl__foss

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Mange takk for anstrengelsen og linken!

 

Mvh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Ja der var det mange gode innlegg Egil! Dette er vel eit tilbakelagt tema for deg då kanskje, men du skriv i innlegg 18:

 

"Eg har sett litt på denne Sara som var mor til Absalon. Ho og Anders vart gift 12. jan. 1710 på Floren. [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=vi14371689&gardpostnr=45&personpostnr=90&merk=90#ovre>Lenke. Denne Sara er ikkje den same som seinare var mor til Mette, så Anders var truleg gift to ganger, men eg har ikkje funne det andre ekteskapet.Eg har lett etter alternativ til fedre til Sara i MT 1701. Frå gardar i noværande Bremanger, som Sara må være komen frå, finn eg berre ein med passeleg alder (Sara må vel være født omkring 1680)."

 

Det kan vel være at du har rett i at Mette ikkje er dotter til Sara og Anders, men korleis fant du ut det? Var Anders gift med to stk. Sara?

 

Mvh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Tja, den var ikkje så enkel å ta igjen. Eg har leita etter opplysningar som kan ha gitt meg den ideen, men eg har ikkje funne noko fornuftig. Det næraste eg finn ut, er at eg kan ha blitt lurt av kyrkjeboka. På desse tider blei kyrkjeboka i Kinn ført gard for gard, og ikkje etter dato.

 

Av ein eller annan grunn, er Mette sin dåp ført under Malene Berentsdtr sin gard på Indre Reksten.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 1 (1689-1729), Kronologisk liste 1689-1729, side 20.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11531&idx_id=11531&uid=ny&idx_side=-21

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509690585.jpg

 

Det kan hende at eg har blitt lurt av denne, og trudd at Anders kan ha gifta seg med Malene? Truleg er det vel snakk om ei feilføring i kyrkjeboka.

 

mvh Egil

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Det er lenge sidan eg og forska på denne slekta, men eg tok det opp att no sidan det var eit par opplysningar eg mangla.

 

Malene var etter det eg fann ut då, gift to gonger; med Olav (Hansson?) og Bjørn Jensson Lam. Kvifor Mette sin dåp vart ført under Indre Reksta, veit eg ikkje. Det kan rett og slett vere feil ja. På side 342 i soga og Flora er nemnt to søner av Malene; Jacob Olavson og Berendt Bjørnson (KF 1701).

 

Men det kan ha vore ein viss slektskap mellom Foss-slekta og Malene B. I alle fall er dei nemnt som felles fadrar (soga om Flora, s 343). Om det har hatt noko å seie for føringa i krk. boka er uvisst.

Det kan vere at det var Malene og Sara som var i slekt. Eg ser at Joleik nemner Malene som Malene Balchen (s. 343). Kanskje var dei syskjenborn? Eller Malene var tante til Sara?

 

Mvh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, Malene var tanta til Sara.

 

Det er eit lite problem at Desiderius er fødd 1709 og Anders/Sara er gifte 1710 (ikkje 1720 som det står i fyrste innlegg). Han er ikkje nemnd som uekte, men det var kanskje ikkje så nøye på den tida, i alle fall ikkje om foreldra var litt "oppe på stigen".

 

Malene Berentsdtr er kanskje nemnd som "adresse" - kan paret ha budd hos henne?

 

Teorien om ei seinare Sara ser eg ikkje noko hold i.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Var Malene opprinneleg frå Vereide ho også då?

 

Eg trur du har fleire gode poeng her Aase. Kanskje budde Anders og Sara og borna på Indre Reksta då. Kanskje flytta dei så tidleg som 1713 til Reksta (yngste sonen Jørund er døpt der i 1722 og då var dei i alle fall flytta). Det var vel ein eldre bror av Anders, Jacob, som overtok "Foss-garden" på Flora etter faren. Og 1720-årstalet er sjølvsagt feil ja.

 

 

Mvh Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Malene var dotter til Berent Balchen - om ho "var frå Vereide" er ikkje så godt å seie! I dei mange trådane om Vereide/Balchen-slekter har vi vist at Berent si kone Malene Vereide ikkje var mor til nokon av borna hans; dei hadde born på kvar sin kant, og ekteskapet har truleg vore eit kortvarig forretningsmessig forhold, kanskje for å gjere opp noko gjeld, kven veit? Dei vart i alle fall skilde då Berent var heller brutal av seg. Kven som var mor til borna hans har vi ikkje greidd å finne ut, og vi veit heller ikkje kvar dei var fødde. Dei mange nettsidene som plasserer alle særkullsborna deira i eit felles ekteskap må ein sjå bort frå.

 

Har du dokumentasjon på at Anders og Jakob var brør? Eg vil svært gjerne at dei skal vere det, men SÅ enkelt er det ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Ja, eg har vel vore borti desse trådane eg og, men det er ei stund sidan.

 

Den einaste "dokumentasjonen" er vel KFT 1701 for Flora. Der står Jacob (23), Anders (19) og Lars (16) som søner til Desiderius.

Telling for 1704 (vernepliktige?) for Flora nemner dei same sønene, og alle tre budde heime hos faren. Det kan vel tyde på at dei i alle fall var halvbrør, om ikkje heilbrør.

 

På s. 211 i soga om Flora har Joleik skrive: 1710 brv. (det hasta) Anders Desideriusson og Sare Akslunsdotter Balchen. Kan "(det hasta)" tale for at Desiderius var son deira og at dei fekk hastverk med å gifte seg? Desiderius vart døypt 8/9 1709 og Anders og Sara vart gift 12/1 1710.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, dette burde vel vere god nok dokumentasjon - føresett at det ikkje er fleire Desideriusar i området. Denne Lars - er han kanskje identisk med "Lars Floren" som er svigerson til arvelatar Gjertrud Andersdtr Eimhjellen i 1744, gift med dottera Helga?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Godt spørsmål! :-)

 

Det var vel 4-5 Lars'ar utanom Lars Desideriusson på Flora på den tida. To kan kanskje vere aktuelle:

 

- Ein Lars Pålson vart gift med ei Helga Larsdtr. ca 1730 (hennar andre ekteskap) Dei vart seinare busett på øya Skorpa i Kinn pr.gj. Veit ikkje kor denne Helga kom frå.

- Ein Lars smed er nemnd for å ha skuld (midten av 1700-talet). RETTELSE: NÅR EG SER NÆRARE ETTER VAR HAN GIFT MED MARTE ANDERSDTR. SÅ HAN ER IKKJE AKTUELL

 

(Ein Lars Kasparson vart gift 1712 med Kari Olavsdtr. (frå Kjelkenes))

 

 

 

Ut frå KFT var det ingen andre Desiderius'ar på Flora i alle fall.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk - Lars Pålson er ein svært god kandidat til mitt bruk, fordi eg veit at Helga Larsdtr etterlet seg m.a. ein son Pål. Men no skal eg ikkje blande mine problem inn i din tråd, så dette får eg studere meir på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Berre kjekt å hjelpe!

 

Men stemmer det med det du veit om Helga at ho var gift før med Hans Andersson, død 1729,(frå Havikbotn ved Flora) og hadde borna Anders, Anders, Brite og Johanne med han? Busett Flora då.

 

Eg har meir om Helga og Lars sine born om det skulle vere interessant. Kan sende på PM (hvis eg får det til).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg finn at Helga Larsdtr var gift med Hans Andersson ja, men ho er ikkje mor til alle borna hans. Det framgår av skiftet at i alle fall sonen Anders den eldre er etter fyrste kona (Magnhild Kristofferdtr gift 1714?) - fordi det blir omtala arven etter hans salige moder i skiftet. Om det er tilfelle med dei andre borna og veit eg ikkje, fordi eg berre har skumma gjennom skiftet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Det stemmer nok ja! Magnhild og Hans vart gift 1714 ja.

 

Så det er den rette Helga vi snakker om her altså, dotter til Gjertrud Andersdtr. Eimhjellen? Det synes no eg er litt interessant også då! Kva heitte mannen til Gjertrud meier enn Lars?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

Hei, folkens!

 

Denne tråden har blitt litt innvikla, men eg vender tilbake til utgangspunktet til Torbjørn.

 

Sidan Sara Absalonsdotter ikkje er nemnd i skiftet etter Anders Desideriusson i 1759, må ho vel ha vore død før han.

 

Skiftet nemner tre søner: Desiderius, Absalon og Jørgen.

 

Desiderius Andersson var gift med Susanne Jonasdotter og budde i Alden i Askvoll.

Absalon Andersson var gift med Katrine Mortensdotter og budde på Indre Reksta.

Jørgen (Jørund hos Albert Joleik) var gift med Kornilske Kristensdotter og budde på Indre Reksta.

 

Den Mette Andersdotter (Foss) som gifta seg med Einar Andersson (Foss) i 1751, var dotter av Anders Mattisson (Foss) og Rakel Johannesdotter i Valvika, skifte etter Rakel i 1763. Anders Mattisson var son av Mattis Endresson (frå Indre Reksta) og Susanne Andersdotter (Foss) på Hammarset. Susanne var dotter av Anders Nilsson (Foss) på Flora i ekteskapet med Karen Knutsdotter.

 

Einar Andersson var son av Anders Nilsson og Susanne Larsdotter (Foss) i Nedre Standalen. Susanne Larsdotter var dotter av Lars Olsson og Dorte Andersdotter (Foss) på Storøya. Dorte var dotter av Anders Nilsson (Foss) på Flora, ukjend mor.

 

Einar og Mette var altså halvtremenningar.

 

Einar og Mette var ei tid busette i Merkesvika i Askvoll, men Einar blei seinare vertshusmann i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Interessant! Denne Karnilske Kristendtr - kan ho vere identisk med Karnilske Kristendtr Wittrup frå Gloppen, f.1717? Ho er ukjend for meg etter 1737.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

takk for mange nye opplysningar om Foss-slekta Torodd! Då er Mette sin lagnad fortsatt ukjend!

 

Anders NiLsson var gift to gonger ja. Eg har forska litt på borna hans og kome fram til dette:

 

Marite (ca.1635-1688) g. m. Lars Larsson Flora. Busett Flora.

Desiderius (ca.1637-1707) Busett Flora.

Nils (1645-ca.1715) g. m. Karen Eliasdtr. Nevermand. Busett Furesundet.

 

 

Susanne (ca.1656-1737) g. 2 gonger. Sjå Hammerset.

Dorte (ca. 1660-1706) g. m. Lars Olavson Storøy. Busett Storøy (Stavøya).

 

Ut frå det eg har kome fram til var Karen mor til dei to yngste, eller dei tre yngste. Men det kan vere eg tek feil. Ho er fødd ca 1627-1630.

Karen var for øvrig dotter til Alis Tollaksdtr. og Knut Jonson Batalden, han lensmann faktisk. Han og faren er dei einaste lensmennene fra Batalden så vidt eg veit!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

Interessant! Denne Karnilske Kristendtr - kan ho vere identisk med Karnilske Kristendtr Wittrup frå Gloppen, f.1717? Ho er ukjend for meg etter 1737.

 

Det er godt mogleg, Aase! Eg har prøvd å finne opphavet til K(o/a)rnilske, utan hell.

 

Elles: Er dette ekteskapet til den relevante Absalon Berentsson Balchen?

 

http://digitalarkivet.no//cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=1007&merk=1007#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Jacob Desideriusson Foss (ca.1678-) vart gift med Anne Didriksdtr. Wittrup frå Gloppen. Så det er vel ikkje utenkjeleg Aase.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

takk for mange nye opplysningar om Foss-slekta Torodd! Då er Mette sin lagnad fortsatt ukjend!

 

Anders NiLsson var gift to gonger ja. Eg har forska litt på borna hans og kome fram til dette:

 

Marite (ca.1635-1688) g. m. Lars Larsson Flora. Busett Flora.

Desiderius (ca.1637-1707) Busett Flora.

Nils (1645-ca.1715) g. m. Karen Eliasdtr. Nevermand. Busett Furesundet.

 

 

Susanne (ca.1656-1737) g. 2 gonger. Sjå Hammerset.

Dorte (ca. 1660-1706) g. m. Lars Olavson Storøy. Busett Storøy (Stavøya).

 

Ut frå det eg har kome fram til var Karen mor til dei to yngste, eller dei tre yngste. Men det kan vere eg tek feil. Ho er fødd ca 1627-1630.

Karen var for øvrig dotter til Alis Tollaksdtr. og Knut Jonson Batalden, han lensmann faktisk. Han og faren er dei einaste lensmennene fra Batalden så vidt eg veit!

 

Ja, Anders Desideriusson hadde ei dotter Mette, og ho må vel ha døydd utan arvingar før skiftet etter faren. I det digitale dåpsregisteret står det ikkje dåpsår for Mette, men det må ha vore seinast 1704, sidan ei seinare innførsle er frå det året.

 

Av skiftet etter Ales Tollaksdotter (enkje etter Knut Batalden) på Hammarset i 1697 går det fram at hennar avdøde dotter Karen Knutsdotter hadde berre ei dotter, Susanne Andersdotter Hammarset. Så eg trur Dorte Andersdotter Storøy må vere frå det tidlegare ekteskapet til Anders Nilsson med ukjend kvinne (Susanne, kanskje? berre gjetting!).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Svært interessant Torodd!

Sara var kanskje altså fødd i Bergen. Men finn ho ikkje i den søkbare databasen over døypte i Bergen. Om ho vart fødd og vaks opp i Korsvika på Vereide er då usikkert, men det kan ho ha gjort dersom Absalon vart gjestgjevar der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Han du funne noko fødselsår på Dorte, Torodd! Eller alder nemnt? Eg har av ein eller annan grunn ført opp ca 1660. Hugsar ikkje i farten kor eg har det i frå. Om det er nokon lunde rett, så må ho vere frå eit seinare ekteskap til Anders Nilsson. Altså at han var gift tre gonger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.