Gå til innhold
Arkivverket

Sara Elisabeth Absalonsdtr. Balchen, Flora/Reksta


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Ingen problem Aase! :-) Eg seier berre at samanfallande opplysningar som oftast er rette, dersom mange kjem fram til det same (det er ein del samanfallande opplysningar), vel og merke dersom dei ikkje kopierer kvarandre. Eg tek den sida eg viser til med ei stor klype salt, men det kan vel allikevel åpne opp for idear som er verdt å undersøke nærare. Om Berendt budde på Vereide eller i Bergen, og om Absalon vaks opp på Vereide eller Bergen, f.eks. Og om Sara vart fødd der eller der. Veit ikkje om det er mogleg å finne det ut. Det kan sjølvsagt hende du har rett i at Berendt var pendlar. :-)

 

Finnes det protokoller over handelsborgarar i Bergen som kan gje meir info?

 

Var Korsvika ein eigen gard på Vereide? Finner ikkje den under prestemanntalet i 1664 http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/35521/84/?size=big&mode=0

 

Så var det vel ein skattematrikkel i 1647? http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=skattsognogfjordane1647&sideid=148&storleik=

Men eeg veit ikkje om Korsvika var eigen gard eller høyrde under Vereide.

 

Mitt hovedspørsmål var for øvrig om det er mogleg å finne ut når Sara Absalonsdtr. døydde. Dessutan er det kjekt å vete kor ho vart fødd. Og ellers ynskjer eg alle opplysningar om hennar born velkommen.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 58
  • Opprettet
  • Siste svar

Topp bidragsytere i dette emnet

  • Aase R Sæther - Gloppen

    13

  • Egil Russøy

    7

  • Torodd Kinn

    9

  • Torbjørn Henrik Hillersøy

    28

Absalon Brendtson er ikkje å finne blant dei som betaler koppskatt i Bergen i 1675. Det betyr vel at han ikkje hadde fast bupel der.

 

Derimot finn eg ein Berendt Janssen Norfiord og kone som betaler koppskatt i Bergen i 1645. At han er nemnt med Norfiord kan kanskje bety at det ikkje var lenge sidan han flytta frå Nordfjord?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

- som er eit hint om at "langpendlar"-teorien min kan vere rett.

 

Det kan den vere Aase! Men det spørs då kva ein skal legge i ordet pendlar. Kor ofte han pendla. At han er nemnt som Berendt Jansson Norfiord er vel og ein indikasjon på at han har meir tilknytning til Norfjord enn at han berre var pendlar dit av og til? (forutsett at det rett Berendt i koppskattmanntalet då)

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har knurra mange gonger over at denne Berent ikkje kunne lagt litt tydelegare spor etter seg. Han kunne t.d. hamna i rettssak med den fyrste kona si òg - så hadde vi fått vite kven ho var!

 

Men ei av retningslinene eg har når eg studerer på desse gamle folka, er at vi må gløyme dagens målestokkar når vi held på 3-400 år bak i tida. Det fanst t.d. ikkje ei folkeregister-adresse der du skulle opphalde deg mesteparten av tida; nei, du kunne vere borgar i Bergen, gjestgjevar i Korsvika, og gjerne noko heilt anna, samtidig. Du var alt i ein gong, og slapp å melde flytting hit og dit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Minner berre om det som kjem fram i den før omtalte debatten frå i vår: Det er bevart ei avskrift av ei avtale mellom soknepresten Thomas Gilbertsen Thamson og Bernt Jansen Balchen Residerende udj Nordfiord i Gloppen fordum borger i Bergen. (Norske innlegg, 4. juni 1683, Riksarkivet). Denne avtalen var dagsett i Bergen 17. mai 1670, og indikerer nok at Gloppen var den primære opphaldsstaden på dette tidspunktet.

 

Mange av dei såkalla utliggjarborgarane hadde nok tilgang på hus i byen av både praktiske og sosiale årsaker, og heile eller delar av familien kan ha opphalde seg der i lange periodar. Borgarleg verksemd var under byens jurisdiksjon og borgaren ville derfor ofte ha ærend der. Ein skal likevel vere varsam med å tolke oppføring i skattelister frå byen som eit uttrykk for at utliggjarborgaren faktisk budde der meir eller mindre fast, eller manglande oppføring som eit uttrykk for at han ikkje hadde hus eller eigedom der. Langpendlar var ei fiffig og god samanlikning, Aase!

 

Mange vil sikkert ha glede av å lese Yngve Nedrebøs tekst om strok- og hushistorie i Bergen. Her blir mellom anna koppskattemanntalet frå 1645 drøfta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for interessant innlegg Lars! Det ser vel ut til at vi ikkje kjem så mykje lenger i å stadfeste kor Berendt budde når. Bortsett frå at han då kanskje budde mest i Gloppen som "pensjonist".

Det same gjeld vel også sonen Absalon. Vanskeleg å stadfeste noko, men at han kanskje hadde Bergen som primær opphaldstad frå 1680-åra (1679?).

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi veit i alle fall at skilsmisse-saka mellom Malene og Berent i 1667 gjekk i Bergen, men det hadde ho vel gjort uansett kvar på Vestlandet dei budde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.