Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Haakon Ragnvald Schanke Nielsen (1885-1962) gift i Christiania 1908/1909 med Alma Ingvaldine Lerum (1886-1963) - vigselsdatoen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med dette parfolket:

 

Haakon Ragnvald, sidan kjend som Haakon Schanke Nielsen, son av Peder Nielsen, var fødd på Laksevåg (Askøy) 11.12.1885. Han gjekk i unge år i gullsmedlære i Bergen, då han "sette barn" på Alma Ingvaldine Lerum, dotter av Kristen Gjertson Lerum og fødd på Dale i Bruvik 6.2.1886.

 

Ifølgje ein soneson skjedde so dette: Då Haakon vart kjend med at Alma venta barn, flykta han til Christiania, men Alma følgde etter han dit, og dei skal ha gift seg der, i 1908 eller 1909, for so å flytta attende til Bergen. Son deira, Edgar Nielsen, var fødd (truleg i Bergen) 12.5.1909.

 

Haakon og Alma flytte frå kvarandre kring 1924 og vart skilde kring 1938. Haakon gifte seg att hjå byfogden i Bergen 7.5.1949 med Svanhild Aamodt Landsvik.

 

* Er det mogeleg å finna nøyaktig dato og stad for vigsli til Haakon og Alma i Christiania?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for avklarande innlegg kring denne huslyden. Her ser me at Haakon og Alma var gifte på den tidi som sonen var fødd, og dei var attende i Bergen i 1910. Denne vigsli bør nok finst i Christiania i 1908 eller 1909...

 

Tenk om vigslene i Christiania hadde vore databaseregistrerte slik dei mellom anna er i Bergen...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflotte opplysningar! Vigsli er funni, og problemet er med dette løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.