Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Johnson og Guri Olsdotter - frå Grov i Hafslo til Bergen 1740-åri - lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgangspunkt i tema #78707 frå det gamle brukarforum og overskriften er den same som den gongen, men teksten er noko revidert og oppgradert:

 

Hans Johnson Grov, fødd i Hafslo kring 1707, gifte seg i Hafslo 20.10.1726 med ei Guri Olsdotter som me ikkje kjenner, korkje opphav eller alder til. Hans og Guri dreiv eit bruk i Grov i Solvorn sokn i Hafslo i lag med foreldri hans og budde framleis på garden i 1742, men flytte sidan til Bergen.

 

Me veit at Hans døydde FØR 1762, og han kan godt vera identisk med ein Hans Johnson som Grethe Flood fann då emnet var oppe til drøfting førre gongen som gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 22.3.1762!?

 

Om Guri har me ikkje fleire opplysningar, men me veit om to born etter dei:

 

a. Ole Hansson, døypt i Hafslo 15.12.1726, som døydde barnlaus før 1762, og

 

b. Inga Hansdotter, døypt i Hafslo 3.9.1730, som levde ugift i Bergen i 1763.

 

* Er det mogeleg å stadfesta at denne Hans Johnson som døydde i 1762, verkeleg er "vår" Hans?

 

* Er det mogeleg å finna eit dødsfall for denne Guri Olsdotter/Johnsen i Bergen?

 

* Er det mogeleg å finna fleire detaljar om dei to borni Ole og Inga, særleg om Inga, i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg sende inn spørsmål til Statsarkivet i Bergen om skifte etter Hans Johnsen frå Bergen 1762 og har fått svar: http://forum.arkivverket.no/topic/188944-skifte-i-bergen-1762/page__gopid__1600004#entry1600004

 

Statsarkivar Nedrebø fann to alternativ, men ingen av dei synest høva med "min" Hans, so då er me "back to square #1". Eg har diverre enno ikkje oppdaga kjelda for dei opplysningane eg har om dødsfallet hans Hans Johnsen og lagnadane til dei to borni hans, men det må vera eit skifte etter ei tante eller eit søskenbarn på morssida hans... Eg skal leita vidare...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg funne att kjelda til opplysningane mine om Hans Johnson og dotteri Inger! Det er skiftet som 18.5.1762 vart registrert på garden Skjesvold i Vågå etter Marit Olsdotter Skjesvold, ei moster av Hans Johnson! http://arkivverket.no/URN:sk_read/25158/759/

 

Marit hadde ikkje born. Ho hadde før vore gift med gardbrukar Knut Skjesvold i Vågå og sidan (vigde i Vågå 19.7.1753) med Thore Johnson frå Holen, busette på søndre Skjesvold. Skiftet er omfattande, men sluttar at Martha hadde desse søskeni:

 

* Knut Olson Fodnes, som var avliden og let etter seg fem born:

 

** Anders Knutson Fodnes, paktar av Prestegarden i Lærdal

 

** Guri Knutsdotter, busett i Årdal

 

** Martha Knutsdotter, busett i Årdal

 

** Margrethe Knutsdotter, busett i Årdal

 

** Anna Knutsdotter, gift i Bergen by

 

* Gro Olsdotter, som var avlidi og let etter seg frå første ekteskapet med Christen Saue i Sogn og i andre ekteskap med Sjur Flammer (usikre gardsnamn!) i Sogn:

 

** Maren Christensdotter, ogso avlidi, men let etter seg tre "levande born":

 

*** Ole Thomasson, tener som artillerismed ved det Bergenske artilleri

 

*** Johannes Thomasson, blokkedreiar, òg busett i Bergen

 

*** Guri Thomasdotter, gift med Ingebrigt og busett i indre Sogn

 

** Margrethe Siversdotter, gift med Torsten Einersen og busett i Sandviken i Bergen

 

* Ingeborg (ogso kalla Inger) Olsdotter er avlidi, hadde vore gift med John Hansson i Sogn, let etter seg ein son:

 

** Hans Johnson, som budde i Bergen, men var avliden og let etter seg ei dotter:

 

*** Inger Hansdotter, ugift tenestejente hjå Dankert Krohn i Bergen (1763).

 

Det vart 12.3.1740 halde skifte på Hauge i Lærdal etter ei anna barnlaus søster, Kari Olsdotter (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24136/182/), og der kjem denne søskenflokken fram:

 

* Knut Olson Fodnes

 

* Gro Olsdotter, avlidi, let etter seg to døtrer:

 

** Maren Sjursdotter gift med Thomas Clemetson i Årdal

 

** Margrethe Sjursdotter gift med Torsten Einerson i Amla

 

* Martha Olsdotter, gift med Knut Skjesvold i Gudbrandsdalen

 

* Gunnhild Olsdotter, gift med Isak Andersson i Haugen

 

* Inga Olsdotter, avlidi, let etter seg ein son:

 

** Hans Grov i Solvorn.

 

Etter desse skifti kan me slutta følgande:

 

A. Hans Johnson og Guri Olsdotter flytte frå Grov i Hafslo til Bergen etter 1740, og Hans døydde før 1762/1763

 

B. Inger Hansdotter var ugift i 1763 og tente då hjå Dankert Krohn i Bergen

 

So er me attende til dei opphavlege spørsmåli:

 

* Opplysningar om lagnaden til Hans Johnson og kona Guri, gravferdsdatoar?

 

* Opplysningar om lagnaden til borni Ole og Inga?

 

Eg lever i voni om at einkvan kan greia hjelpa meg løysa i alle fall noko av dette problemet...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Som eg so vidt var inne på i førre innlegg et mitt, tente Inger Hansdotter i 1763 hjå Dankert Krohn i Bergen. Ho var fødd i 1730 og var framleisnugift i 1763. Eg kan ikkje finna nokon høvande Inger Hansdotter mellom vigde i Bergen men i dødsfallsprotkollen finn eg denne:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=34&filnamn=bedo1668&gardpostnr=61315&merk=61315#ovre

 

Denne Inger Hansdotter var 76 år då ho døydde i 1806, som er nøyaktig år i høve til fødsli til "vår" Inger, men eg ser ho ikkje i 1801-teljingi... Og det er vel ikkje so lett å prova korkje det eine eller det andre her...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Eg sende inn spørsmål til Statsarkivet i Bergen om skifte etter Hans Johnsen frå Bergen 1762 og har fått svar: http://forum.arkivverket.no/topic/188944-skifte-i-bergen-1762/page__gopid__1600004#entry1600004

 

Statsarkivae Nedrebø fann to alternativ, men ingen av dei synest høva med "min" Hans, so då er me "back to square #1". Eg har diverre enno ikkje oppdaga kjelda for dei opplysningane eg har om dødsfallet hans Hans Johnsen og lagnadane til dei to borni hans, men det må vera eit skifte etter ei tante eller eit søskenbarn på morssida hans... Eg skal leita vidare...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Kva då med denne karen, Hans Jonsen, som er avliden i Bergen den 6/6 1755?

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=56&filnamn=bedo1668&gardpostnr=2238&merk=2238#ovre

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt spennande innlegg!

 

Jau, eg såg denne Hans Jonsen Morchmann då eg "pløyde gjennom" listene for gravlagde i Bergen, men eg fekk ikkje namnet til å stemma. På hi sida kan ein jo spørra seg: kva tyder namnet Morchmann? Kanskje er det ei "forvanska" yrkesnemning?

 

Eg vil leggja han til i kandidatlsta for Statsarkivet i Bergen!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Hjarteleg takk til Terje for nytt spennande innlegg!

 

Jau, eg såg denne Hans Jonsen Morchmann då eg "pløyde gjennom" listene for gravlagde i Bergen, men eg fekk ikkje namnet til å stemma. På hi sida kan ein jo spørra seg: kva tyder namnet Morchmann? Kanskje er det ei "forvanska" yrkesnemning?

 

Eg vil leggja han til i kandidatlsta for Statsarkivet i Bergen!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

... Som du kanskje skjønar så tenkte eg i dei same banar, altså at 'Morchmann' er ein yrkestittel eller eit kallenamn som i dette høvet er påhengt etternamnet/ patronymikonet hans, sjølvsagt då for å skilja nett _denne_ Hans Jonsen frå andre Hans Jo(h)nsen. Vonar du får eit avklarande svar frå statsarkivet. :)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I dødsfallsinnførselen for Inger Hansen fra 1806, står det fattig lik. Jeg sjekket derfor listen over fattige i Bergen 1800 i gamle DA og fant denne:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=76&filnamn=FATTIGE&gardpostnr=99&merk=99#ovre

 

Har ingen garanti for at dette er en og samme dame pga avvik i alder.....

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser også at den Inger du fant, hadde adresse 18-74 og så vidt jeg kan se, er det Haukelandssmuget i DK:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=99&filnamn=bgrodem&gardpostnr=2150&merk=2150#ovre

 

http://www.bergen.folkebibl.no/lokalhistorie/folketelling.html

 

Hun som sto på fattiglista 1800 tilhørte 16. rode, og vet ikke helt om dette tilsvarer adressen eller er en inndeling iht fattigvesenet.

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Særleg var eg glad for at du fann denne Inger Hansdotter i fattigmanntalet frå 1800, som seier ho var fødd i Sogn! Eg har ikkje funne ho gift i Bergen, og eg trur det er store sjuansar for at det er den same jenta. Om det var ho som døydde i 1806, veit eg framleis ikkje... Uansett, ho er ikkje å sjå i 1801!

 

Hmm, ikkje so lett å vera sikker i denne saki...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det har vore fleire innlegg i Arkivforumm om denne huslyden, og problemet kring Hans og Guri er vel på det næraste løyst!

 

Det vart halde skifte etter Guri Olsdotter "frå Nøstet" i 1751, og ho vart gravlagd på St. Jørgen 15.6.1751. Når det gjeld Hans Johnson, er eg komen fram til at det mest truleg er han som vart gravlagd på St. Jørgen 19.5.1763. Det er den einaste Hans Johnson avliden i Bergen mellom 1751 og 1763 som ikkje er identifisert gjennom skifte og som attpåtil vart gravlagd på St. Jørgen!

 

Med omsyn til sonen Ole, so er det i Bergen ogso berre eit "godt" alternativ, Ole Hansson gravlagd på St. Jørgen 17.11.1753. Inger Hansdotter, som er nemnd i fattigmanntalet 1800, er fødd i Sogn kring 1733 og hadde butt i Bergen "i 60 år" og MÅ vel vera identisk med "vår" Inger. Eg trur det er ho som døydde i 1806.

 

Det kan med andre ord ikkje påsynast etterkomarar etter denne huslyden i dag.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.