Gå til innhold
Arkivverket

Håvar Henrikson i Gloppen og Bergen 1720-1730 - same mann?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg er stadig på leiting etter opphavet lagnaden til personar som er fødde i Gloppen eller har vore innom her.

 

Denne gongen er utgangspunktet min eigen gard, der Ågåte Rasmusdtr Ryssdal var fødd. Ho gifte seg i Gloppen i 1724 med Håvar Henrikson Grov. Ved trulovinga like før er han kalla Håvar ENDRESON.

 

Dette er einaste gongen desse to er nemnde i kyrkjeboka for Gloppen, før Ågåte Rasmusdtr Ryssdal blir gravlagd i 1764, angiveleg 84 år gammal. Ho er då enkje, og har etter dette vore midt på 40-talet då ho gifte seg.

 

I kveld sit eg og leikar meg med det nye søkesystemet på DA, og finn då fram til ein interessant fadder ved ein dåp i Domkyrkjesoknet i Bergen - der er Hover Henricssøn ein av fadrane då paret Jon Rasmusson og Kirsten Olsdtr har sonen Johannes til dåpen i 1729. (Namna på dei andre fadrane er Siri Torsdtr, Birte Larsdtr, Jon Nilsson og Anders Andersson).

 

Kan dette vere same mannen? Er det nokon som har opplysningar om han?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom eg invoverer namnet frå trulovinga, Håvar Endreson, finn eg nokre fleire fadderskapar, og eit dødsfall i Domkyrkjesoknet i 1742. Kanskje kan det finnast skifte etter denne mannen, men det er så vidt eg kan sjå ikkje register i den skifteprotokollen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.