Gå til innhold
Arkivverket
Sigmund Steinsbø

MR Haram, Gjerset: Ane Marta Jonsdatter f. 1782.

Recommended Posts

Sigmund Steinsbø

Hei

 

I fylgje bygdeboka for Haram, blir det fødd ei jente i 1782, på Jogarden, Gjerset i Haram. Ho er dotter til Jon Audunson d.e., Jogarden, Gjerset, Haram, f. 1748 d. 1827 og kona Synnøve Olsdtr. Alvestad, Haram, f. 1748 d. 1815.

 

I fylgje bygdeboka lagnaden hennar ukjend. Er det nokon som veit kvar ho vart av…? Er det nokre som kjenner Askvoll i Sogn, og veit om ho kan ha enda opp her..?

Endret av Sigmund Steinsbø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Hov

Tror ikke det. Jeg har henne som død på Rørvik i Vigra 5-1-1856 og gift 1824 med enkemannen Anders Olsen Synnes fra Vigra 1778-1852. De hadde en datter ifølge bygdeboka for Vigra ,Marie Severine Oline Andersdatter Rørvik født 21-4-1825 død 10-4-1879. Hun ble gift i 1843 med Bernt Teodorus Bernardus Pedersen Roald 1818-1871 fra Vigra. De bodde også på Rørvik og de hadde 12 barn sammen.

mvh Erik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigmund Steinsbø

Hei Erik,

 

Tusen takk for svar. Det var vel ikkje som eg hadde håpa på...

 

Men då har du kanskje også informasjon om etterkomarane til Marie Severine Oline og Bernt Teodorus Bernardus Pedersen og da..?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Erik Hov

Joda jeg har noen etterkommere etter dem. Mange av de 12 barna døde tidlig og noen døde unge. Hvertfall 2 hadde barn igjen.

Er du i slekt med disse? Hvor kommer Askvoll inn i dette? er det noen med samme navnet der eller noe sånt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigmund Steinsbø

Joda jeg har noen etterkommere etter dem. Mange av de 12 barna døde tidlig og noen døde unge. Hvertfall 2 hadde barn igjen.

Er du i slekt med disse? Hvor kommer Askvoll inn i dette? er det noen med samme navnet der eller noe sånt?

 

Førebels må eg nøye meg med å seie eg har ein relasjon til desse folka. Eg er i slekt med etterkomarane etter brordotter til Ane Martha, eller mannen til brordottera. Kva side slektskapen er på, veit eg ikkje enno. Eg prøver å finne dette ved hjelp av DNA testar.

Sidan bygdeboka skriv at lagnaden til Ane Marta var ukjend, styrka dette sannsynet for at eg ætta frå henne. Akkurat no er det likevel mykje som skal klaffe om dette skal vera rett.

 

Sjølv bur eg i Sunnhordland, og har funne dei fleste anane mine langt tilbake i tid, bortsett frå eit tippoldepar til far min. Faktisk er dette i den paternale linja.

 

Det var ein lengre diskusjon om dette paret her på forumet førre vinter, noko som resulterte i at eg fann ut av kven tipp-tippoldefar min var.

 

Lenkje:

http://forum.arkivve...jordane-i-1823/

 

Dette paret fødde ein gut i 1823, på garden Heggebø i Hyllestad i Sogn. Då skriv presten at dei hadde opphelde seg dei 5 siste åra i Askvoll. Namnet på kona blir oppgjeve til «Martha», og det står ein kommentar i kyrkjeboka at faderane visste ikkje kven far til mora var. Barnet var oppgitt som ektefødd, men noko viksel har ein ikkje funne, så dette kan vera feil. Samstundes verkar som om korkje mor eller far har vore til stades under dåpen.

 

For eit halvt år sidan fekk eg ein e-post frå USA, der dei hadde fått DNA treff på meg og på eine faster mi. Eg har DNA testa meg sjølv, ein farbror og to tanter på farssida. Denne norskamerikanaren som fekk treff på meg, har den norske delen av slekta si frå Ålesundskanten, og sidan eg ikkje har kjend slekt der nord, ser eg det som mogeleg at det er herfrå tipp-tipp oldemora mi kjem. Men mykje testing står att.

 

Brordottera til Ane Martha heiter Marie Petrine Olsdtr, f. 1822 d. 1882. Ho var gift med Jakob Olaus Jakobson Ålesund, f. 1816 d. 1898, så i første omgang leitar eg etter etterkomarar med færrast generasjonar etter søskena deira med, for å kunne finne ut kor eg slektar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.