Gå til innhold
Arkivverket

Kvar er fødsli til Mons Schanke Bjørnetun - Nes, Romerike 1918?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppdatering av {http://forum.arkivverket.no/topic/172106-wilken-bjoernethun-1890-1971-gift-paa-hamar-1917-sidan-til-oslo-huslyden-hansfraa-hafslo-til-hamar/?hl=%2Bbj%C3%B8rnethun#entry1473028}

 

Ifølgje vigselprotokollen for byfuten i Oslo (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=50967&idx_id=50967&uid=ny&idx_side=-72) vart det 19.6.1948 feira bryllaup mellom Mons Schanke Bjørnetun og Haldis Marie Olsen.

Brudgomen er oppgjevan vera fødd i Nes på Romerike 23.10.1918, MEN har er ikkje nemnd i fødselsregisteret for Nes i Akershus!

Ikkje heller finn eg der søsteri Borghild Jenny, som skal vera fødd 7.5.1920, uvisst kvar,

Foreldri til desse søskeni var:

Wilken Monsson Bjørnethun frå Hafslo i Sogn og Thora Marie Kristiansdotter Kolostuen frå Ringsaker. Dette parfolket gifte seg på Hamar 14.11.1917 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1501&idx_id=1501&uid=ny&idx_side=-42), og Wilken var på den tidi paktar på garden Tønset, truleg Tønset i Vang eller Tønset i Løiten(?).

Wilken og Thora flytte på eitt eller anna tidspunkt til Oslo, men eg veit ikkje kva tid! Kanskje adressebøkene kan hjelpa oss der...?

Er det mogeleg, utifrå desse opplysningane. finna ut:

* Rett fødestad for Mons Schanke Bjørnetun?

* Rett fødestad for søsteri Borghild Jenny Bjørnethun?

* Kvar budde Wilken og Thora FØR dei flytte til Oslo, og kva år (om lag) flytte dei dit?

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gnr: 123, Bnr: 3, Fnr: 0, Snr: 18questionmark.png

Solgt for kr. 0 questionmark.png

 

Gnr 123, bnr 3, seksjon 18 er overdradd fra Mons Schanke Bjørnetun til Anne Bjørnetun og Berit Bjørnetun (12.10.1998)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

W. Bjørntun dukker opp i Adresseboka i 1934, i Ebbels gate 3:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1934-1934, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 56. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49266/238/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061111149405.jpg

 

Mons Schanke Bjørnethun blir konfirmert i Jakob Kirke 14. mai 1933:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Jacob, Ministerialbok nr. 9 (1924-1983), Konfirmerte 1933, side 51.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=38816&idx_id=38816&uid=ny&idx_side=-56
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10041112010058.jpg

 

Ved konfirmasjon er Mons oppgitt å være døpt i Fenstad, Nes. Men skannet kirkebok der går bare til 1918, samt at det mangler sider på slutten av 1918....

 

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Fenstad i Nes, Ministerialbok nr. Ab 0002 (1883-1918), filmingsplakater 0, side 129.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=746&idx_id=746&uid=ny&idx_side=-133
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060209020908.jpg

 

 

Mvh Bente

 

Endret av Bente L. Skjager
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Bente for interessante innlegg!

 

Det er spennande å sjå at Mons Schanke var fødd i Fenstad sokn i Nes, til tross for at han ikkje er nemnd i fødselsprotokollen!  Merkeleg!

 

Elles kan det sjå ut som om huslyden er flytt til Oslo først på 1930-talet...

 

Kan henda lyt eg ta ein telefon til Romerike (prestekontoret) for å få fleire opplysningar...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag vore so heldig at eg har funne ein slektning av denne huslyden som kunne bidra med svar på det meste:

 

* Mons Schanke Bjørnetun skal vera fødd på garden Grinkelsrud i Nes på Romerike!

 

* Borghild Jenny Bjørnethun skal vera fødd på Ottestad (Stange)!

 

(ingen av desse finn eg innførte i kyrkjebøkene for Nes eller Stange!)

 

* Huslyden skal ha butt på Atlungstad i Stange, men flytte kring 1933 til Oslo der Wilken mellom anna arbeidde som privatbilførar.

 

Det hadde vore kjekt med ei stadfesting av fødestadene til dei to søskeni, men dette er vel vanskeleg å finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdebok I for Nes s. 411 er Wilken M Bjørnethun fra Sogn nevnt som eier av Søgarn Grinkelsrud g.nr. 30 b.nr 2  fra 1918 til 1920

I Norske Skolefolk b.1 1952 er en lærer ved navn Mogens Skanke Bjørnethun f 25/4 1898 i Hafslo omtalt. Han var g.m. Klara Hompland. De hadde en sønn . Kan det være Wilken? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdebok I for Nes s. 411 er Wilken M Bjørnethun fra Sogn nevnt som eier av Søgarn Grinkelsrud g.nr. 30 b.nr 2  fra 1918 til 1920

I Norske Skolefolk b.1 1952 er en lærer ved navn Mogens Skanke Bjørnethun f 25/4 1898 i Hafslo omtalt. Han var g.m. Klara Hompland. Kan det være broren Wilken?  Ei søster og lærerinne , Kristina Bjørnethun f 10/10 1896 er også omtalt. Foreldrene deres var bonde Mons Kristensen Bjørnethun  og Jørgine fra Hafslo (Solvorn ?).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Magne og Lars Ove for nye spennande innlegg!

 

Då har me nøyaktig tid for denne huslyden si tid på Grinkelsrud i Nes.  Elles stemmer dette med søskeni, men det store problemet er at det var svært lite kontakt mellom søskeni, for ikkje å tala om søskenborni i den neste generasjonen...  Men no tek etter kvart brikkane til å falla på plass...  Gudskjelov!

 

Brita Fraas er ogso frå Hafslo og er i slekt til Bjørnetun, men lenger ute...  Brita har eg spora opp før!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et søskenpar fra samme område tilhører trolig samme familie. Brita Bjørnetun f. 22/9 1897 fra Solvorn tok lærereksamen ved Stord lærerskole i 1919 og tjenestegjorde ved flere skoler i Flå i Hallingdal der hun ble gift med Knut Jorde. Hun hadde ei yngre søster, Anna som av og til besøkte henne i Flå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.