Gå til innhold
Arkivverket
Steinar Edvardsen

Att: Lars E. Øyane, Bønn om hjelp til en gammel sak

Recommended Posts

Steinar Edvardsen

Hei Lars

 

Viser til din gamle sak om Johannes Johannessen 

http://forum.arkivverket.no/topic/99025-13173-johannes-johannessen-f-1831-paa-tang-hafslo-til-flakstadbuksnes-lagnad/

 

Johannes Johannessen var min tipp tipp oldefar (Johannes Johannessen - Kristian Anton Schønning Johansen - Magda Josefine Rudi født Johansen - Aslaug Kaspara Enevoldsen født Rudi, min bestemor)

 

Jeg er derfor veldig interessert i å høre om du fikk løst alle manglene i saken den gangen.

Særlig gjelder dette døds -dato  og -sted. 

Men jeg lurte også på om du kan spore meg i riktig retning når det gjelder Johannes Johannessens forfedre.

 

På forhånd takk!

 

mvh

Steinar Edvardsen

Endret av Steinar Edvardsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Steinar Edvardsen

Noen andre som vet noe om denne mannen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mariann Stokken

Fekk du svar frå Lars E Øyane? Dersom ikkje, send han ei pm.

 

Lukke til!    :-)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Steinar Edvardsen

Nei, jeg har ikke fått noe svar ennå.

Prøvde å sende ham en PM før jeg posta her, men fikk beskjed om at han ikke kunne ta i mot flere PMs.

 

Oppdaga forresten at jeg hadde oversett døds-datoene i den arkiverte saka. Men er fortsatt veldig interessert i forfedrene! :) 

Endret av Steinar Edvardsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=35&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=6591&personpostnr=6591#nedre

 

Foreldre er oppgitt til å være Johannes Johannessen og Ingeborg Johannesdatter

 

 

 

Neste ledd bakover blir vel:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=61&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=1218&merk=1218#ovre

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Steinar Edvardsen

Mange takk Sven! :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg har vore noko "indisponert" dei siste dagane og har ikkje sett denne saki før no i kveld!

 

Johannes Johannesson frå Tang i Hafslo (1831-1897) og huslyden hans er omskrivne i band IX i Gards- og Ættesoga for Luster (utkom i 2012).  Eg fekk den gongen med stort sett alt eg hadde behov for av opplysningar, bortsett ifrå to detaljar:

 

* Dødsdatoen i Buksnes (1937) for enkja etter Jens Johannessen (1864-1900), Hilda Olea?

 

* Dødsdato og -stad for enkja etter Johan Johannessen (1871-1900), Elen frå Stangvik?

 

Her er teksten som vart prenta om Johannes og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~

 

 2. Johannes Johannesson, d.e., f. 25.1.1831,

Johannes Johannesson flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Flakstad 14.11.1859 med Anna Elisabeth Jensdotter frå Krystad i Flakstad.  Ho var dotter av fiskar og innerst Jens Knutson på Krystad og kona Abelona Hansdotter, likeins frå Krystad og f. i Flakstad 9.12.1833.  Johannes var fiskar, og han og Anna var nokre år innerstfolk på Vigten og sidan på Myrland, båe i Flakstad, men flytte i 1864 til Vik i Buksnes der dei budde som plassfolk til dei kring 1877 busette seg som plassfolk på Opdøl i Buksnes.  Anna d. som husmannskone på Opdøl 2.7.1889, medan Johannes d. som husmann same staden 31.12.1897.  Dei fekk sju born i lag:

a. Ingeborg Marie Johannessen, f. i Flakstad 5.4.1860, d. i Flakstad 15.3.1863.

b. Anna Marie Johannessen, f. i Flakstad 5.4.1863, d. i Flakstad 16.4.1863.

c. Jens Martinus Krantz Johannessen, f. i Flakstad 5.6.1864, d. etter eit ulukkeshende på Ofotbanen 18.11.1900.  Han gifte seg i Buksnes 13.11.1891 med Hilda Olea Jentoft Hansen, f. på Reppe i Buksnes 1.10.1863.  Ho d. i Buksnes i 1937.  Jens og Hilda var i fleire år plassfolk på Vold i Buksnes, men flytte kring 1899 til Ankenes der Jens livnærte seg som jarnbanearbeidar.  Som enkje flytte Hilda attende til Buksnes der ho 14.10.1909 gifte seg att med enkjemannen Johan Kristian, kjend som Kristian Jeremiassen, opphavleg frå Røtte i Sparbu, f. på Tuftne i Sparbu 10.7.1858.  Han miste livet under fiske ved Balstad i Buksnes 11.5.1916.  Kristian var gardbrukar og fiskar og budde på Sund i Buksnes.  Hilda fekk i alt fire søner, som alle var frå første ekteskapet med Jens, medan andre mannen Kristian hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

d. Kristian Anton Schøning Johannessen, kjend som Kristian Johansen, f. i Buksnes 15.6.1867, d. i Narvik 16.7.1944.  Kristian gifte seg i Buksnes 28.12.1888 med Christine Albertine Bruun Fredriksen, f. på Haug i Buksnes 3.1.1867.  Ho d. i Narvik 12.5.1945.  Kristian og Christine var i fleire år plassfolk på Opdøl i Buksnes, men flytte kring 1899 til Ankenes og sidan til Narvik der Kristian var jarnbanearbeidar.  Dei fekk åtte born i lag.

e. Johan Christian Rhode Johannessen, f. i Buksnes 4.5.1871, d. etter eit ulukkeshende på Ofotbanen 15.11.1900.  Johan gifte seg i Øye sokn i Surnadal 8.7.1894 med Elen Johannesdotter Strømsvåg, f. på Stangvik ytre i Stangvik 3.6.1864.  Johan var jarnbanearbeidar, og han og Elen budde i Ankenes, men som enkje flytte Elen til Kristiansund der ho livnærte seg som hushaldar.  Ho levde der i 1910, men den seinare lagnaden hennar er førebels ukjend.  Johan og Elen fekk ei dotter i lag.

f. Rakel Johanne Eline Marie Johannessen, f. i Buksnes 25.12.1873, d. som gardbrukarkone på Sund i Buksnes 17.8.1906.  Ho gifte seg i Buksnes 5.7.1900 med Rasmus Johan Berg Olsen, f. på Vevik under Sund i Buksnes 23.3.1872.  Han d. i Buksnes 20.5.1955.  Rasmus var fiskar, og han og Rakel var gardbrukarar på Sund i Buksnes.  Dei fekk to søner i lag.

g. Albertine Jensine Lie Johannessen, f. i Buksnes 29.7.1878, d. på Opdøl i Buksnes 22.4.1881.

 

~~~~~~~~~

 

Forfedrane kan enkelt følgjast attende gjennom bygdebøkene for Luster.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Steinar Edvardsen

Mange takk Lars! :)

Endret av Steinar Edvardsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.