Gå til innhold
Arkivverket
Sven Hjortland

Anna Olsdatter Kolsætter - Vigd 07.06.1773 i Hafslo - Foreldre?

Recommended Posts

Sven Hjortland

Anna Olsdatter Kolsætter giftet seg 07.06.1773 i Hafslo med Johannes Olsen Jordanger.

Hvor kommer hun fra og hvem er foreldrene? 

 

Kan det være Kollsete nord for Sogndal hun kommer fra?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eli Randmo

Det vert fødd ei Anna Olsdotter på Kollsete i Sogndal i 1755. http://tinyurl.com/686ydgs

 

Foreldra Ola Sakariasson Vikheim og Margreta Bårdsdotter Skjeldestad gifte seg i 1748: http://tinyurl.com/686ydgs

 

Kollsete var husmannsplass under Ormalseng i Sogndal. Margreta Bårdsdotter døydde i 1755 og det vert halde skifte etter henne 16.10.1755:  http://tinyurl.com/686ydgs

 

Er det same Ola Sakariasson som gifter seg på nytt i 1755 ? http://tinyurl.com/686ydgs

 

Skifte etter Ola Sakariasson, busett i Sogndalsfjøra 20.11.1782: http://tinyurl.com/686ydgs
Som ein ser hadde Ola Sakariasson dottera Anna. Ho er død, men mannen Johannes Olson Solvi på Hafslo er formyndar for dei tre borna hennar Ola 10 år, Margreta 6 og Brita 4.

 

Med vennleg helsing

Eli Randmo

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Tusen takk! Da kommer jeg et lite stykke videre :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei Sven!

 

Nok ei sak som eg ikkje har oppdaga før no.

 

Her er kva eg har skrive under garden Solvi i band X av Gards- og Ættesoga for Luster (utkomi 2013):

 

~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Olson Solvi, ein søsterson hennar Britha Mathiasdotter, men sjølv frå nedre Jørongo, vart døypt 1.12.1737 og vart gravlagd frå Solvi 22.3.1796.  Han gifte seg første gongen i Hafslo 7.6.1773 med Anna Olsdotter, ei brordotter av Anders Zachariasson, men opphavleg frå Ormelseng i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Ole Zachariasson på Kolsete under Ormelseng, opphavleg frå Vikeim i Sogndal, og kona Margretha Baardsdotter frå Skjeldestad og vart døypt i Sogndal 16.7.1755, men voks opp her på Solvi.  Anna d. på Solvi alt våren 1779, og Johannes gifte seg 28.10.1779 att med Martha Knutsdotter frå nedre Jørongo.  Ho vart døypt 2.3.1743 og vart gravlagd frå Jørongo 20.2.1814.  Ho vart som enkje attgift med gardbrukar og enkjemann Christen Nilsson på nedre Jørongo (1744-1823) og flytte attende dit.  Johannes fekk 17.6.1773 bygslebrev på garden hjå Anders Zachariasson mot kår, og 14.4.1776 fekk han skøyte.  Johannes dreiv sidan garden levetiti ut.  Han fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til litt hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.