Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Ei floke frå Gloppen - (Indre) Henden og Eikenes

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg hentar fram dette frå det gamle forumet:

 

"Eg likar å prøve å rydde opp i meir eller mindre openberre feil i bygdeboka vår, og strevar no med følgjande floke - tek gjerne imot hjelp.

Ved manntalet i 1701 finn eg Ole Jonsen på Indre Henden, 13 år gammal. Lenke

I 1710 er der eit skifte på Eikenes der attsitjande enkje, Agnete Andersdtr, har born i alderen 2 til 19 år. Lenke Ho bør dermed vere ein stad i 40-åra, noko som stemmer godt med dødsfallet i 1743, der ho er oppgjeven å vere 78 år Lenke (langt nede lengst ti høgre).

Ei enkje med gard er eit godt gifte, så i 1714 finn vi denne innførsla Lenke Brudgommen er berre kalla Ole Jonsen Henden, men bygdebokforfattaren har gått ut frå at det er han frå manntalet som kjem inn her, og det høyrest rimeleg ut så langt.

Mellom anna er Ole Jonsen Egenes fadder for Jon Jonsen Indre-Henden sitt barn her i 1717 (siste innførsle før november) Lenke

Problemet oppstår i 1718, då Ole Jonsen Indre-Henden har barnet Gjertrud til dåpen, innførsel nr 3 ovanfrå Lenke

Han får også Jon i 1720 Lenke Mikkel i 1721 Lenke ny Gjertrud i 1723 Lenke Ole i 1726 Lenke og seinare også Ingeborg i 1730 og Mari i 1734, utan at noka mor er nemnt. Agnete er i alle fall uaktuell på grunn av alderen, samtidig som vi veit ho lever. Er her fleire Ole Jonsen Henden? Har han skilt seg??

Sit nokon med fasiten her? "

 

Eg har ikkje arbeidd med dette på ei stund, men av og til tek eg ei økt og prøver å plassere lausrivne personar som eg har i basen min. Og då er det eg finn at ein Ola Jonson Eikenes er forlovar på Eikenes i 1718 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-46 - og fadder på Hestenes i 1739 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11425&idx_id=11425&uid=ny&idx_side=-2.

 

For meg blir det dermed endå meir sannsynleg at vi har med ulike personar å gjere - ein Ola Jonson som gifter seg til Eikenes og blir buande der, og ein som buset seg i Hennane og får born med ei namnlaus kone.

 

Er det nokon som har noko å bidra med, blir eg glad. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dette blir sikkert ein samtale med meg sjølv, men i tilfelle nokon følgjer med: Eg konkluderer med at Ola Jonson Henden som gifter seg med Agnete Andersdtr Eikenes i 1714 ikkje er den same som Ola Jonsson Indre-Henden som får born frå 1718.

 

Dersom ein ser på denne sida vil ein sjå begge personane i ein gong: Ola Jonson Eikenes er fadder på Eikenes, og få linjer nedanfor døyper Ola Jonson Indre Henden eit barn.

 

Men samtidig ser eg at det er samband mellom familiane: Ola Jonson Eikenes er fadder på eit av borna til Jon Jonson Indre Henden, som er bror til Ola Jonson Indre Henden - og her er Agnete Andersdtr Eikenes fadder på eit anna av borna til Jon Jonson Indre Henden!

 

Kan vi t.d. ha med to brør med same namn å gjere - Ola og Ola? Eg får studere litt til. Og kva heiter mora til Ola Jonson Indre-Henden sine born?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Der trur eg jammen eg fann kona på Indre Henden! Eg gjekk gjennom kategorier "kven er dette" i basen min, og fann enkja Inger Mikkelsdtr Indre Henden, død 77 år gammal i 1768.

 

Ola Jonson Indre Henden har fyrst sonen Jon, deretter sonen Mikkel. Mikkel reiser seinare til Bergen, og får ei dotter Inger...

 

Kvar ho har opphavet sitt veit eg ikkje - endå.

Endret av Aase R Sæther

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Endå meir snakk med meg sjølv:

 

Eg har antyda tidlegare at Ola Jonson Eikenes kan vere ein bror av Ola Jonsen Indre Henden. Men ser ein på alderen på ektefellene vil eg heller tippe på at den eldre er onkel til den yngre. Eg har ikkje noko konkret belegg for det, men ut frå fadderskap er det grunn til å tru at der er eit slekts-samband mellom dei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.