Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder (1777) og Knut (1779) Larssøner frå Kjelda i Solvorn, Hafslo, vart foreldrelause i 1785 - kvar vart det av dei? - Årdal? - Gulen? - Bergen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Knutson (1746-1784) og kona Anna Paulsdotter (1748-1785) var leiglendingsfolk på garden Kjelda i Solvorn, Hafslo i Sogn.  Då dei båe døydde i 1784/1785, let det etter seg to søner:

 

* Peder Larsson, døypt i Hafslo 12.7.1777, vart visstnok konfirmert i Hafslo i 1794 (16 år gamal) og budde då på Urnes.

 

* Knut Larsson, døypt i Hafslo 25.8.1779, finst ikkje som konfirmant i Hafslo, men er truleg identisk med den Knut Larsson (23 år gamal) som i 1801 tente på Hovland i Årdal.

 

Det var fjorden som batt desse bustadane isaman den gongen; Urnes ligg rett over fjorden frå Solvorn, medan Hovland i Årdal ligg rundt neset noko lenger ute.  Urnes var den gongen ein del av Årdal skipreide.

 

Men kvar er det so vorte av desse gutane?

 

Eg ser ikkje nokon gode "kandidatar" for Peder Larsson i 1801, men eg finn ein Knut Larsson som 10.11.1809 gifte seg i Gulen med ei Anna Ottesdotter.  Desse busette seg visstnok på Øvre Oppedal i Gulen,  Det var ikkje nokon Knut Larsson i Gulen i 1801, so kanskje er han komen innante?

 

Eller kan dei ha hamna i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no greidd å løysa dette problemet.

 

Det var fleire personar med namnet Peder Larsson fødde innanfor eit kort tidsrom i Hafslo, men ein var til overs, og det må ha vore den Peder Larsson det her var spørsmål etter!  Han vart konfirmert frå Urnes i Hafslo i 1794 og døydde same staden i 1796!

 

Knut Larsson på Hovland i Årdal syner seg vera avliden i Årdal i 1803, ugift.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.