Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lydia Kristansen (f. 1880) og Karl Olsen (f. 1878) - to søsken frå Hadsel busette i Bodø - lagnadane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Nilsson (1841-1933) og kona Anna Maria Andersdotter (1849-1904) budde på Lekang i Hadsel og fekk i alt åtte born.  To av desse budde 1910 i Bodø:

 

* Karl Oluf OLSEN, fødd i Hadsel 26.5.1878, gifte seg i Hadsel 30.6.1904 med Maria Ivara KARLSEN, fødd på Haug i Hadsel 28.4.1883.  Dei budde 1910 i Bodø der Karl er nemnd sjukepleiar.  Fire born er nemnde:

 

** Thorval Andreas, fødd i Hadsel 4.6.1904

 

** Olaf, fødd i Bodø 8.5.1906

 

** Karl Edvin, fødd i Bodø 4.2.1908

 

** Kirsten Marie, fødd i Bodø 21.1.1910

 

* Lydia Kirstine OLSEN, fødd i Hadsel 20.9.1880, gifte seg i Bodø 16.8.1908 med Hans Peder Magnusson KRISTIANSEN, fødd på Steilo i Hadsel 27.3.1888.  Dei budde 1910 i Bodø der Hans er nemnd verftssmed.  Tre born er nemnde:

 

** Ottar Andreas, fødd i Bodø 2.6.1908

 

** Ingvald Magnus, fødd i Bodø 9.9.1909

 

** Hedvig Lovise, fødd i Bodø 3.11.1910

 

Er det nokon med kompetanse på Bodø-ætter som kan hjelpa meg finna svari på desse spørsmåli:

 

++ Dato og stad for dødsfalli til Karl og Maria OLSEN og Lydia og Hans KRISTANSEN?

 

++ Seinare yrke (og eventuelle bustader) for Karl OLSEN og Hans KRISTIANSEN?

 

++ Og kor mange born fekk kvart av desse pari? - Kan henda lyt me ha kontakt med etterkomarar for å finna svar på fleire av desse spørsmåli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Karl Oluf Olsen døde 3.3.1930 i Bodø, han var da gift Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Klokkerbok nr. 801C11 (1920-1934), Døde og begravede 1930, side 107.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2826&idx_id=2826&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-23
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050329030111.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Marie Ivara Olsen, nummer 1:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A18 (1916-1930), Døde og begravede 1918, side 108.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=59848&idx_id=59848&uid=ny&idx_side=-99
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081208064100.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. og Sven for kjempeflotte innlegg!  Då er dødsfalli til Karl og Maria komne til rette, men eg oppdaga at Karl var GIFT då han døydde, so eg gjekk gjennom kyrkjeboki for Bodin, og eg fann at Karl 26.4.1924 gifte seg att (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=59850&idx_id=59850&uid=ny&idx_side=-216) med Helga Marie Kaspersen frå Steigen, fødd 7.4.1889.  Ho finn eg hjå DIS-Noreg som avlidi 11.4.1972 og gravlagd i Bodø!

 

Med dei nyoppdaga dødsdatoane for Karl Olsen og båe konene hans, kan det tenkjast det finst lokale aviser frå Bodø der DØDSANNONSER vart prenta?

 

Elles manglar me framleis fleire detaljar om Lydia og Hans Kristiansen...

 

Nok ein gong ein kjempetakk for hjelpi so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kanskje litt på siden av hva du spør om, men fant dette: 

 

** Ottar Andreas, fødd i Bodø 2.6.1908

ble gift i Domkirken i Bergen i 1933:

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. D 6 (1921-1937), Ekteviede 1933, side 186. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=273&idx_id=273&uid=ny&idx_side=-191
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050425020402.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og nyttig innlegg!  Eg ser at kona Inger Cecilie Kristiansen døydde so seint som i 2006 og ligg gravlagd på Eidsvåg i Bergen.  Her burde det vera mogeleg å komma i kontakt med nolevande etterkomarar som kan supplera med interessante tilleggsopplysningar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i kveld snakka med ein son av Ottar og Inger Kristiansen.  Diverre var det ikkje mykje han visste, men det finst andre etterkomarar, so eg trur dette problemet etter kvar skal løysa seg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

Hei!
 

Lydia og Hans Peder har også datteren Kristine Marie, født 10.10.1912:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A11 (1900-1916), Fødte og døpte 1913, side 156.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2824&idx_id=2824&uid=ny&idx_side=-160

 

 

Samt sønnen Sven, født 3.3.1914:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A11 (1900-1916), Fødte og døpte 1915, side 194.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2824&idx_id=2824&uid=ny&idx_side=-200

 

 

Kanskje han som er gravlagt i Stokkmarknes?

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2767381

 

 

Lydia og Hans får også en datter, Nelly, født 4.5.1916:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A11 (1900-1916), Fødte og døpte 1916, side 203.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2824&idx_id=2824&uid=ny&idx_side=-209

 

Kanskje hun som er gravlagt i Hadsel?

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=2154029

 

Har sjekket døpte i Bodø t.o.m. 1919.

 

 

Mvh Bente

 

Endret av Bente L. Skjager

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

Kan se ut til at Lydia og Hans Peder flyttet tilbake til Hadsel!

 

Ottar Andreas, konfirmert i Hadsel 17.6.1923, nr 5:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A15 (1911-1929), Konfirmerte 1923, side 122.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39692&idx_id=39692&uid=ny&idx_side=-125

 

Ingvald Magnus konfirmert i Hadsel 27.7.1924, nr 26:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A15 (1911-1929), Konfirmerte 1924, side 130.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39692&idx_id=39692&uid=ny&idx_side=-133

 

Hedvik Lovise, konfirmert i Hadsel 21.6.1925, nr 28:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A15 (1911-1929), Konfirmerte 1925, side 134.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39692&idx_id=39692&uid=ny&idx_side=-137

 

Kristine Marie, konfirmert i Hadsel 19.6.1927, nr 32:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A15 (1911-1929), Konfirmerte 1927, side 148.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39692&idx_id=39692&uid=ny&idx_side=-151

 

Svein, konfirmert i Hadsel 16.6.1929, nr 22:

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A15 (1911-1929), Konfirmerte 1929, side 161.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39692&idx_id=39692&uid=ny&idx_side=-164

 

 

 

 

 

 

Endret av Bente L. Skjager

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente for nye flotte innlegg!

 

Sonesonen til Lydia, som eg snakka med i aftes, kunne stadfesta at Lydia og Hans flytte attende til Stokmarknes i Hadsel, og i dag har eg snakka med den eldste sonen etter Ottar, som stadfesta det same.  Ingen av dei hadde nokon gong møtt besteforeldri sine, men dei fortalte båe at to søstrer av Ottar, den eine var Hedvig, hadde vore gift og busett i Göteborg i Sverige.

 

Svein Kristiansen budde på Stokmarknes, so han er ganske sikkert mannen som ligg gravlagd der i lag med kona Liv:

 

Svein Kristiansen 3.3.1914 - 4.12.1969

Liv Kristiansen 30.8.1915 - 24.1.2004

 

Eg har no freista ringja fleire av dei som heiter Kristiansen på Stokmarknes i dag, men finn so langt diverre ikkje nokon som kjenner til denne Kristiansen-huslyden...  Kanskje lyt eg freista prestekontoret?  Eller har nokon andre forslag?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg tok et søk på gravsatta i Göteborg og fikk treff på denne damen:

 

Andersson, Hedvig Lovise

Född: 1910-11-03 :: Avliden: 1983-03-24 :: Gravsatt: 1983-05-30
Hemort: Härlanda
Stampens kyrkogård   Kvarter: 006  Gravplats: 01706
Gravplatsnummer: 12006 01706
Gravrättstid: 1983-05-25 - 2030-12-31

 

Lenken (hvis den funker): 

http://graven.gbg.svenskakyrkan.se/?page=GBG_VisaGrav&media=&ID=2101100&LOPNR=61431&hist_PageNo=1&hist_FOR_NAMN=Hedvig&hist_PERS_NR=1910&hist_FNAMN_SELTYPE=S&hist_ENAMN_SELTYPE=S&hist_ORDER_BY=Namn&hist_ORDER_DIRECTION=ASCENDING

 

Hun er gravlagt sammen med John Oskar Andersson, og dette tyder på at Hedvig Lovise var gift Andersson. 

 

Gravsatta
1. Andersson, Hedvig Lovise
född: 1910-11-03 :: avliden: 1983-03-24 :: gravsatt: 1983-05-30
 
2. Andersson, John Oskar
född: 1909-11-26 :: avliden: 2005-02-20 :: gravsatt: 2005-06-08
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

Kristine Marie døde i Gøteborg i 1993:

 

Kristiansen, Kristine Marie

Född: 1912-10-10 :: Avliden: 1993-01-28 :: Gravsatt: 1993-03-12
Hemort: Tynnered
Västra kyrkogården   Kvarter: 36B  Gravplats: 00163
Gravplatsnummer: 3136B 00163
Gravrättstid: 1958-01-01 - 2008-12-31

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Bente for nye flotte innlegg som syner oss dei "svenske søstrene" i denne huslyden.

 

Det er nok godt mogeleg at born av desse søstrene kan fortelja oss meir om besteforeldri i Hadsel, men so var det å spora dei opp...?  Finst det svenske DØDSANNONSER online?

 

Problemet vårt er i første rekkje å finna datoane (og stadene) for dødsfalli til Hans Peder Kristiansen og kona Lydia, som etter alt å dømma må vera avlidne i Hadsel, kan henda på Stokmarknes, men me har ikkje noki aning om kva tid dei døydde...

 

Skattelista frå 2001 syner at Liv Kristiansen, enkja etter Svein Kristiansen på Stokmarknes og gravlagde i lag på Stokmarknes, då hadde bustadadresse i Tromsø, so kanskje var det der ho døydde i 2004.  Er det tenkjeleg det kan finnast ein DØDSANNONSE frå Tromsø som syner etterlevande born?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 15: Hans Peder Kristiansen:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Klokkerbok nr. 888C11 (1913-1937), Døde og begravede 1929, side 133.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=51979&idx_id=51979&uid=ny&idx_side=-120
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081112160121.jpg

 

 

Ifølge et slektstre på Myheritage, døde Lydia Kristiansen i 1944 (ingen dato oppgitt)

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg kan knapt tru mine eigne auge!  Hjarteleg takk til Sven for kjempebra funn!  Då er dødsfallet til Hans funne, og om Myheritage stemmer, so bør ein rask telefon til Hadsel over helgji kunna stadfesta om Lydia verkeleg døydde i 1944!  Dette var skikkeleg moro!  Takk igjen, Sven!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag fått det meste av kva eg treng av opplysningar om huslyden til Lydia Kristiansen.  Ho døydde på Stokmarknes 1.5.1944, og eg har òg hatt ein telefonsamtale med ein son av Svein og Liv Kristiansen i Tromsø som kunne fortelja meg om endå ei dotter Anna som framleis skal leva og bur i Göteborg.  Men diverre er ho ikkje i stand til å fortelja oss noko!

 

Det var med andre ord sju born i denne huslyden:

 

* Ottar Kristiansen i Bergen

 

* Svein Kristiansen på Stokmarknes

 

* Hedvig i Göteborg

 

* Kristine i Göteborg

 

* Anna i Göteborg

 

Dei to siste, Ingvald og Nelly, døydde i ung alder.

 

Då er eg nøgd med Lydia og huslyden hennar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Monika Thorell

Hej Lars!

Jag vet inte om jag kan vara till hjälp i ditt sökande, du verkar ju fått många bra svar..
Jag är iallafall barnbarn till Kristine Kristiansen.
Det är mycket riktigt att alla 3 systrarna hamnade i Göteborg.
Anna fick 2 barn, en son och en dotter. Anna gick bort 2012, och tyvärr gick hennes dotter Maj-Lis bort året innan.
Hedvig fick ett barn, en son och han är i livet.
Kristine, min farmor fick 2 söner. Min farbror Leif gick tyvärr bort alldeles för ung 1999. Min pappa gick bort för bara ett par veckor sedan. Vi har haft begravning idag faktiskt.
Just på grund av att jag träffade släkten och började prata om släktforskning gjorde att jag sitter här och skriver nu.
 

Jag har 2 syskon, en bror och en syster, och vi har både barn och barnbarn, så släkten lever vidare. :) 

Jag är väldigt intresserad av att veta var Hans Peder och Lydia Kristine flyttade till för adress då de lämnade Bodö och flyttade till Stokmarknes.
Jag har planer på att resa upp dit, och vill gärna gå "i fädernes spår" som man säjer.

MVH

/Monika (fd. Olsen)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hej Monika!

 

Hjarteleg takk til deg for interessant og overraskande innlegg frå i aftes!  Det er godt å høyra at ætti lever vidare ogso i Göteborg!

 

Eg skriv Gards- og Ættesoge for Luster kommune i Sogn.  Det er heimstaden til Ole Nilsson (1841-1933), og om du har høve til det, vil eg gjerne få oppfordra til at du freistar vitja Luster med Urnes stavkyrkje, den eldste stavkyrkja i Noreg, der Ole vart døypt i 1841 og konfirmert før han flytte til Målselv med foreldri sine i 1859.

 

Det er stor slekt etter Ole Nilsson.  Mange av dei bur framleis i Nord-Noreg, men i bygdebokarbeidet mitt kan eg diverre ikkje følgja alle slektene fram til dags dato.  Her er avsnittet om Ole Nilsson som vil verta prenta i band XII av Gards- og Ættesoga for Luster under garden Urnes:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Nilsson (Urnes), f. i Hafslo 9.8.1841,

Ole Nilsson flytte med foreldri til Målselv i 1859 og budde framleis heime hjå dei i 1865, men flytte so til Hadsel der han 7.10.1870 gifte seg med Anna Marie Andreasdotter frå Steilo i Hadsel.  Ho var dotter av husmann Andreas Olson på ein plass under Steilo, opphavleg frå Ekern, og kona Elen Lavina Johansdotter frå Finnsæter og f. i Hadsel 2.2.1849.  Ole var fiskar, og etter fleire år som innerstfolk, dels på Steilo i Hadsel og dels på Lekang i Hadsel, vart dei plassfolk på Ryddet under Lekang nedre der Anna d. som husmannskone 31.10.1904.  Ole d. som enkjemann og legdelem på gamleheimen i Hadsel 7.9.1933.  Ole og Anna fekk åtte born i lag:

a. Adolf Edvard Olsen Lekang, f. i Hadsel 17.5.1870, d. som gardbrukar på Lekang 16.7.1940.  Adolf gifte seg i Hadsel 28.7.1892 med Olea Andrea Petersen, f. på Laupstad i Vågan 10.4.1869.  Ho d. som enkje på Lekang 6.12.1949.  Adolf var fiskar, og han og Olea var dessutan gardbrukarar, først på Nygård, Haukenes i Hadsel og sidan på Lingjerdet, Lekang i Hadsel.  Dei fekk ti born i lag.

b. Nils Ingvald Olsen Lekang, f. i Hadsel 30.4.1872, d. på eit sjukehus i Christiania 5.10.1910.  Han gifte seg i Oslo domkyrkje 3.11.1908 med Hulda Marie Bengtsdotter Dahlqvist frå Östergransjö, Helgum i Västernorrland, Sverige, f. i Helgum 22.7.1888.  Ho flytte til Christiania i 1906 og d. som enkje på Gjøvik 14.12.1956.  Nils var matros og sidan skipsførar, og han og Hulda budde i Christiania den korte tidi dei fekk vera i lag.  Dei fekk ei dotter i lag.

c. Fredrikke Hansine Olsen, tvilling, f. i Hadsel 29.9.1874, d. på ein gamleheim i Oslo 24.7.1949.  Fredrikke fekk i 1902 flytteattest til Tønsberg, men var alt i 1900 tenestejente på Ekenes på Nøtterøy.  Før 1910 flytte ho vidare til Christiania der ho sidan livnærte seg som syerske.  Ho var ugift, men hadde to born.

d. Olea Amalie Olsen, likeins tvilling og f. i Hadsel 29.9.1874, d. ugift på Lekang i Hadsel 4.12.1895.

e. Karl Oluf Olsen, f. i Hadsel 26.5.1878, d. som overpleiar i Bodø 3.3.1930.  Karl gifte seg første gongen i Hadsel 30.6.1904 med Maria Ivara Karlsen, f. på Haug i Hadsel 28.4.1883.  Ho d. i Bodø 31.12.1917, og Karl gifte seg 26.4.1924 att i Bodin, Bodø med Helga Marie Kristiansdotter Kaspersen frå Steigen i Steigen, f. i Steigen 7.4.1889.  Ho d. som enkje i Bodø 11.4.1972.  Karl Olsen var pleiar og sidan overpleiar ved eit sjukehus i Bodø, der han budde levetidi ut.  Han fekk i alt åtte born, seks frå første ekteskapet og to frå det andre.

f. Lydia Kirstine Olsen, f. i Hadsel 20.9.1880, d. som arbeidarenkje på Stokmarknes 1.5.1944.  Lydia gifte seg i Bodø 16.8.1908 med Hans Peder Magnusson Kristiansen frå Steilo i Hadsel, f. i Hadsel 27.3.1888.  Han d. som verkstadarbeidar på Stokmarknes 30.4.1929.  Hans var smed og sidan mekanisk verkstadarbeidar,  Han og Lydia budde først nokre år i Bodø, men flytte kring 1920 attende til Stokmarknes i Hadsel.  Dei fekk sju born i lag.

g. Johannes Olsen, f. i Hadsel 24.1.1883, d. i Bergen 29.4.1960.  Johannes gifte seg første gongen i Tromsø 4.6.1909 med Elida Marie, kjend som Marie Martinsdotter Johannessen frå Tromsø, f. i Tromsø 18.12.1884.  Ho d. i Bergen 26.11.1949, og Johannes gifte seg att i Bergen 22.4.1950 med Emma Olivia Engelsdotter Fond, f. Høisæter, som òg hadde vore gift før.  Ho var f. på Dale i Bruvik 24.4.1897 og d. i Bergen 1.1.1990.  Johannes var fyrbøtar i Hadsel og sidan i Tromsø, men flytte hausten 1909 med første kona Marie til Bergen og var der ei tid verkstadarbeidar og sidan drosjebileigar.  Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Emma hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt.

h. Olaf Olsen, kjend som Olaf Lekang, f. i Hadsel 3.3.1885, utvandra til Amerika i 1904 og fór då til Souris, Bottineau Co., N.D., men gifte seg i Ward Co., N.D. 23.1.1908 med Ivara Otilia Eleonore Olsdotter Øien frå Trondheim, i Amerika kjend som Ivara Oien.  Ho var dotter av konditorsvein Ole Antonius Calmeyer Øien i Trondheim og jenta Elen Moe, òg frå Trondheim, og f. i Trondheim 27.5.1883, men utvandra til Amerika i 1904.  Olaf var møllearbeidar (”flour mill foreman and stationary engineer”), og han og Ivara budde i Minot, Ward Co., N.D. der Olaf d. 18.3.1932.  Ivara Lekang flytte i 1937 som enkje til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. der ho d. 18.5.1951.  Dei fekk tre søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar du finn nytte i dette og ønskjer deg ein fin reise til Noreg!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.