Gå til innhold
Arkivverket

Lars Larsson "Rønne" - bordarbeidsmann i Bergen, skal vera fødd på Voss kring 1765-1772 - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjennom denne debatten i Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/188074-mads-pederson-kinserdal-1735-1768-fraa-hafslo-til-aardal-fraa-aardal-til-bergen-lagnad-til-huslyden/?p=1605300) kjem følgjande fram:

 

"Undersøkelseskommisjonen" 1804: (http://digitalarkive...&merk=2341#ovre) syner ein Lars Rønne, bordarbeidsmann, 37 år, fødd på Voss.

 

Denne mannen gifte seg i Domkyrkja i Bergen 18.9.1796 med enkja Anna Andersdotter.

 

Alderen hans er i 1801 oppgjeven til 30 år (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390007319).

 

Er det nokon med lokal kunnskap frå Voss som kan hjelpa med identifisera opphavet til Lars på Voss?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lokalkunnskaper har jeg ikke, men han er kanskje identisk med Lars Larsen Rødne, sønn av Lars Colbeinsen. Rødne kan vel bli til Rønne.

 

Familien i 1801, Lars er ikke her:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058378005914

 

Skifte etter faren i 1816, høyre side. Lars står blant arvingene, men er "ikke tilstede" :

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24120/478/

 

Jeg har ikke lett etter dåpen til Lars, men konfirmasjonen er i 1789, nr 29:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11769&idx_id=11769&uid=ny&idx_side=-86

 

Mvh

Linda

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linda for spennande svar!  Eg er so absolutt samd i at dette KAN vera "vår" Lars Larsson Rønne!

 

Eg finn ikkje nokon Lars Larsson døypt på Voss som direkte høver, men eg ser ein par "kandidatar" som KAN høva, dersom foreldri flytte etter at Lars var fødd:

 

* Lars Larsson Almendingen, døypt 24.9.1769

 

* Lars Larsson Norequal, døypt 18.12.1768

 

* Lars Larsson Øvrekyte, døypt 20.11.1768

 

Men det er vel ikkje nokon av desse, for eg ser at Lars Colbeinson fekk sønene Colbein i 1768 og John i 1770, so då er det ikkje "plass" til nokon Lars imellom dei!

 

Etter kva du skriv, var Lars Larsson frå Rødne framleis ilive i 1816, men ikkje til stades.  Dette høver ogso med at eg ikkje kan finna noko dødsfall for Lars i Bergen.  Kona hans er rett nok kalla "enkje" då ho døydde i 1809, men "enkje" ville den gongen ikkje alltid tyda enkje, men òg separert...

 

Kanskje er det nokon som kan identifisera den rette Lars og som veit kvar det vart av han?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er en Lars Larsen Rødno  døpt i 1772 (ca midt på venstre side)

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 8 (1752-1780), Fødte og døpte 1772, side 394-395.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7089&idx_id=7089&uid=ny&idx_side=-207
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070104610207.jpg

 

Foreldre: Lars Colbeinsen og Gjertrud Olsdatter.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for kjempeflott innlegg!  Det er nok denne Lars Larsson som i 1796 gifte seg med Anna Andersdotter i Bergen, men kvar vart det av han?  Han levde i 1816 og kan sjølvsagt gøyma seg attom ein av dei utallege Lars Larsson i Bergen...?  Finst det ei bygdebok for Voss som kan gje oss eit svar?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. BB for Vossestrand garden Rødne, får Lars Colbensen og Gjertrud Olsdtr. sønnen Lars i 1772, men den skriver at han ble gift i 1808 med enke Herborg Eriksdtr. Saue, på Narheim, Voss. Alle BB for Voss ligger på hjemmesiden til: Ullstad.com.

Endret av Rune Bergesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.
 
I følge ætteboka for Vossastrand, så blei Lars Larsen Rødne f. 1772, gift 1808 med enkja Herborg Eriksdtr Saue.
 
I kyrkjeboka står Lars oppført som enkemann, så om det er rette mannen, så skulle han vere enkemann før 1808. (nr. 6 på høgre side)
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 9 (1780-1810), Fødte og døpte 1808, Lysninger 1808, side 258.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11769&idx_id=11769&uid=ny&idx_side=-261
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524630386.jpg
 

I ætteboka er foreldra til Lars oppført som Lars Kolbeinson f. Store-Hyrt 1738, død Rødne 1815 og GGjertrud Olsdtr f. Hole 1743 d. Rødne 1831.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt spennande innlegg!

 

No veit eg ikkje kva eg skal tru...  Det ser jo ut som me her talar om same mannen, men i so fall gifte han seg att på Voss FØR første kona hans døydde i Bergen.  Kanskje første ekteskapet vart "annullert" på eitt eller anna vis?  Me kjenner jo til skilsmål frå den tidi ogso frå Luster!

 

Men, i so fall bør det vel finst dokumentasjon på eit eventuelt skilsmål?  Eg vil ta spørsmålet opp i Arkivforum!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nettopp, ho strauk med i april i 1804. Og då går kabalen opp.

Lars hadde vore enkjemann i fire og eit halvt år då han gifte seg oppatt på Voss i november 1808.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut som om han hadde å gjere på medan han venta på å bli gift igjen.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=36778&personpostnr=108526&merk=108526#ovre

 

mvh Egil

 

 

Ja, eitkvart lyt ein no putla på med, veit du ;)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J., Terje og Egil for nye flotte innlegg!

 

Med opplysningane som eg no har fått, er spørsmåli kring Lars Larsson Rønne so å seia heilt løyste!

 

Skal me tru FamilySearch, fekk ikkje Lars Larsson born med andre kona Herborg Eriksdotter, men eg sit att med to spørsmål:

 

* Kvar busette Lars Larsson seg med andre kona Herborg?

 

* Er det mogeleg å finna ein dato og stad for dødsfallet til Lars Larsson?

 

Eg takkar igjen for skikkeleg godt teamarbeid!  Dette er skikkeleg bra!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etter Herborg i 1814. Ho budde då på Nerheim under garden Store Saue.
Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hardanger og Voss sorenskriveri, Voss tinglag, Skifteprotokoll Ae 1 , 1801-1819, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Dødsmeldingar og fattigskifter, sjå tilvisingar fol. 605b.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24120/453/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120620461.jpg
 

Ikkje heilt enkelt å lese dette skiftet, Så vidt eg kan sjå, er arvingane oppført som afdødes ......... mand Lars Larsen, og hennes to brødre Bottolf og Ole Erikssønner.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste spennande innlegg!

 

Eg ser at Herborg døydde på plassen Narheim under Saue, og det stemmer jo bra med kva Rune Bergesen skreiv ovanfor:

 

Iflg. BB for Vossestrand garden Rødne, får Lars Colbensen og Gjertrud Olsdtr. sønnen Lars i 1772, men den skriver at han ble gift i 1808 med enke Herborg Eriksdtr. Saue, på Narheim, Voss. Alle BB for Voss ligger på hjemmesiden til: Ullstad.com.

 

Men eg finn ikkje ættebøkene for Vossestrand på den nemnde websida!  Kanskje kan einkvan gjera eit oppslag for å sjå etter kva tid (og kvar) Lars Larsson døydde?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etter Herborg i 1814. Ho budde då på Nerheim under garden Store Saue.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hardanger og Voss sorenskriveri, Voss tinglag, Skifteprotokoll Ae 1 , 1801-1819, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Dødsmeldingar og fattigskifter, sjå tilvisingar fol. 605b.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24120/453/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081120620461.jpg

 

Ikkje heilt enkelt å lese dette skiftet, Så vidt eg kan sjå, er arvingane oppført som afdødes ......... mand Lars Larsen, og hennes to brødre Bottolf og Ole Erikssønner.

 

mvh Egil

 

 

Eg les følgjande:

"... Konen Herborg Erichsdatter. Hendes Arvinge er den afdødes efterladte Mand Lars Larsen, som var tilstede, og hendes 2.de Brødre Bottolf og Ole Erichsønner, begge myndige ...".

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

og så har enkemann Lars Larsen Noreim(Næreim?) atter giftet seg igjen med Maritha Siursdatter, vielse 9 feb 1815, venstre side:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11770&idx_id=11770&uid=ny&idx_side=-57

 

Mvh

Linda

 

Hei Linda.

 

Eg har også sett denne, men i og med at det finnes ein eigen gard som heiter Noreim, så trur eg kanskje dette er noko anna enn Nerheim under Saue. (Eg ser at Nerheim blir skriven både Narheim og Norheim, kva som er rett er eg ikkje sikker på).

 

Det bør i alle fall sjekkast ut.

 

mvh Egil

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

#21: Ok,- jeg er som nevnt, ikke lokalkjent.  Jeg tenkte det var ham pga skiftet, pga sivilstaus og pga kausjonist Gullik Saue. Koblet kanskje for kjapt sammen der :)

 

 Det er kanskje ikke kausjonister..introduksjon av koner? Sliter litt med skriften.

 

Mvh

Linda

Endret av Linda Wathne
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars og Marithe får en datter Eli, bosted Hjørnevik i 1815 Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 10 (1810-1821), Kronologisk liste 1816, side 74.
Permanent sidelenke http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11770&idx_id=11770&uid=ny&idx_side=-74
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524630490.jpg

 

En sønn Størk født i 1818, bosted Saue Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Klokkerbok nr. A 1 (1816-1818), Fødte og døpte 1818, side 84.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11777&idx_id=11777&uid=ny&idx_side=-84
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524650492.jpg

 

Samme Lars Larsen Narheim som døper en datter Brithe 25. juni 1815? Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 10 (1810-1821), Kronologisk liste 1815, side 66.
Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11770&idx_id=11770&uid=ny&idx_side=-66
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524630482.jpg

 

 

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott Lars, då ser det ut til at det må vere plassen Nareim det er snakk om likevel, og ikkje garden Noreim.

 

Det betyr at Lars fekk ei uekte dotter berre nokre månader etter at han var gift med Maritha.

 

Eit halvt år seinare får han så eit dotter med si nye kone (gitt at det er same paret vi finn på Hjørnevik).

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linda, Egil og Lars J. for nye flotte innlegg!

 

Det ser ut tll at Lars Larsson var skikkeleg "aktiv", men framleis er det eit spørsmål kvar han vart av til sist?

 

Eg ser at sonen Størk Larsson er fødd i 1818 på Saue, og FT1865 syner ein Størk Larsson fødd 1818, som då var bonde på Hildestveit på Voss (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1235&kenr=007&bnr=0002&lnr=000).  Kan det vera same mannen?

 

Då denne Størk gifte seg 8.5.1841 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11773&idx_id=11773&uid=ny&idx_side=-177), heiter han Qvale, og faren er Lars Larsson Qvale!

 

Det er mykje som tyder på at dette er den "rette" huslyden, so i so fall gjeld det om å finna ut kva tid denne Lars Larsson Qvale døydde?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.