Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Samson Larsson (Ekrene el. Sagen) - fødd Hafslo 1742 - forsvinn etter 1766 - kvar vart han av? - kva med søstrene Gjertrud (1748) og Ragnhild (1751)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Samsonson Ekrene, fødd i Hafslo kring 1716, gifte seg i Hafslo 6.10.1738 med Anna Olsdotter, fødd i Hafslo kring 1712.  Dette parfolket var i mange år plassfolk på Ekrene under Kroken ytre i Hafslo, men kom på legd alt kring 1760 og budde sidan mellom anna på Sagi under Kroken.  Anna døydde visstnok på 1770-talet, medan Lars Samsonson's gravferd vart betalt av fattigkassa i Hafslo i 1791.

 

Me kjenner til seks born etter Lars og Anna, men minst tre av dei døydde kort etter fødsli.  Desse tre kan ha vokse opp:

 

* Samson Larsson, fødd i Hafslo kring 1742, vart konfirmert i Hafslo i 1766 og forsvinn deretter frå bygdi.

 

* Gjertrud Larsdotter, døypt i Hafslo 11.2.1748, er ikkje nemnd i ekstraskatten frå 1762 og heller ikkje konfirmert i Hafslo, so kanskje døydde ho før 1762?

 

* Ragnhild Larsdotter, døypt i Hafslo 22.8.1751, var for ug til å vera med i esktraskatten frå 1762, men er heller ikkje konfirmert i Hafslo.

 

Samson Larsson er altso DEN EINASTE me sikkert veit har vokse opp i denne søskenflokken, men problemet er å finna ut kvar han vart av?  Om han skulle dukka opp einkvan stad, kanskje er ei eller båe søstrene der òg?

 

Eg ser av FamilySearch (søk over heile landet) at Samson Larsson førekjem som brudgom på denne tidi i berre TRE prestegjeld, alle i Hordaland, ein eller to i Skånevik (vigde 1769/1770, ein eller to i Kvinnherad (vigde 1772/1785) og ein i Ullensvang (vigd 1777).  Eg ser ogso fødsler av Samson Larsson både i Kvinnherad og io Ullensvang, men INGEN i Skånevik, so kanskje dei to kan vera verd å sjå meir på?  Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Samson Larson som gifter seg i Ullensvang/Kinsarvik i 1772 ser ut til å være registrert med gårdsnavnet Fredvig:

 

Hordaland fylke, Ullensvang i Ullensvang, Ministerialbok nr. A 6 /1 (1758-1788), Ekteviede 1774-1779, side 248. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11714&idx_id=11714&uid=ny&idx_side=-153


Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070522640023.jpg

 

I FS ser jeg at han blant annet har Goa, døpt 1780, og Guri, døpt 1778 og Lars, døpt 1783. Jeg vil anta at han er identisk med den Samson Larsen som bor på Fredsvig i Kinsarvik i 1801, gift for 3. gang, men han er født (beregnet) 1750:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058376001871 

 

Da kan vi kanskje utelukke ham som kandidat til din Samson, født ca 1742? 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for å henta fram att dette emner frå i fjor!

 

Eg er ikkje komen noko nærare ei læysing på denne utfordringi, og no ser det ut til at du har stadfest mistanken min om at Samson Larsson i Ullensvang ikkje har noko med "min" Samson Larsson å gjera!

 

Eg tykkjer framleis at Skånevik kanskje er det mest interessante alternatvet for "min" Samson, men kan ikkje prova dette...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.