Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Halvorsdotter Solbrekka, gift i Etnedal (Aurdal) 1763 - fødd kring 1737 - kven var ho og kvar vart ho av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Arne Sørenson frå Langedal i Etnedal, fødd 1732, gifte seg i Etnedal (Aurdal) 4.12.1763 med:

 

Gunnhild Halvorsdotter "Solbrekka", fødd kring 1737, budde på Steinset i Etnedal då ho vart konfirmert i 1756, 19 år gamal.

 

Arne og Gunnhild budde ulike stader i Etnedal, mellom anna som plassfolk under Espelien og sidan som plassfolk under Granum og fekk fem born i bygdi, men vert borte for oss etter 1775.

 

Som fadrar på borni er nemnde Ingeborg Halvorsdotter Solbrekka og likeins Erik Halvorson Higdem, og ei Bertha Halvorsdotter Solbrekka gifte seg i Etnedal i 1767.  Desse kan vera søsken av Gunnhild; eg veit ikkje...

 

I perioden 1735-1740 vart det fødd TRE jenter med namn Gunnhild Halvorsdotter i Aurdal prestegjeld (kjelde FamilySearch), alle i 1736:

 

* 23.6.1736 Gunnhild i Hedalen av Halvor Erikson Lie og Olaug Haraldsdotter (foreldri vigde i Aurdal 25.3.1736)

* 27.12.1736 Gunnhild i Skrutvold av Halvor Jøgerson Meisedal og Ragnhild Thoresdotter

* 27.12.1736 Gunnhild i Skrutvold av Halvor Erikson Toen og Kari Evensdotter (foreldri vigde i Aurdal 21.7.1720)
 

FT1801 syner ei Gunnhild Halvorsdotter, enkje, busett under Meisedal i Nord-Aurdal.  Ho er 64 år og rimelegvis identisk med kandidat #2.  Men kanskje ei av dei andre to hamna i Etnedal?

 

Kanskje er det nokon som sit med gode kunnskapar om ætter frå dette området som kan hjelpa meg vidare?

 

Det er òg eit mysterium kvar det vart av Arne Sørenson og Gunnhild Halvorsdotter etter 1775.  Det manglar dødsfalkslister for Aurdal 1779-1781, men det skal vel litt til at dei båe døydde i det tidsrommet?  Men eg ser dei heller ikkje i FT1801!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Soren Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927

christening: 27 December 1764 , NORD AURDAL, OPLAND, NORWAY residence:   Nord-Aurdal, Oppland, Norway father: Arne Sorensen mother: Gunild Halvordsdr  

 

Halvord Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927

christening: 29 October 1769 , NORD AURDAL, OPLAND, NORWAY residence:   Nord-Aurdal, Oppland, Norway father: Arne Sorensen mother: Gunild Halvordsdr

 

  Halvord Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927

christening: 25 August 1772 , NORD AURDAL, OPLAND, NORWAY residence:   Nord-Aurdal, Oppland, Norway father: Arne Sorensen mother: Gunild Halvordsdr

 

 

 

Sønnen Søren?

 

1801-teljinga for heile landet

 

 

15097 Christians Ourdahl Skrut Vold Annex Higdem 0540

 

237244 * Søren Arnesen Mand 37 Begge i 1te ægteskab Huusmand med jord M fglass.gif

 

237245

  Ragnild Olsdtr Kone 44 Begge i 1te ægteskab

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f1801&gardpostnr=15097&personpostnr=237244&merk=237244#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Soren Arnesen

Norway, Marriages, 1660-1926

marriage: 27 December 1793 , Nord Aurdal, Opland, Norway spouse: Ragnild Olsdr

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Aurdal, Ministerialbok nr. 6 (1781-1804), Trolovede 1793, side 139.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9363&idx_id=9363&uid=ny&idx_side=-141

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603910648.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjempeflotte innlegg!

 

Du har nok funne den rette Søren Arneson, so då har me prov for at han vart buande i Aurdal, om enn i Nord-Aurdal.  Eg ser han nytta namnet Higdem då han gifte seg.  Kanskje var Erik Halvorson Higdem onkelen hans og, for alt me veit, ein slag "fosterfar", om Arne og Gunnhild var flytte frå bygdi - eller avlidne...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skulle alt i første innlegget ha nemnt dei fem borni etter Arne og Gunnhild, men her følgjer dei - med fadrar:

 

* Søren Arneson Langedalseiget, døypt 27.12.1764 - fadrar Gyri Sørensdotter Bruflat, Barbra Torstensdotter Granum, Søren Sørenson Granum, Even Halvorson Higdem, Søren Mikkelson Higdem

 

* Kari Arnesdotter Solbrekken, døypt 12.10.1766 - fadrar Anna Knutsdotter Solbrekken, Ingeborg Halvorsdotter Solbrekken, Barbro Mikkelsdotter Solberg, Erik Halvorson Higdem, Peder Mikkelson Granum

 

* Halvor Arneson Espelien, døypt 29.10.1769 - fadrar Signe Espelien, Marit Knutsdotter Espelien, Arne Olson Bruflat, Halvor Skoleholder, Lars Nilsson Byfuglien

 

* Halvor Arneson Espelieiget, døypt 23.8.1772 - fadrar Gunnhild Olsdotter Brager, Martha Knutsdotter Espelien, Even Espelien, Søren Erikson Langedal, Ole Arneson Solbrekken

 

* Helga Arnesdotter Granumseiget, døypt 9.7.1775 - fadrar Kari Nilsdotter Granumseiget, Marit Hansdotter Granumseiget, Jørand Hølgjersdotter Hestekind, Peder Granum, Halvor Jensson Granum

 

Her er mange spennande namn, og skal me tru oppkallingi, so BØR ved mor hennar Gunnhild ha vore ei KARI?  Her er òg nemnd ein Even Halvorson Higdem!  Kan foreldri ha vore Halvor Erikson Toen og Kari Evensdotter??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.