Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Henrik Hillersøy

Hjelp til å finne personar frå Kinn pr.gj., etter 1900

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Familien det gjeld var busett på Nærøyane (Tollaksøya), ikkje langt frå Florø:

 

Bernt Mathias Larsson (1839-23/11 1901) fødd på Russøya under Batalden i Kinn pr.gj.

gift 1871 med

Anne Katrine Jonasdtr. (1844-) frå Kobbeneset ved Flokeneset

 

Born:

Nikolai Tobias (6/2 1872-) døydde truleg ung

Johanne Regine (1874-1947) g. m. Henrik Olai Ingebriktson. Busett 33/17 på Fanøya under Batalden i Kinn pr.gj.

Lauritz Tobias (13/10 1878-) døydde truleg ung

Gullak Mathias Gustav (1884-1969) g. m. Anna Nilsdtr. Toft frå Øygarden. Busett Florø.

Marie Lovise Torine (7/1 1887-) reiste til Bergen i 1917, som tenestejente?

 

Her er familien i 1900: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037360003544

Bernt sitt dødsfall ført i krkbok: Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6903&idx_id=6903&uid=ny&idx_side=-246 (#12)

 

 

Familien brukte kanskje etternamnet Nærø(y). Eg har ikkje funne spor etter Anne Katrine etter 1900. Om dottera Marie har eg at ho truleg flytta til Bergen. Sønene Nikolai og Lauritz har eg ikkje funne spor etter i 1885 eller 1900.

Treng hjelp frå nye friske auger og hjerner. :-)

 

Mvh Torbjørn

 

 

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Barna til Bernt og Anna er søskenbarn til min mormor.

Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Sendte deg ein pm.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Bernt Mathias budde på Russøya til han var fem/seks år. Det er ei stund sidan eg har sett på den familien. Eg reknar med at Johan kanskje har gitt deg det du treng, men eg kan sjå i kveld kva eg har notert meg om Bernt Mathias.

 

mvh Egil 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takker for det Egil!

 

Dette blir eit undertema, men har du forresten funne noko om systera til Bernt, Sara Oline (f. 1846)? Døydde ho før 1865?

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Takker for det Egil!

 

Dette blir eit undertema, men har du forresten funne noko om systera til Bernt, Sara Oline (f. 1846)? Døydde ho før 1865?

 

 

 

Eg kan ta litt kjapt på det. Sara Oline døydde i 1847. Familien budde vel då framleis på nærøya (då ved Kinn).

 

mvh Egil

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Då har eg fått gått gjennom det eg har funne om Berent Mathias. Eg har ikkje så mykje å kome med dessverre. Eg har dei same barna som du, og eg har registrert at han flytta til Nærøyane på 1890-tallet.

 

Når det gjeld den andre søstera, Maren Kristine, så har eg funne 8 barn. Stemmer det med dine funn?

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Eg var ikkje klar over at familien budde på Nærøya ved Kinn. Eg trudde Nærøy-namnet var knytta til Nærøyane ved Årebrotet (i Hellefjorden), og at dei før det budde på Kinna og deretter Rognaldsvågen (fram til ca 1885 har eg). Veit du sikkert at familien budde på Nærøya ved Kinn/Ytterøyane?

 

Takk for opplysningen om Sara Oline.

 

Når det gjeld Maren Kristine, så har eg 10 fødde born. Eg kan sende deg ein pm om det.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg ser at eg har notert meg at dei flytta til Kinn i 1844/45 og at dei truleg busette seg på Nærøya.

 

I dei første registreringane eg har funne om familien etter 1845, så står dei ført under Kinn. Men så er det ved konfirmasjonen til Berent og Maren oppført Nærøene som fødestad. Vi veit jo at dei var fødde på Russøya, men ut frå dette har eg vurdert at dei kanskje busette seg på Nærøya når dei flytta til Kinn, og sidan Nærøya låg under Kinn så kan jo det passe sjølv om det står oppført Kinn i ulike registreringar.

 

Eg vil vel likevel tru at når Berent brukar namnet Nærø, så har det med at han flytta inn til Nærøyane og busette seg der. Eg har ikkje sett at familien ellers har brukt Nærø som etternamn.

 

mvh Egil 

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Resonnementet er logisk nok! :-) Ikkje godt å seie kva som er rett...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.