Gå til innhold
Arkivverket

SF Loen/Stryn: slekts-samanheng Rake/Fosnes m.m.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Skiftet etter Jens Olsson Rake i 1766 fortel at dei nærmaste arvingane hans er 9 syskenborn eller deira etterkomarar. Før eg set meg til å pusle saman dette vil eg gjerne undersøkje om det er nokon som har gjort dette før meg! Her er nemnt Nesje, Fosnes, Erdal, Sunde m fl

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dei 9 syskenborna eller deira etterkomarar, i den rekkjefølgja dei står:

 

Redigerer: nummera star ikkje i skiftet - dei er det skriveprogrammet mitt som har sett inn.

  1. Arne Isakson Nesjes 2 born – Nils Arneson, fullmyndig, og Arne Arneson, 23 år.

  2. Arne Larsson Fosnes sin son Lars Arneson, fullmyndig

  3. Brite Larsdtr Fosnes sine 2 born – Rasmus Jørgensen Årdalen (dvs Erdal) og Ola Jørgenson Lid

  4. Synnøve Isaksdtr Sundes 7 born – Torbjørn Pederson, fullmyndig, Jens Pederson Sundes 2 søner og 3 døtre (namn ikkje nemnde), Isak Pederson, fullmyndig, Peder Pederson, fullmyndig, Ingeborg Pedersdtr gm Elling Kolbeinson Bø, Synnøve Pedersdtr gm Arne Jonson Sunde, Dorte Pedersdtr gm Lasse Antonson Sunde

  5. Mari Isaksdtr Støvreide (Stauri)

  6. Agnete Arnedtr Brynestad sine 3 born – Johanne Antonsdtr 23 år, Marte Antonsdtr 20 år, Malene Antnsdtr 20 år.

  7. Brite Andersdtr Åreims 4 born – Sverke?? Ingebrigtson 40 år, Jens Ingebrigtson Åreim, Kristi Ingebrigtsdtr 30 år, Eli Ingebrigtsdtr 28 år.

  8. Brite Sjursdtr gift med Klemet Jonson Grønfur

  9. Daniel Olson Brynestads 2 born – Ole Danielson Brynestad og Jakob Danielson Eide

 

Her har eg kome til 9 som det står i starten, men lista er ikkje ferdig:

 

  1. Arne Olsson Brynestads 2 døtre, Henrik Skådens ene datter og Anders Arnesen Torsetter.

 

Er det nokon som kan tenkje seg å gå gjennom dette og sjå at eg har lese det rett? Eg har funne fleire skifte i slektskrinsen og skal kome tilbake til dei, men vil gjerne ha fleire med på å tolke denne lista fyrst.


I høgre spalten på neste side http://arkivverket.no/URN:sk_read/24232/83/ kjem det eit testamente inn i bildet. Eg må studere litt meir på det!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kommer også fram til 10 arvinger, jfr. opplistingen ved tildelingen:

 

Fordeling til:

  1. Arne Isachsen Nessies 2de børn
  2. Arne Larssen Foesneses Søn Lasse Arnesen
  3. Daniel Olsen Brynestads 2de Børn
  4. Arne Olsen Brynestads 3de børn
  5. Brithe Larsdatter Fosneses 2de børn
  6. Synneve Isachsdatter Sundes børn
  7. Mari Isachsdatter Støvreide
  8. Agnethe Andersdatter Brynestads 3de børn
  9. Brithe Andersdatter Aarems 4 børn
  10. Brithe Siursdatter Grønfur

Jeg tror kanskje Henrik Schodden og Anders Arnesen var gift med de to døtrene til Arne Olsen Brynestad.  Er det kanskje Anders Arnesen Docsetter?  "Torsetter" virker ukjent.  Colbent Colbentsen Rache skal i følge bygdeboka vært gift med en datter av Jens Olsen.  Jeg har ikke fått lest ordentlig gjennom det testamentet som er referert til i skiftet hvor han er nevnt. 

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torset = Taraldset i Innvik. Tusen takk for innsatsen her, Tor!

 

Eg ser at nokre av slektskapane må vere gjennom ein bestefar Botolv - kanskje på Nesje? Vi har Ola Botolvson Rake som far til avdøde, vi har Isak Botolvson Nesje som far til alle dei nemnde Isak-borna, og vi har Brite Botolvdtr Grønfur som er mor til Brite Sjursdtr. Grønfur.

 

Dei andre har eg ikkje funne ut av enno.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Javisst - dette er ein rein tastefeil, så eg er så fri å rette det i innlegget.

 

Så finst det også eit skifte i 1734 etter pigen Brite Jensdtr Nesje. (Eg veit ikkje kven ho er - finn ingen passeleg Jens på Nesje). Etter henne er det mange av dei same syskenborna som arvar: Arne Nesje, Arne Fosnes, Jens og Botolv Rake (den avdøde i forrige skiftet og ein helseveik bror), Synnøve Sunde, Mari Stauri, Brite Årheim og Agnete Brynestad. I tillegg har ho eit syskenbarn som heiter Pål Eide.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg jobber ut fra antakelsen at Ole Botolfsen Rake var sønn til Botolf Mathisen på Nesje   Siden det er snakk om søskenbarn til Jens Olsen, må disse være søsken til faren, Ole Botolfsen, f. eks Isach Botolfsen Nesje, og altså barn til Botolf på Nesje.  For at denne teorien skal stemme, må vi gå ut fra at denne Botolf Nesje også hadde døtre.  Nå begynner det å bli sent, men terorien ser ut til å stemme så langt som jeg har kommet.  Korriger meg om jeg skulle være helt på villspor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er fra skiftet etter Arne Iaacsen Nesje. sønn til Isach Botolfsen Nesje:

 

Nessie i Stryens Skibbrede

Pouel Schonvig Sorenskriver og Skiftteforvalter udj Nordfiord giør vitterlig at Anno 1744 den 6 Junj blev sterboens angifne Midler eftter afgangne Sahl: Arne Isaachsen, som boede paa den gaard Nessie i Stryens Skibbrede, udj Lensmanden Niels Falleids overværelse Lovligen Registrerede og af tvende uvillige Dannemænd navnlige Joen Larssen og Ole Eliæsen Furre vurderede, Nærverende hans igienlevende hustrue Brite Nielsdatter, med hendes begierte Laverge og Svoger den Dannemand Jens Pedersen Meersunde, saa og den Sahl: Mand med hende avlede tre børn, navnlige

1. Isaac Arnesen nu 12 aar gammel,
2. Niels Arnesen – 9 aar, og
3. Arne Arnesen ¼ aar,

og efter at boens midler var overseet og taxeret, blev deraf till Creditorerne giort udlegg, og det øfrige imellem Enchen og børnene skiftted og del saaledes som følger:

(Se detaljer i skannet originalskifte)

Till formyndere for disse tre umyndige barn, er nu anordnet disse eftterskrevne Dannemend, navnlige:
• Morbroderen Abraham Nielsen Lindvigen for den ældste Søn Isaacc Arnesen
• Cornelius Sandvigen for den andre Søn Niels Arnesen, og
• Knud Andersen Tunold for den yngste Søn Arne Arnesen

(Ellers er det i skiftet nevnt at avdøde selv er insatt som formynder for Synneve Pedersdatter Meersunde.   Her blir nå pikens bror Jens Pedersen Meersunde insatt som hennes formynder.

Likedan var mannen insatt som formynder for Niels Absalonsen Støvreide ..etc)

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24226/107/
 

 

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, som du ser lenger oppe, endar eg også på ein Botolv til felles bestefar. Eg vil tru at også Brite Jensdtr har denne karen til bestefar - enten ved at faren er ein Jens Botolvson, eller at mora er ei Botolvsdtr. Dei arvingane som er felles i dei to skifta bør då nedstamme frå Botolv, medan dei arvingane dei ikkje deler, kjem frå den andre sida - for Jens Olsson sin del må det vere frå morssida, og for Brite Jensdtr sin del veit vi ikkje - endå i alle fall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg held fram å tenkje høgt: Arne Olsson og Daniel Olsson Brynestad er brør, og far deira heiter Ola Danielson. Då bør dei nesten, for å passe inn i dette biletet, ha ei Botolvdtr frå Nesje som mor - ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så er det Brite Andersdtr Åreim og Agnete Andersdtr Brynestad - freistande å tru dei er systre. Brukar ein bygdeboka, skal Brite vere frå Bø - og går vi då i skifteregisteret, finn vi skifte etter Anders Jonson Bø i 1728, og der er enkja nærverande - ho heiter Marte Bottolfsdtr, og har som verge bror sin, Ola Bottolfson Rake - bingo! Der er 4 born, fordelt på denne og forrige hustru: Jon Andersson Bø (sikkert fyrste kone), Pål Andersson Eide (som vi hugsar frå Brite Jensdotter-skiftet, har er då sikkert død før 1766?) - og så Brite Åreim og den enno ugifte Agnete Andersdtr.

 

Her fell ting på plass.

 

Vi registrerer dermed at Brite Jensdtr Nesje ikkje har andre syskenborn enn dei ho har felles med Jens Olsson Rake.

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så til Fosnes. Brite Larsdtr sine 2 born, Rasmus Jørgenson Erdal og Ola Jørgenson Lid er arvingar. Bygdeboka skriv at mor deira var Brite LASSEdtr Hjelle - men det ser ut til at far deira, Jørgen Rasmusson Erdal, har hatt 2 koner: I skifteekstrakt frå 1736 blir det nemnt 3 born: Rasmus og Ola (Ola er 12 år), og ei 4 år gammal dotter, Brite. Få år etter er der skifte etter vesle Brite, og då går det fram at ho er ei halvsyster - har altså ikkje same mor.

 

Dette stemmer med skifte etter Brite Lassedtr Erdal i 1734 - der er nemnt enkjemannen Rasmus Jørgenson, og denne Brite - pluss ei Gjøde som det blir fortalt døydde 11 veker gammal, etter mora.

 

Bygdeboka manglar altså kone nr 1 - ho som i "vårt" skifte vert kalla Brite Larsdtr Fosnes - ein skulle tru ho er syster til Arne Larsson Fosnes, men ho er i motsetning til han ikkje nemnt i det andre skiftet (Brite Jensdtr).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da er vi enige om Botolf den første :)

En av disse Botolsdøtrene er det skifte etter på Grønfur i 1750.  I skiftet etter Brite Botolfsdatter ser vi datteren fra et tidligere ekteskap, Brite Sjursdatter. 17 1/2 år gammel i 1750.  Brite  Sjursdatter Grønfur er nevnt i stiftet etter Jens Olsen Rache. Aaland har til og med fått med at Brite Botoflsdatter var fra Nesje.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 10 , 1747-1750, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24227/566/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081128631146.jpg

 

Jeg vil anta at det er en Botolfdatter som var gift på Brynestad også, men jeg finner ingen skifter som bekrefter dette.  Kanskje i kirkeboken - døde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No ser eg at eg truleg har begått ein glipp: Daniel og Arne Olsson Brynestad er IKKJE nemnde i skiftet etter Brite Jensdtr. Då bør dei vel vere syskenborn til Jens Olsson på morssida hans? Bygdeboka vil ha det til at Jens Olsson si mor var Susanne Pedersdtr, men i skiftet etter Ola Botolvson Rake i 1729 heiter ho Anne Pedersdtr.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aase: Jeg har notert at en NN Botolfsdatter må være den som er gift med Ole Danielsen Brynestad.  Sønnen Daniel Olsen Brynestad gift med en Giertrud Guttormsdatter er det skifte etter, og barna i dette skiftet er nevnt i skiftet etter Jens Olsen Rake:

 

Skifte holdt 17. mai 1734. Her er nevnt hans etterlatte hustru, Giertrud Gutormdatter med sin Lovverge Sergeant Vogelsand, og deres barn:
1. Ole Danielsen, 4 år, og
2. Jacob Danielsen 2 år.

 

Til formyndere for de to umyndige barn bla oppnevnt

- Lars Knudsen Rache for den eldste sønn Ole Danielsen, og
- Anders Setten for for den yngste sønn Jacob Danielsen

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7 , 1731-1734, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register bak i protokollen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24224/462/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081128620466.jpg

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som eg skriv i mitt forrige innlegg: Daniel og Arne Olssøner Brynestad er ikkje nemnde i skiftet etter Brite Jensdtr Nesje. Det bør tyde på at det ikkje er Botolv som er deira bindeled til Jens Olsson Rake. Kva seier du til det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, jeg ser det Aase, og jeg vet ikke sikkert hvor hun passer inn.  Leser jeg riktig at hun var "barnefød på røraas" ? For eventuelle andre interesserte legger jeg inn Brite Jensdatter sine gjenlevende søskenbarn slik de er nevnt i skiftet av 8 juni 1734:

 

1. Arne Olsen Nesje
2. Arne Foesnes
3. Jens Rache
4. Bottolf Olsen Rache
5. Pouel Eide
6. Synneve Sunde
7. Mari Støvreid
8. Brite Aarem, og
9. Agnete Brynestad

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24224/512/

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jammen er ho barnefødd på Røros ja - det har eg ikkje lagt merke til. Ho må ha ein Jens Botolvson til far, eller ei ukjend Botolvsdtr til mor.

 

 

Men som vi ser av lista - Daniel og Arne Olssøner Brynestad manglar i høve til den andre lista.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis jeg ikke har gått meg helt bort i generasjonene vil kanskje regnestykket gå opp om Brite sin far, Jens, var en Botolfsen eller git med en Botolfsdatter.  Har du sett noe i Rørosboka om noen Jens fra Nordfjord?  Jeg ser ellers at Jens Olsen Rake sin bror, Botolf Olsen er nevnt i skiftet hennes, men ikke i skiftet etter broren. Det kan tyde på at Botolf Rake også var barnløs og at det burde finnes et skifte .... 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til nå har jeg oversett at barna til mors søsken også er søskenbarn, og vi har allerede slått fast at Jens Olsens Rake sin mor var Susanne Pedersdatter Rake. Foreldrene hennes er i følge Aaland,  Peder Jensen Rake kona Marte. Har noen oversikt over Susanne sine søsken?  (Peder Jensen sin farfar var i følge bygdeboka kapellan i Innvik, Jens Søfrensen).

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I skiftet etter Ola Bottolvson Rake er kona kalla Anne, men ho kan sjølvsagt heite Susanne for det. Kva som er Aaland si kjelde for dette veit eg ikkje. Sonen Botolv er kalla svag og skrøpelig. Noko skifte etter han ser det ikkje ut til å vere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror kanskje Aaland har blandet Anne sammen med en tidligere Susanne,  I skiftet her hun utvilsom Anne Pedersdatter. :mellow:

Fra skiftet:

 

Nærværende hans igienlevende Hustrue Ane Pedersdatter, med hendes Begierte Lavverge og Søn den Dannemand Jens Olsen Rache, saa og den Sahl: Mands med hende avlede  og nu levende tvende Sønner, navlige:

  1. Bemeldte Jens Olsen giftt og boende her paa gaarden, og
  2. Bottolph Olsen, svag og skrøbelig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har stor respekt for gamle Jacob sitt arbeid, men du verda så ofte eg har ynskt meg at han refererte kjelder. Men både papir og trykksverte var dyrt i hans tid, så det måtte ikkje skrivast for mykje!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har du enda en søster til Ole Botolfsen Rake, gift med Anders Jonsen Bøe.  De to døtrene ser ut til å være Marte Botolfsdatter sine, men sønnene må være Anders sine fra et tidligere ekteskap. Brite Andersdatter er som du ser gift med Ingebrigt Aarem/Årheim, og Agnete Adersdatter som er yngste søster i følge skiftet, tror jeg må være den Agnete Arnesdatter som ble gift på Brynestad.

 

Anno=1728 den 1ste Juny blev Sterboens Angifne Midler eftter afgangne Shl: Anders Joensen som boede paa den gaard Indre Bøe i Stryens Skibbred, udj Lensmanden Lars Falleids oververelse, Lovligen Registrerede, og af tvende uvillige Dannemend, navnlig Rasmus Tonning og Ole Erichsen Yttre Bøe vurderede, Nerverenden hans igienlevende Hustrue Marite Bottolphs Datter med hendes begierte Loverge og Broder, den Dannemand Ole Bottolphsen Rache, saa og den Sl: Mands, saavel med forrige afdøde, som med denne hans igienlevende Hustrue avlede fire børn, navnlige

  1. Joen Andersen Bøe
  2. Paul Andersen Eide,
  3. Brite Andersdatter giftt med Ingebrit Aarem, og
  4. Agnete Andersdatter endnu ugiftt

Og eftter at boens midler etc..

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 6 , 1727-1731, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register bak i protokollen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24223/109/

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dette har eg skrive om i eit innlegg lenger oppe. Sonen Jon er nok frå eit tidlegare ekteskap, men Paul Eide er nemnt som syskenbarn til Brite Nesje i hennar skifte, så han er nok Marte sin son; død før skiftet på Rake i 1766.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.