Gå til innhold
Arkivverket

Hermund Larsson Jor(d)anger i Hafslo, f. kring 1660 - flytte han til Valdres eller Hallingdal? - let 1730 etter seg sønene Lars, John. Knut og Anders!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hermund Larsson, fødd kring 1660 (eller kanskje noko før) og oppvaksen på garden Joranger nedre i Hafslo i Sogn, dreiv heimebruket på Joranger frå kring 1685 til 1691 då han forsvinn frå bygdi.  Han er ikkje å sjå i Sogn og Fjordane i 1701.

 

I 1730 var det skifte på Skjerdal i Aurland etter Ingebrigt Tollefson Skjerdal, eit søskenbarn av Hermund Larsson som døydde det året utan å etterlata seg korkje born eller søsken!  Då får me veta at Hermund var avliden, men at han let etter seg fire søner, som alle levde i 1730:

 

* Lars Hermundson

 

* John Hermundson

 

* Knut Hermundson

 

* Anders Hermundson

 

Men diverre seier ikkje protokollane noko om KVAR desse gutane budde!  Ingen av dei var i Hafslo i 1701, og eg finn ingen gode "kandidatar" for nokon av dei i resten av fylket heller!

 

Me veit at det var noko flytting over fjellet sist på 1600-talet, både til Hallingdal og til Valdres.  Kan Hermund eller i alle fall sønene hans ha teke vegen dit?  Er det nokon med lokal kunnskap i Hallingdal eller Valdres som dreg kjensel på nokon av desse namni?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet då det syner seg at eitt av namni er feil!  Det vart nemlig i mars 1730 teke opp tingsvitneforklaring i Hafslo om ætti etter Ingebrigt Skjerdal, og der står det tydeleg at den yngste sonen etter Hermund Larsson heitte:

 

* ANFIND Hermundson.

 

Men hjelper dette?  Manntalet frå 1701 for Bergenhus len syner TO personar med dette namnet i heile lenet.  Dei budde båe i Balestrand, ein på Bruhjell og ein på Skrenes, men det kan ikkje vera nokon av dei!

 

So kvar vart det av denne søskenflokken, borni etter Hermund Larsson?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er eg skikkeleg overvelda!  For eit par timer sidan prata eg med Thor Warberg, bygdebokskrivaren for Ål, og han identifiserte huslyden frå skiftet etter Hermund Larsson Rotneim frå 1720.  Han sende meg òg opplysningar frå bygdeboki for Gol.  No er dessutan innlegget til Sven kome til for å stadfesta opplysningane.  Hjarteleg takk til dykk båe!  Eg er kjempenøgd!!

 

Manntalet for 1701 manglar tydeleg for Hallingdal, so dette var ikkje lett å finna, og dessutan ser me at namnet til den andre sonen var feil i tingboki, d.v.s. det er svært vanskeleg å lesa skrifti...  Jon og Iver ser ganske so like ut...

 

No vil eg sjekka primærkjeldene frå Gol for fleire detaljar, men i all hovudsak ser eg no på dette problemet som løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.