Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kven var Johanna Melling - gift i Kankakee, IL 1876 med Ole Nickelson? - truleg fødd i Noreg 1848/1851/1852 og død i Thermopolis, WY 1909?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg finn denne vigsli i Kankakee, IL (kjelde FamilySearch):

 

~~~~~~~~~~~

 

Name: Ole Nichalsen

Married: 17 Apr 1876

Place: Kankakee, Illinois

Spouse: Johanna Melling

 

~~~~~~~~~~~

 

Eg trur denne Ole Nickelson er identisk med Ole Mikkelson Wikum, fødd i Hafslo 19.1.1844, utvandra i 1853 og avliden under namnet Oliver Nickelson i Thermopolis, WY 29.8.1899.  I so fall er Johanna identisk med ei som i Amerika er kalla:

 

Johanna MARTIN, oppgjeven fødd i Noreg 20.7.1851 eller 1852 eller 20.9.1848, døydde i Thermopolis, WY 28.12.1909.

 

Det ligg føre fleire motstridande opplysningar om denne Johanna; mellom anna vert det påstått at Ole og Johanna gifte seg i Iowa i 1872, men eldste barnet Andrew Morton Nickelson var fødd i Yellow Medicine Co., MN 16.1.1877, ein dato som ligg nøyaktig ni månader(!) etter den nemnde vigsli frå Kankakee, IL!

 

Men so er spørsmålet:  Kven var Johanna MELLING?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

 

Det er vel denne som gifter seg her?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001120279

 

 

Edit: Carsten, så ikke at du hadde lagt den ut før meg...

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Sven og Lars J. for spennande og interessante innlegg!

 

Det første innlegget frå Lars J. nemner huslyden til Ole og Johanna i Iroquois Co., IL 1880 og fødsli til sonen Clarence same stad i 1883.  Denne fødsli gjev oss prov på at dette er parfolket som i 1876 gifte seg i Kankakee, IL, og det er med andre ord eit "blindskot".  Dette er ein annan Ole og ei anna Johanna!!

 

Her er huslyden til "mine" Ole og Johanna i 1880 katalogisert som Markelson i Yellow Medicine Co., MN:

 

http://interactive.ancestry.com/6742/4241849-00648/48147671?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3d1880usfedcen%26h%3d48147671%26ti%3d0%26indiv%3dtry%26gss%3dpt%26ssrc%3dpt_t1322_p-1860763508_kpidz0q3d-1860763508z0q26pgz0q3d32768z0q26pgplz0q3dpid&ssrc=pt_t1322_p-1860763508_kpidz0q3d-1860763508z0q26pgz0q3d32768z0q26pgplz0q3dpid&backlabel=ReturnRecord

 

Og her er dei same stad i FT1885:

 

http://interactive.ancestry.com/1058/mnsc_47-0333/5662784?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3frank%3d1%26new%3d1%26MSAV%3d1%26msT%3d1%26gss%3dangs-g%26gsfn%3dole%2b%26gsln%3dmikkelson%26msbdy%3d1844%26msbpn__ftp%3dNorway%26msbpn%3d5173%26msbpn_PInfo%3d3-%257c0%257c1652381%257c0%257c5173%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c%26msrpn__ftp%3dYellow%2bMedicine%2bCounty%252c%2bMinnesota%252c%2bUSA%26msrpn%3d3224%26msrpn_PInfo%3d7-%257c0%257c1652393%257c0%257c2%257c3247%257c26%257c0%257c3224%257c0%257c0%257c%26msrpn_x%3dXO%26msrpn__ftp_x%3d1%26cpxt%3d0%26catBucket%3drstp%26uidh%3d008%26cp%3d0%26pcat%3dROOT_CATEGORY%26h%3d5662784%26recoff%3d9%2b10%26db%3dMNstatecen%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d1&ssrc=&backlabel=ReturnRecord

 

I 1886 flytte huslyden til Hermosa, Custer Co., SD.  Sidan budde dei òg i Hot Springs, Fall River Co., SD til dei kring 1892 flytte til Casper, WY.  So tok dei i 1897 "homestead" nær Thermopolis, Hot Springs Co., WY der du Lars J. har funne dei i 1900.  Eg har òg stussa over avviki i fødestader, mellom anna på faren til Johanna sine born, men gjennom barneflokken har me prov for at dette er den "rette" huslyden!

 

Det er uklart kva tid dei endra ættenamnet frå Mickelson til Nickelson, men truleg var det, medan dei budde i South Dakota.  Ole hadde fleire søsken i Yellow Medicine Co., MN, men dei miste all kontakt med Ole og huslyden hans då dei flytte til SD (kjelde: eit barnebarn av søsteri Kjestina).

 

Mysteriet er altso like langt frå svaret som før:  Johanna kjend som Johanna Martin må ha gift seg med Ole Mikkelson ein gong før 1877.  Kan henda gifte dei seg likevel ein eller annan stad i IOWA slik nekrologen etter Johanna frå 1909 seier?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.