Gå til innhold
Arkivverket

Er det mogeleg å få hjelp til oppslag i bygdebøkene for Lom og Vågå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har vanskar med å få på plass opphavi til desse ektefolki frå Gudbrandsdalen.  Kan nokon hjelpa meg med oppslag i bygdebøkene for Lom og Vågå?

 

Ætti til Thorø vart teke opp i eit tema for ein månad sidan, og eg takkar Ann-Mary for innlegg der (http://forum.arkivverket.no/topic/189672-thor%C3%B8-hansdotter-rudser-fr%C3%A5-lom-til-m%C3%A5lselv-1823-1870-opphavet-hennar/?hl=%2Bthor%C3%B8+%2Brudser#entry1605191), men problemet er ikkje løyst...!

 

Eg siterer frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~

 

5. Johanna Nilsdotter, f. 14.3.1849,

Johanna Nilsdotter flytte til Målselv med foreldri i 1859, men gifte seg første gongen i Lyngen 13.6.1873 med enkjemannen Paul Olson, opphavleg frå Solhjem i Sel, Vågå.  Han var son av

 

##### (husmann Ole Pederson på Tullut under Solhjem og kona Anna Paulsdotter frå Heradalen under Breden i Sel, Vågå - sjekka desse opphavi?)

 

og f. i Vågå 29.3.1818.  Paul flytte i 1846 til Målselv der han 3.7.1847 gifte seg første gongen med Thorø, kjend som Thorina Hansdotter frå Rudser i Lom.  Ho var dotter av

 

##### (Hans Rasmusson og Embjør Larsdotter - yrkestitlar og opphavi deira?)

 

og f. i Lom 30.6.1823.  Paul og Thorina slo seg ned som gardbrukarar på Djupvik i Lyngen der Thorina d. 13.7.1870.  Paul og Johanna heldt fram som gardbrukarar på Djupvik i Lyngen der Paul so d. 18.2.1892. 

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg har motteke ein merknad frå ein etterkomar etter Paul Olson som påstår at opplysningane om mori Anna Paulsdotter IKKJE er riktige.  Eg har motteke følgjande utsegn:

 

"Paul Olsens mor het Anna Paulsdatter, men opphavet hennes er neppe/ikke det som er oppgitt.  En kilde fra Gudbrandsdalen som kjenner Tullut meget godt, sier helt bestemt at den oppgitte Anna Paulsdatter er feil og begrunner det.  Oppgitt alder da vår Anna døde i Djupvik stemmer heller ikke med fødselsdatoen til den oppgitte Anne.  Jeg har snakket med ......................... som er kilden til dataene.  Hun kjente også til det jeg skriver, men valgte likevel å bruke disse dataene i sin slektsbok.
Det er mulig vår Anna kommer fra Nord-Fron, men der er kirkebøkene brent, så foreløpig 'sitter jeg fast'."

 

Her treng eg med andre ord eksperthjelp, men kanskje bygdebøkene kan gje svar?

 

PS: Eg var so sikker på at oppphavet til Paul Olson var drøfta før, men eg finn ikkje noki tilvising når eg søkjer gjennom Arkivet til Brukarforum!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gro Anita og Helge for spennande innlegg!

 

Men no vart eg litt i stuss.  Eg har før oppfatta det slik at Tullut, Solhjem og Breden ligg i Sel, som vel den gongen var ein del av Vågå?  Eller er eg heilt "på jordet"?

 

Det er ikkje so lett å skjønna geografien i eit område der ein er heilt ukjend...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du er på rett spor Lars, Sel var en del av Vågå den gang, og Otta er kommunesenteret i dagens Sel kommune.

Men det er ikke lett å "lese" B) alt som er lagt ut bestandig.

 

Oddleiv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.