Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Militært dødsfall 1857 - Sjur "Harald" Skophammer frå Hafslo - strandsitjar i Solvorn eller norsk militæroffiser?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eit merkeleg problem er dukka opp i Hafslo etter opplysningar frå Sør-Afrika:

 

Sjur Jensson Skophammer, husmannsson, fødd i Hafslo 3.9.1822, gifte seg i Hafslo 21.11.1854 med Johanna Olsdotter Fedt, husmannsdotter, fødd i Hafslo 22.6.1832.  Etter det eg veit, budde Sjur og Johanna som strandsitjarar i Solvornstrondi, Solvorn i Hafslo.  Eg finn ikkje dødsfallet hans registrert i Hafslo, men skiftet etter Sjur vart slutta 31.7.1857.  Einaste barnet, dotteri Anna Sophie, var fødd i Hafslo 28.5.1856.

 

Anna Sophie utvandra i 1860 med mori og stefar Georg Fredrik Carlsen til Transvaal, Sør-Afrika, men Anna Sophie miste livet då "Drummond Castle" forliste 16.6.1896 utanfor kysten av Bretagne, og lokal presse i Transvaal kunne 4.7.1896 fortelja følgjande:

 

STEPHENS - On June 16, by the wreck of the Drummond Castle, Harold Stephens, his wife Anne Sophia Stephens, and their daughter Anne Berkeley, aged two years; Harold Stephens, of the firm of Knights and Stephens, solicitors, Johannesburg, second son of the late Henry Stephens, M. R. C. S., and Anne Stephens, late of Grove House, Finchley; Anne Sophia Stephens, wife of the above Harold Stephens, daughter of the late Harald Skophammer, formerly an officer in the Norwegian Army, and Johanna, his wife, who subsequently married the Rev. George F. Carlsen, now of Enhlazana Mission Station, Transvaal.

 

Det ser ut for meg som om strandsitjaren frå Solvorn både bytte førenamn og vart "forfremma" til norsk militæroffiser.  Eg tykkjer dette høyrest mildt sagt "merkeleg" ut, men me skal samstundes hugsa på at dødsfallet hans Sjur IKKJE er registrert i Hafslo, so kanskje døydde han under militær teneste ein eller annan stad i Noreg?

 

Er det nokon som har noki meining om dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att eit tema som har stått "urøyrt" sidan eg la det ut i mars i år.  Eg reknar vel ikkje med at nokon skal kunna løysa problemet, men det hadde vore kjekt om nokon hadde gjort seg tankar kring denne personen?  Ein eller annan stad bør han jo vera avliden??

 

Eg takkar på ny so mykje for alle tips og tankar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Hei Lars.

 

Så vidt eg ser, så er det kun ein Sjur Jensen som er fødd kring 1822 i Hafslo.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=5804&merk=5804#ovre

 

Eg har ikkje noko godt svar på spørsmålet ditt, men kanskje dette kan vere av interesse uansett.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=KOLOF1&personpostnr=746&merk=746

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Denne saki er diverre vorte liggjande, men betre seint enn aldri!  Takk til deg, Egil, for at du har vore innom og sett på dette emnet!

 

Eg har vore inne og freista før, men lukkast ikkje då, og heller ikkje i dag greier eg å henta opp den siste referansen din!  Kan du kort gjera greie for kva det går ut på eller senda ho på ny?

 

Elles må eg vel berre slå meg til ro med at problemet ikkje kan løysast...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Dette er et skjermbilde av den siste referansen:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt oppklarande innlegg"!  So var altso Sjur Jensson kolerasjuk i 1849, men han vart jo tydeleg frisk att...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for spennande og svært nyttig innlegg!  Eg lyt tilstå eg har aldri tenkt på "Norsk Rigstidende" som kjelde for avheldne skifte, men kanskje var det i dette tilfellet litt "spesielt" då Sjur var jekteskipper og må ha hatt samkven med mange ulike personaner, som sikkert har butt over større avstandar...!?

 

Eg vil tru at Sjur Jensson må vera avliden ein eller annan stad undervegs, mest truleg mellom Solvorn og Bergen.  Men her finst det mange mogelege anlaupsstader, og det gjeld om å finna den rette...?

 

Uansett, nokon militæroffiser kan me i alle fall slå fast at Sjur i alle fall IKKJE var!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
Skrevet (endret)

Hei Lars

 

Kom over en annen Skophammer i engelsk fangenskap ifb. med Napoleonskrigen. Ikke mye jeg har å by på men du har, eller klarer gjerne å plassere han ?

Han satt i fangenskap i 1811 så født på 1700 tallet

 

Peder Skophamer—1811——Napoleonic Wars

Ole S Undredahl—1810 - Chatham - England - Napoleonic Wars

 

Den siste her er kanskje fra Flom ?

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for ei spennande melding!

 

Eg var for ei tid attende borti ein annan kar som sat i fangenskap i Chatham og attgjev frå manuskriptet under gnr. 138, Buskaker i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~

 

Hans Henrik Jørgensen, f. i Bergen 20.9.1790, gjekk i seglmakarlære, men reiste ute som matros då han i oktober 1809 vart teken som krigsfange i England og fengsla i Chatham.  Han vart frigjeven i mars 1811, men d. før 1818, utan at me veit noko meir om lagnaden hans.

 

~~~~~~~~~~~

 

Men eg har i farten vanskar med å sjå kven denne Peder Skophammer kan ha vore.  No var det slik at soldatane ikkje alltid hadde namn etter staden dei kom ifrå, so kan henda er han alt omskriven ein eller annan stad hjå meg, men utan at eg kan hugsa kvar...

 

MEN det finst ein mogeleg person, som eg gjerne vil nemna:

 

Anders Iverson Skophammer frå Skophammar i Hafslo (1740-1792), flytte til Bergen der han vart kjend som Anders Hammer.  Han etterlet seg ein einaste son:

 

* Peder Andersson (Hammer), fødd i Bergen 15.1.1782

 

Eg har aldri greidd å finna lagnaden til denne Peder og lurer på: kan han vera identisk med Peder Skophammer som du Ivar nemner som fange i 1811?

 

Er det mogeleg å finna fleire opplysningar om denne krigsfangen??

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
Skrevet (endret)

Hei Lars

 

Jeg tror også du har en god kandidat i Peder Andersen.

 

Orginal transkriptet til Peder Skophamer er å finne her hvis noen er medlem i "Find My Past" og kan være behjelpelig med å "åpne"

 

Det er også en Peder Skuphamer på neste side, vil anta det er samme mann.

 

https://www.findmypast.com.au/search/results?_page=9&firstname=peder&firstname_variants=true&databasetitle=napoleonic wars&datasetname=prisoners of war 1715-1945

 

Mvh

Ivar

 

Ser nå at jeg la inn dette i feil tråd.Flytter det over til den rette.

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hans Henrik Jørgensen, f. i Bergen 20.9.1790, gjekk i seglmakarlære, men reiste ute som matros då han i oktober 1809 vart teken som krigsfange i England og fengsla i Chatham.  Han vart frigjeven i mars 1811, men d. før 1818, utan at me veit noko meir om lagnaden hans.

 

Her er også linken til Hans Henrik - https://www.findmypast.com.au/search/results?datasetname=prisoners+of+war+1715-1945&firstname=hans&firstname_variants=true&keywords=bergen&databasetitle=napoleonic+wars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.