Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Skånevik - oppslag i bygdebok - identifikasjon av Johannes Johannesson Færavik - kva med svigerforeldri hans frå Sogn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I eit tidlegare emne (http://forum.arkivverket.no/topic/175065-johannes-johannesson-1767-og-britha-olsdotter-1759-haugianarar-fraa-sogn-til-romsdalen-kring-1820/?hl=%2Bjohannes+%2Bsk%C3%A5nevik#entry1494251) kjem det i innlegg #6 fram følgjande, skrive av Grethe Flood:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Fra Skåneviksboka, bind III, s. 414-415:

"Teigane eller Dugneteigane.

192. Johannes Johannesen Færavik frå Indre Færavik (15g) i Åkra, 1817-1866, gifte seg i 1844 med Synneva Johannesdatter Kjerringnes, kr. 1802-1884, frå Kjerringnes i Sogndal i Sogn. Same året fekk dei festesetel på "Jordstykke Dugneteigene, hvilket Plads hidindtil har været brugt af Peder Pedersen Aasheim". Beiterett hadde dei for alle dyr som plasset kunne vinterfø. Men kalvar og svin måtte dei sjå til å halda borte frå presten sin heimehage. Alle dei hine husdyra måtte dei føra til Rodalen tidleg på sommaren "og lade dem der forblive til Høsten".

Dei fødde to storfe, sju sauer og ein gris, ser me av folke- og jordbruksteljinga i 1865. Og dei sådde ei halv tønne havre (70 liter) og like mykje poteter.

Dei hadde ein son som døydde da han var 27 år:

a. Kristoffer f. 1846, d. 1873, ug.".

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Under same emne innlegg #16 skreiv eg m.a. følgjande>

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Elles har eg vanskar med å identifisera FØDSLI til Johannes Johannesson Færevik indre! Han var fødd i 1817, òg Vigsli seier faren heitte Johannes Knutson Færevik, men eg finn ikkje nokon Johannes Johannesson fødd i Skånevik 1817 med far Johannes Knutson!? Det næraste eg kjem er ein Johannes Johannesson, fødd "uekte" 6.2.1817 med far Johannes ....? og mor Ingrid Johannesdotter Færevik. Kan det vera han? Kven var i so fall faren?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No vonar eg at einkvan, kan henda med eit oppslag i nemnde bygdebok, kan hjelpa meg identifisera fødsli/dåpen - og foreldri - til Johannes Johannesson, fødd 1817?

 

ooooooooooooooo

 

Elles står det att å finna lagnaden til foreldri hennar Synneva Johannesdotter "frå Kjerringnes i Sogndal".  Johannes Johannesson vart døypt i Hafslo 28.5.1767, medan kona Britha Olsdotter vart døypt i Hafslo 22.7.1759.  Dei var husmannsfolk på Øyri under garden Nagløyri i Sogndal fram til kring 1821, då dei forsvinn frå bygdi, om lag på same tid som dotteri Synneva.  Me veit Synneva budde ei tid på Tyse på Stord FØR ho flytte til Skånevik, og medan mistankane mine kring denne huslyden, før Synneva vart oppdaga på Stord og i Skånevik, først gjekk mot Romsdalen, trur eg heller dei flytte med dotteri til Sunnhordland!  MEN, er det mogeleg å finna spor etter dei der nede?  Dato og stad for dødsfalli deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Skåneviksoga II s. 104, Færavik:

 

 

Johannes Knutsson Færavik 1793-1847 g 1824 med Brita Torbjørnsdatter Flesjo 1800-64. 5  barn.

 

Dessuten hadde Johannes ein son med Ingrid Johannesdatter som tente i Færavik i 1816. Det var 'pigens 2 leiermaal'. :

 

Johannes f 1817, Teigane u. Prestegarden i Skånevik, gm Synneva Johannesdatter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Jeg finner ikke Skåneviksoga bd. 2 på NB.

Skulle bare ha sjekket hva som står om gården Ølvestveit i bd. 2, s. 107.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Ingen Johannes er nevnt på Ølvestveit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Javel, da var han ikke derfra. Det sto Berg etter navnet hans da Johannes ble konfirmert i 1835. Kan det være prestegården ?

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Ja, Berge er en plass/bruk under prestegården, men jeg finner heller ikke der noen Johannes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Marie Skålnes

Starten av denne tråden er henta frå Prestegarden i Skånevik, der Johannes og Synneva budde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete, Berit og Marie for mange spennande innlegg!  Eg skreiv eit innlegg etter det første frå Grete, men det er vorte borte..., av ein eller annan grunn...

 

Vigsli til Johannes Johannesson med Synneva Johannesdotter har farsnamnet hans som Johannes Knutson, og fødselsinnførsli til Johannes frå 1817 har eit patronymikon som på grunn av overskriving ikkje kan tolkast utan å sjå på originalen.  Men det er vel rimeleg sannsynleg at Johannes Knutson Færavik verkeleg var barnefaren frå 1817?  Eller er de usamde med meg?

 

Uansett, me sit att med problemet kring lagnaden til foreldri hennar Synneva Johannesdotter:

 

Johannes Johannesson, døypt i Hafslo 28.5.1767

 

Britha Olsdotter, døypt i Hafslo 22.7.1759

 

Johannes og Britha var husmannsfolk på Øyri under Nagløyri i Sogndal, men forsvinn derifrå kring 1821.  Eg trudde opphavleg at dei kunne vera farne til Romsdalen, men etter at Synneva dukka opp på Stord, har eg meir tru på at ogso foreldri kan vera flytte dit.  Men med so vanlege namn, er det vel ganske so vanskeleg å finna dei att?

 

Dei databaseregistrerte kyrkjebøkene for Stord (dødsfall) har berre EIN aktuell "kandidat" for Johannes:

 

* Johannes Johannesson, husmann, nordre Bjelland (søndre Tvedte), 72 1/2 år gamal, døydde 13.5.1841

 

Den beste "kandidaten" for Britha synest vera:

 

* Britha Olsdotter Thysestølen, husmannskone, 80 år gamal, døydde 28.8.1944

 

Det var jo på Tyse at Synneva dukka opp som tenestejente...

 

Kanskje nokon har tips å komma med?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×