Gå til innhold
Arkivverket

John Ingebrigtson Høgh Aasen (1760?-1792?), omreisande på Vestlandet med vinterbustad i Luster - og ættekrinsen hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av Tema #14098 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/99917-14098-john-ingebrigtson-hoegaasen-gift-i-luster-1788-omstreifarfraa-melhus-eller-kvar/?hl=%2Bh%C3%B8g%C3%A5sen#entry819949), eit tema som aldri vart løyst.

 

John Ingebrigtson Høgh Aasen var ein framandkar som kom "reisande" til indre Sogn i 1780-åri og gifte seg i Luster 8.1.1788 med Dortha Marie Johannesdotter Wedvig (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-176).  Forlovarane var Johannes Næs og Daniel Svendson.  Daniel var omreisande hesteskjærar!

 

Dortha var rimelegvis fødd i Vedviki i Hafslo og vart døypt i Joranger kyrkje i Hafslo 21.12.1766, tvilling med ei Christine Margrethe Johannesdotter og dotter av ein Johannes Pederson, truleg òg ein "reisande".  Dortha vart konfirmert frå Flahammar i Luster i 1783.

 

John og Dortha busette seg på Slottet, ein plass under Skildeim i Luster, like innanfor merket med Flahammar og ikkje langt frå bustaden til Daniel Svendson.

 

John og Dortha fekk to born i lag, og då dotteri Anna Malene vart døypt i Gulen 6.7.1787, var ein av fadrane hennar ein Johannes Pederson Hyllestad, truleg far hennar Dortha.  Då sonen Mons vart døypt i Luster 26.12.1789 - faren då kalla Haagaasen - (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-109), var tre av fadrane Daniel Svendson, Sara Svendsdotter og Jens Christenson, alle "reisande"!

 

John Ingebrigtson må vera avliden kring 1792, uvisst kvar, og 5.12.1799 gifte Dortha Marie seg att i Luster med Ole Christopherson frå Fodnes i Lærdal, son av omreisande Christopher Olson (fødd kring 1741) og kona Mari Pedersdotter (fødd kring 1745), i mange år med tilhald på Fodnes i Lærdal!  Ole vart døypt i Vinje på Voss 30.8.1778.

 

Christopher Olson og Mari Pedersdotter, i 1801 busette på Fodnes i Lærdal, er òg av ukjende opphav.  Mellom borni deira var:

 

* Ole Christopherson, døypt Vinje, Voss 30.8.1778 (sjå ovanfor)

 

* Svend Christopherson, døypt i Leikanger 31.1.1781, d. kort etter

 

* Bertha Christophersdotter, f. i Lærdal 26.1.1782, d. kort etter

 

* Ragnhild Christophersdotter, f. kring 1784, nemnd 1801

 

* Anna Marie Christophersdotter, døypt i Leikanger 13.5.1787, nemnd 1801 som Marie

 

* Svend Christopherson, f. kring 1790, nemnd 1801

 

Her er det mykje å gripa tak i, først og fremst:

 

A. Kven var John Ingebrigtson Høgh Aasen?

 

B. Kven var Johannes Pederson "Hyllestad" og kona hans, foreldri til Dortha?

 

C. Kven var Christopher Olson og Mari Pedersdotter?  Kan Johannes og Mari ha vore søsken?

 

Eg vonar det kan lata seg gjera finne ut noko meir om denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om eg tolkar utsegni til Wenche Johanne Falck Borgersen (innlegg #29 under dette emnet: http://forum.arkivverket.no/topic/174137-mons-pederson-og-inger-marie-pedersdotter-omstreifarektepar-nytt-barn-oppdaga-kvar-var-han-foedd/page-2) rett, so kallar ho John for:

 

John BEDIKTSOS

 

og han skal òg ha vore omstreifar.  Men dette namnet Bediktsos er heilt ukjent for meg...

 

Ei skikkeleg gåte denne mannen!

 

Elles meiner eg å ha funne opphavet til Christopher Olson, som i 1801 budde på Fodnes i Lærdal:  Hesteskjerar Ole Olson og kona Dortha Svendsdotter fekk nemleg ein son:

 

* Christopher Olson, døypt i Vinje sokn på Voss 20.4.1755 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7089&idx_id=7089&uid=ny&idx_side=-33).

 

Alderen stemmer rett nok ikkje heilt, men ættekrinsen er rett.  Svendsætti er tema i dette emnet: http://forum.arkivverket.no/topic/190744-svend-svendson-hols%C3%A6th-1720-1809-f%C3%B8rste-kona-anna-rochling-omstreifande-folk-i-sogn-og-fjordane-opphavet-og-omfanget-av-denne-%C3%A6tti/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.