Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Thorine Henriksdotter - gift i Bergen i 1803 og mor til fire born - var ho frå Vassenden i Gloppen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Simonson (Høynes) og Thorine Henriksdotter gifte seg i Bergen 3.7.1803 og fekk fire born i lag, alle døypte i Domkyrkja;

 

* Simon Olai, fødd i Bergen 21.1.1805

 

* Agathe Marie, fødd i Bergen 5.10.1807

 

* Henrik, fødd i Bergen 19.6.1811

 

* Johanna, fødd i Bergen 18.5.1815

 

Ole Simonson hadde opphavet sitt frå Høynes i Eid, men kvar var Thorine ifrå?  Eg finn ho ikkje i FT1801 nokon stad i landet, og det einaste dødsfallet i Bergen som høver so nokolunde, er eit almisselem Thorine Henriksdotter som døydde 26.4.1853, men ho var 88 år gamal og synest vera noko i eldste laget...(?)

 

Eg har sett på fadrane og finn fleire som må vera skyldfolk av Ole Simonson, men ingen som utan vidare kan knyttast til Thorine!

 

MEN ved dåpen til Simon Olai i 1805 er mori (einaste gong!) kalla THORA Henriksdotter.  Kanskje det var rette namnet hennar?

 

Eg finn ei Thora Henriksdotter, 28 år gamal, som i 1801 tener hjå Crispinus Andersson på Solheim store i Årstad.  Ho synest vera døypt i Gloppen 11.10.1772 av foreldri Henrik Larsson Wasenden og Agatha Andersdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-89).  Namnet til mori kan tyda på oppkalling...  Men er det nokon med lokal kunnskap i Gloppen som kan stadfesta at dette er rett person?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Personen du har funne i 1801 er identisk med Tora Vassenden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for bekreftande svar!  Eg kan vel då gå ut ifrå at det var den same Thora "Thorine" som gifte seg i Bergen i 1803, jmf. mellom anna oppkallingi av Agatha!  Då er eit nytt hòl i soga om Luster oppfyllt.  Eine svigersonen til Ole og Thorine var fødd i Solvorn!

 

Problemet er med dette løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.