Gå til innhold
Arkivverket

Sorenskrivar Knut Erling, kjend som Erling Olson Birketvedt (1902-1994) - biografiske opplysningar om huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Knut Erling, kjend som Erling Olson Birketvedt, fødd i Ankenes 16.12.1902 som son av jarnbaneoppsynsmann Ole Jørgenson Birketvedt og kona Ragnhild Knutsdotter f. Leesland, vart student i Caen i Frankrike i 1922 og cand.jur. i 1926.  Han var frå 1927 til 1929 sekretær ved fransk-norsk handelskammer i Oslo og deretter domarfullmektig i Sunnfjord til han i 1931 vart tilsett i Finans- og tolldepartementet, først som sekretær og frå 1938 som byråsjef.  Han vart buande i Oslo til 1946.  So vart Erling 8.3.1946 utnemnd til sorenskrivar i indre Sogn, og i september 1946 flytte han inn i skrivargarden i Solvorn der han budde til 1952 då han vart sorenskrivar på Jæren.  Då dette ombodet vart omregulert i 1967, heldt Erling fram som sorenskrivar i Sandnes til han gjekk for aldersgrensa i 1972.  Han døydde 4.2.1994 og ligg gravlagd på Eiganes kyrkjegard i Stavanger.

 

Denne biografien er for so vidt uttømmande med omsyn til Erling sjølv, MEN eg sit att med fleire spørsmål:

 

* Kvar voks egentleg Erling opp?  Foreldri flytte ein del, i alle fall før 1910 (jmf. fødestadene til borni deira: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036563001433), då dei budde på Simonstad i Åmli, men kvar "hamna" dei til slutt?

 

* Kvar budde Erling Birketvedt dei åri han var sorenskrivar på Jæren, og sidan i Sandnes?

 

* Kvar budde Erling som pensjonist, og kvar døydde han?

 

* Ingen stader finn eg referansar til kone eller born.  Er det mogeleg å finna ut noko meir om huslyden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at Lars E Øyane er ivrig i å stille spørsmål her på forumet. Sist jeg var bort i et slikt spørsmål gjaldt det undersøkelsen i Nederland (Centraal Bureau voor Genealogie) den 9. april. Jeg svarte ham etter beste evne, den 11. april. Siden da har jeg ikke hørt noe fra ham. Dette synes jeg er skuffende og jeg stiller meg spørsmål om hans seriøsitet. Er forumet for ham bare enveis kommunikasjon?
Selvfølgelig har jeg forsøkt en privat melding til ham om saken, men det virket ikke. Kanskje er han ikke registrert medlem i det hele tatt?
JanM

 

Endret av JanMKeus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. studentbiografien hans, utgitt 1951, så giftet han seg i 1946 med Kari Louise Søiland, f. 10-8-06, dtr. av distriktssjef Ketil S. (1871-1940) og Sina Marie Watne (1874-). Ingen barn er nevnt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan og Carsten for nye innlegg!

 

Jan: Eg seier meg lei for det som har skjedd, men eg vil skriva eit innlegg til deg under emnet om arkivi i Nederland.

 

Carsten: Det var kjempeflott at du fann kona til Erling Birketvedt.  Det ser derimot ut til at ho på eit eller anna vis berre "forsvinn"...  Eg finn huslyden Søiland i 1910 i Fredrikstad der Kitel "Ketil" Søiland då var politibetjent, men kvar det sidan vart av dei, finn eg ikkje noko meir om...

 

Det kan vel sjå ut som om Erling og Kari var barnlause, men kanskje det var ein tanke å freista fina ein DØDSANNONSE for Erling, kan henda i Stavanger eller i Sandnes?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Dåpen til Kari Louise i 1906

Østfold fylke, Vestre Fredrikstad, Ministerialbok nr. I 6 (1894-1914), Fødte og døpte 1906, side 231. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25950&idx_id=25950&idx_listetype=dp&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-232
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040909220247.jpg

 

Karsten, født 1896, konfirmert 1911

Østfold fylke, Vestre Fredrikstad, Ministerialbok nr. I 7 (1899-1927), Konfirmerte 1911, side 127. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25951&idx_id=25951&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-127
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040909250133.jpg

 

Lars Wathne, født 1898, konfirmert 1913

Østfold fylke, Vestre Fredrikstad, Ministerialbok nr. I 7 (1899-1927), Konfirmerte 1913, side 153. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25951&idx_id=25951&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-153
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040909250159.jpg

 

På bokhylla finner jeg boka "Norsk politiforbund 1905-1930" finner jeg Ketil Søiland, Fredrikstad, som varamann i styret i 1908-1910 og 1910-1912. Han var også varamann i 1918-1920 og da står politibetjent Kitil Søiland, Haugesund. Han er også nevnt i den alfabetiske navnelisten til landsmøtene og der ser det ut som det står Haugesund også i 1916.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!

 

Erling og Kari fekk to born i lag, som båe lever, og eg har vore i kontakt med eitt av dei.  Saki har soleis løyst seg, og eg må berre få seia meg lei for at eg har gløymt å melda frå om dette i Brukarforum!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hjarteleg takk til Johan Arthur for nytt innlegg!

 

Eg vil tru det er politibetjenten du har finne på kyrkjegarden i Haugesund.  Han døydde på den tidi.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.