Gå til innhold
Arkivverket

Sorenskrivar Johannes Gustavson Risting (1910-1987) - biografiske opplysningar om huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Gustavson Risting (1910-1987) var den siste sorenskrivaren som budde i den gamle skrivargarden i Solvorn i Hafslo.  Eg ønskjer å få med ein nokolunde komplett biografi om Johannes og huslyden hans, og her er kva eg har samla so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Gustavson Risting, opphavleg frå Klokkargarden i Vardal, var f. i Vardal 18.10.1910 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     1961 med Silvia Margherita Solveig Larsdotter Eknes frå

 

     ##### (kvar oppvaksi? – Italia!!)

 

     Ho var f.

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     26.11.1915.

Johannes Risting vart cand.jur. i 1939 og arbeidde fra 1941 som sekretær i Riksrevisjonen og deretter i Innanriksdepartementet til han vart avsett i 1944.  Han arbeidde so i sekretariatet til den sivile heimefronttenesta til han i 1945 vart tilsett som jurist i Erstatningsdirektoratet.  Han vart i 1952 utnemnd til statsadvokat i Oslo, ei stilling han hadde fram til 1964.

 

##### (stemmer dette?)

 

Men i 1964 kom Johannes Risting som ny sorenskrivar til Indre Sogn, og han og Silvia flytte på same tidi inn på Christianeslyst.  Johannes vart siste sorenskrivaren som budde på Christianeslyst, og han flytte herifrå i 1968.

Sorenskrivarkontoret vart i 1966 flytt til Sogndal, og dit flytte òg Johannes og Silvia Risting i 1968.  Johannes heldt fram som sorenskrivar i Indre Sogn til han i 1973 vart tilsett som sorenskrivar i Solør og året etter flytte til

 

##### (kvar?)

 

I 1977 gjekk Johannes Risting av med pensjon, og han og Silvia busette seg same året som pensjonistar i

 

##### (kvar?)

 

Johannes d.

 

##### (dødsstaden hans? – gravlagd Vestre Gravlund)

 

5.12.1987, medan Silvia Risting d.

 

##### (dødsstaden hennar?)

 

4.2.2004.  Dei var barnlause.

 

##### (sjekka om barnlause?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon kan hjelpa meg med fleire detaljar om denne huslyden, ville eg setja stor pris på det og takkar so mykje på førehand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er skrevet i studentbiografien fra 1956:

 

Johannes Risting, statsadvokat, Slemdal, Oslo, f. 18-10-10 Vardal, sønn av lærer, kirkesanger Gustav Olav R. (1878-1938) og Ragna Oline Skagen (1884-1932).

 

Cand. jur. 1936. - Sekretær (juridisk) for Bondepartiet med Stortingsgrupper 1937-40, sekretær Riksrevisjonen 1941-43, kommunalavdelingen i Innenriksdepartementet 1943-44. Avskjediget fra departementet av NS okt. 1944. Ansatt Erstatningsdirektoratet i den jur. avd. 1945, sekr. og konsulent 1947, kontorsjef 1949, avd. sjef (jur. avd.) 1952. Statsadvokat i Oslo 1952-.

 

 

Jeg vil anta at det er Silvias far som er omtalt i boka om St. Olavs Orden:

 

Lars Eknes, grosserer i Genova. Født 20-11-1888 i Bergen. Eks. Handelsgymnasiet, Bergen. Sekretær ved generalkonsulatet i Genova 1911-13, grosserer sst. 1914-29, i Torino siden 1929. Norsk konsul sst. 1932. Fung. generalkonsul i Geneve. Ridder av 1. klasse St.O.O. 1-8-1927 "for tjenester ydet norske interesser i Italia".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten fredag 29 sept 1961

 

Formiddagsbryllup, 30 ds.

 

Silvia Margherita Solveig Eknes og

statsadvokat Johannes Risting

Begge Oslo

 

Adr.for dagen:

L.Eknes,Via Corsica,Genua

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Solveig for kjepeflotte innlegg om Johannes Rusting og kona hans.  Eg har fått svar på fleire av spørsmåli mine!

 

Men, er det kanskje mogeleg å finna DØDSANNONSAR i Aftenposten for dei to, som kanskje kan fortelja oss noko om kvar dei då budde og kvar dei døydde.  Og kven levde att etter dei?

 

Og er det nokon som veit kvar sorenskrivaren i Solør hadde bustaden sin på 1970-talet?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Oslo Adressebok 1990/91

 

Risting,Silvia Solveig M.

Gaupefaret 16

 

Det er en dødsannonse på Johs.Risting i Aftenposten 9 des 1987

 Noen som kan legge til bilde av annonsen ?

(Jeg får ikke det til)

 

Han døde på Kajalund sykehjem

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Solveig for nytt innlegg som avklarar dødsstaden til Johannes Risting.  Samst7ndes lyt me vel tolka det slik som at dei som pensjonistar budde i Oslo.  Eg vonar på å motta sjølve dødsannonsen for å sjå kven som elles levde att etter Johannes...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Min inderlig kjære mann, og beste venn, vår kjære bror, svoger og onkel Gille Johs. Risting døde på  Kajalund sykehjem idag. Oslo 5. desember 1987.

 

Silvia

 

Astrid

 

Solveig og Jarle

 

Dagny og Leif

 

Åse

 

Svanhild og Ola-Per

 

Øvrige familie.

 

Bisettes i Vestre krematorium, gamle kapell onsdag 16. desember kl. 12.45.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for dødsannonsen til Johannes Risting!  Det vert nok ikkje so lett å finna desse slektningane hans, men no er dei fleste detaljane komne på plass, ogso etter at eg i ettermiddag hadde ein prat med den siste sorenskrivaren i Solør.  Han kunne fortelja meg at skrivargarden ligg på Flisa i Åsnes, og der budde ogso Johannes Ristiong dei åri han var sorenskrivar der.  Og som pensjonist flytte Johannes til Oslo.

 

Er det so mogeleg å finna ein dødsannonse etter Silvia Risting?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.