Gå til innhold
Arkivverket

Om seriøsitet i Arkivverkets fora - ein definisjon?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utgangspunktet for dette emnet er ein uttale som eg i dag under eit anna emne har motteke frå meddebattant Jan M. Keus og som lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

"Jeg ser at Lars E Øyane er ivrig i å stille spørsmål her på forumet. Sist jeg var bort i et slikt spørsmål gjaldt det undersøkelsen i Nederland (Centraal Bureau voor Genealogie) den 9. april. Jeg svarte ham etter beste evne, den 11. april. Siden da har jeg ikke hørt noe fra ham. Dette synes jeg er skuffende og jeg stiller meg spørsmål om hans seriøsitet. Er forumet for ham bare enveis kommunikasjon?
Selvfølgelig har jeg forsøkt en privat melding til ham om saken, men det virket ikke. Kanskje er han ikke registrert medlem i det hele tatt?
JanM"

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er sjølvsagt svært so lei meg for at eg ikkje svarte Jan med ein gong etter det spennande svaret han gav meg i nemnde tema, men som fleire av dykk veit, har eg vore mykje sjuk, og på den tidi då dette hende, stod eg midt i førebuingane til ein svært slitsam påskereise,  Eg har forresten aldri motteke noki eige melding som Jan M. Keus seier han har sendt, med mindre han har freista ei melding gjennom arkivverket.  Denne postboksen min vert nytta som arkiv og er full støtt!

 

Eg har drive med ættegransking i 45 år og har i bortimot 40 av desse åri vore sysselsett med bygdebokskriving for Luster kommune i Sogn, det aller meste av denne tidi på deltidsbasis.  Eg har for det meste forska i Noreg og i det norske Amerika og har soleis sport opp meir enn 90% av emigrantane til Amerika til og med første generasjon fødd etter utvandring.  Eg lærte "the hard way", d.v.s. med å lesa kyrkjebøker, folketeljingar og andre originalkjelder utan tilgjenge til databasar eller debattforum av noko slag, so då Statsarkivar Yngve Nedrebø for snart 15 år sidan gjorde meg merksam på Arkivverkets Debattforum og kva nytte eg kunne ha av dette i arbeidet mitt, oppdaga eg ganske so snøgt at mediet var heilt fantastisk og verdifullt, nettopp i samband med eit arbeid som det eg har drive med og der eg er avhengig av kontakt over kommunegrensene!  Mellom bidragsytarane i Brukarforum sit det folk med lokal kunnskap frå alle delar av landet!  Eg tør påstå at kvaliteten av dei siste bandi av bygdebøkene for Luster er vesentleg betre takka den hjelpi eg her har motteke!  Samstundes freister eg òg svara på spørsmål som gjeld mitt område.  Eg har alltid ønskt meg eit forum der lokale forskarar og bygdebokskrivarar kan utveksla opplysningar for å sikra ei betre kartleggjing av interkommunal flytting!  Kanskje ein dag...?

 

På bakgrunn av den store betringi i forskingsarbeidet som Arkivverkets fora har bragt med seg, har eg som prinsipp alltid å takka for tilsende opplysningar, sjølv om det ikkje alltid skjer same dagen som opplysningane kjem.  Stundom tek det tid å skriva eit konstruktivt og tilpassa ("adekvat") svar, eller eg kan vera forhindra av andre orsaker, ikkje minst helsemessige.  Eg freister alltid å halda debattane i ein høfleg tone.  I utgangspunktet les eg alle svar som seriøse, og eg svarar alltid på ein, etter mitt syn, seriøs måte.  Truleg er dette grunnen til at eg so å seia aldri mottek useriøse innlegg.

 

Eg er sjølvsagt opprørt over at Jan M. Keus stiller spørsmål ved min seriøsitet, og eg er interessert i å få vita om dette er eit allment inntrykk som brukarane i Arkivverkets fora sit med?  Dersom so er tilfelle, må eg på det sterkaste få seia meg lei for dette, og eg er den første til å bøyga meg i støvet!  Eg vil gjera alt eg kan for å betra seriøsiteten og sikra kvaliteten av debattane i Brukarforum og Arkivforum og oppmodar samstundes alle andre til å gjera det same.

 

Eg vonar på kommentarar og ønskjer alle meddebattantar ein fin sommar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars: Gløym det! Alle hjelper deg og du hjelper alle tilbake; at du ikkje står klar og svarer til ei kva tid er heilt rimeleg, men det er gjerne litt synd at du ikkje er å få tak i gjennom meldingsboksen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Visst er du seriøs! Spørsmålene dine bærer alltid preg av grundige undersøkelser du har gjort på forhånd, og du takker alltid så vakkert, – stå på, Lars!

 

Med ønske om en god sommer og god helse!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kan ta det heilt rolig,  Lars !  Og du må SJØLVSAGT bruka forumet som Yngve tipsa deg om for 15 år sidan !

 

Ikkje alle er på data 24 timar 7 dagar i veka.  Og sjuk kan alle væra.

 

Så fortsett og bruka dette fora som før, Lars !

 

God kveld frå

Jon i Bergen

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du gir svært gode tilbakemeldinger, Lars. Det har jeg stor respekt for, spesielt siden det er svært mange personer du skal ha overblikk over i bygdebokskrivingen og det derfor er svært mange svar du får i forumet. Svarene du gir er alltid respektfulle og tilbakemeldingene er konkrete.

 

Jeg synes det er å "rette baker for smed" å gi uttrykk for irritasjon overfor Lars E. Øyane. Det er nemlig mange som ikke kommer med noen tilbakemelding i det hele tatt, etter å ha postet en etterlysning. Hovedårsaken til dette er strukturell - en feil ved en forumprogramvareoppdatering i 2012 nullet ut innstillingene om å få e-postvarsel om svar i temaene en starter eller deltar i. Dette er det mange som ikke er klar over.

 

At innboksen er full. er etter mitt syn også et strukturelt problem. Det samme er den plassen en har til rådighet til å legge inn vedlegg til forumsvarene. For de av oss som svarer på etterlysinger i svenske kilder, (som ikke er gratis tilgjengelig), er svært mye av den plassen allerede, etter tre og et halvt års drift, brukt opp.

 

Det er gitt forslag til moderator om differensiert størrelse på vedleggslageret og det samme kunne kanskje fremmes vedrørende PM-boksen. Dette bør tilpasses aktiviteten en har i forumene.

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er forøvrig ikke vanskelig å finne Lars sin e-postadresse slik at en kan sende melding til ham på den måten isteden. Den finnes i svært mange av temaene han har startet, siste gang her: http://forum.arkivverket.no/topic/190449-s%C3%B8k-i-centraal-bureau-voor-genealogie-nederland/#entry1614038

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til dykk alle for hyggelege attendemeldingar!

 

Eg er rørt over den massive støtta eg har fått frå so mange meddebattantar, so eg vonar at seriøsiteten min skal vera so nokolunde "redda".  Men, eg skal gjerne freista gjera det endå betre slik at ALLE kan verta nøgde!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til dykk alle for hyggelege attendemeldingar!

 

Eg er rørt over den massive støtta eg har fått frå so mange meddebattantar, so eg vonar at seriøsiteten min skal vera so nokolunde "redda". Men, eg skal gjerne freista gjera det endå betre slik at ALLE kan verta nøgde!

Lars, du er ikkje berre seriøs - du er ein bauta når det gjeld bygdebøker og ættegransking. Du er ein av dei som er til å lita på. Sjukdom og stor arbeidmengd tar på for nokon kvar. Og når du då i tillegg har ei digital postkasse som mest truleg kan samanliknast med ein full kasserolle som 'kokar over' - vel, då har no i alle høve _eg_ full forståing for at det av og til kan ta si tid med svar- og tilbakemeldingar.

 

- Veit du Lars, eg synest du skal ta den tida du treng. Det hastar som oftast ikkje, og det står aldri om liv her i dette fora. For 99,5% av desse som me leitar etter og skriv om er som kjent forlengst avlidne ;)

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godeste Lars!

 

I et drøyt tiår har jeg hatt den glede av å kunne hjelpe deg etter beste evne. Du er en av mine "favoritter" med dine beskrivende temaoverskrifter og utfordrende og spennende spørsmål. I de aller fleste tilfeller har jeg fått et "hjarteleg takk til Carsten" som svar tilbake og det er hyggelig. Skulle jeg ikke få tilbakemelding, så ofrer jeg ikke en tanke over det. Jeg prøver også å bistå de som jeg vet ikke vil svare tilbake, for meg er ikke det noe globalt problem.

 

Stå på Lars, måtte det komme mange flere spennende "nøtter" fra deg i årene fremover. Lykke til med behandling og helse.

 

Hilsen Carsten (som har det meste av plager bortsett fra smak og lukt).   :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ganske så forunderlig melding til Lars sett i forhold til hans opptreden her i forumet.

Det har alltid vært en fryd å kunne komme med innspill - eller bare å følge med på spørsmål som berører slektsrøttene i Sogndal eller Luster - og for ikke å nevne den flott nynorsken Lars bruker!

 

Personlig har jeg den opplevelsen at de aller fleste på forumet er rause og hjelpsomme. Og samtidig stusser jeg over de tilfeller hvor det visstnok er så viktig å korrigere andre. Jeg fikk f.eks. påpakning for at brukernavnet JarleifN kombinert med underskriften "J. Nordheim" var å regne som anonym opptreden...

 

Nei, la oss seg på dette som et tilfeldig feilskjær og heller glede oss over all den hjelp som raust stilles til rådighet.

 

Mvh Jarleif

 

PS! Og hvor kom brukernavnet JarleifN fra? Dette ble da endret til Jarleif Nordheim for lenge siden?

Endret av JarleifN
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det å forvente svar på et innlegg i et forum er ingen selvfølgelighet. Noen kan riktignok anse det som god folkeskikk, men forventer man svar i løpet av kort tid så har man nok bommet litt etter min mening. Det ligger i forumets natur at et svar kan vente lenge på seg. Selv ikke det offentlige er pålagt å gi noen tilbakemelding i løpet av noen dager. Hadde man sendt et brev til kommunen sin 11 april, så hadde man vel fått en slags tilbakemelding i forrige uke, i beste fall.

 

Om noen ikke svarer dagen etter, vel, så får man vente. Går det lang tid og man begynner å bli utålmodig, ja da får man "bumpe" tråden, ikke sende andre private meldinger med et sånt innhold (til hans forsvar, så er det kanskje dårlig formulert og ikke gjennomtenkt. Kanskje han var redd for å etterlyse svar/kommentar direkte i tråden, hva vet jeg...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(...)

 

PS! Og hvor kom brukernavnet JarleifN fra? Dette ble da endret til Jarleif Nordheim for lenge siden?

.

Ved oppdateringen 27. januar 2014 av innloggingsmåten på forumet og på Digitalarkivet, som nå er synkronisert. Da kom det melding om at noen hadde fått brukernavnet tilbakestilt til et tidligere brukernavn eller til e-postadressen: http://forum.arkivverket.no/topic/189875-problemer-med-forumet-etter-oppdateringen-liste-over-hvordan-de-forskjellige-problemene-kan-l%C3%B8ses/#entry1606883

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er enig med de andre her jeg Lars.. Du er både seriøs og høflig, og de få gangene jeg har kunnet svare deg har jeg fått et "hjarteleg takk". 

Endret av Anne Lise Hovdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det med full innboks vil kunne vere irriterande dersom ein ynskjer kontakt og ikkje finn epostadressa i farten. Dersom det av praktiske omsyn ikkje er mogeleg å "frigjere" innboksen kunne kanskje ein mogeleg utveg vere å gje opp epostadressa i signaturen under kvart innlegg. Eg er elles einig i det som alt er sagt i alle støtteerklæringane ovanfor.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må berre få lov til nok ein gong å få takka for dei mange hyggelege støtteerklæringane og attendemeldingane som er komne, og ein særskild takk til Torbjørn for eit kjempegodt forslag til løysing på problematikken kring "full innboks".  Eg har med ein gong vore inne og endra signaturen min!

 

Redigert med følgjande tillegg: Og eg oppdagar til mi store glede at endringi er gjort "med attendeverkande kraft", d.v.s. òg for alle dei gamle innleggi!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har gjennom årene i forumet opplevd både Lars E. Øyane og Jan M. Keus som positive og respektfulle debattanter, og vil vel tro at det mest er teknikken som har sviktet ved manglende tilbakemelding? Og denne PM-boksen blir fort full!

Det kan være mange grunner til at det kan ta tid med både svar og takk, som sykdom, dataproblemer, reiser osv. så overbærenhet i så måte er vel greit å ta innover seg.

 

 

Endret av Reidar Oddløkken
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har hatt gleden av å lese mye av det Lars har skrevet i mange år, og jeg har også fått grundige og hyggelige tilbakemeldinger på spørsmål jeg har stilt ham direkte. Stå på som før, Lars, så lenge du kan og i ditt eget tempo, og vit at du har veldig mange venner du ikke vet om (enda)!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har vært fraværende her på forumet et stund nå Lars. Av litt samme grunner som er grunnen for dette temaet. Jeg synes det har kommet inn for mye kritikk og lav takhøyde. Ofte noen som har behov for å korrigere, kritisere og vite best.  Når det er sagt så har jeg gjennom mange år hatt stor glede av dette forumet, og skulle gjerne sett at det fortsetter slik.

 

Når noen nå setter spørsmål ved din seriøsitet så måtte jeg bare inn og svare igjen. Det kan liksom ikke stå uimotsagt, og jeg ser at mange støtter deg her, det gjør også jeg. Jeg har vært med på forumet her siden det ble startet og det har vel også du. Jeg har gjennom mange år hatt stor glede av den hjelp jeg har fått av deg, og jeg har hatt stor glede av å kunne hjelpe deg litt tilbake. Alltid svarer og spør du med stor innsikt og grundighet. Du har vært en solid klippe gjennom disse årene. 

 

Så Lars, slike kommentarer kan du trygt se bort ifra, fortsett med alt du gjør. At man ikke alltid kan svare på en henvendelse med en gang er jo igrunnen helt naturlig og har sine grunner. Jeg fikk noe av samme kritikken som du vedr min store svenskedebatt for noen år siden, fra et par personer. Opplevde heldigvis å få samme støtten som kommer deg til del nå, og det tok brodden av det hele.

 

Så stå på Lars. Vi har alle her en hobby vi er glade i - sånn skal det fortsette.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han er en av de gamle ringrevene på forumet, som har en stor kunnskap, og det gangene jeg har hatt hans hjelp, så har Lars vært grundig. Dette er egentlig det jeg kaller for uhøflighet. Stå du på Lars.

 

Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har bevist ventet med å respondere på innleggene rundt Lars' seriøsitet, og regner nå med at de fleste har sagt sitt.
La meg si i denne omgang at jeg er enig i at man tar opp spørsmålet generelt om høflighet og hva som er rimelig ventetid på et kommentar-innlegg.

Hvis dere også har lest den opprinnelige tråden, så vet dere at han og jeg forlengs har gjort opp med hverandre og at vi nu er vel forlikt.
Faktisk mer enn normalt forlikt; vi er på en måte blitt mer klar over hverandres existens.
Jeg beklaget mitt utsagn ovenfor Lars personlig og vi har via e-mail og her på Forumet utvekslet de data jeg har kunnet finne om slekten Van Pappelen.

 

Vennlig hilsen

JanM

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.