Gå til innhold
Arkivverket

Britha Olsdotter Mansverk frå Hafslo via Bergen til Voss (1796-1877) - lagnaden til yngste dotteri hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet tek utgangspunkt i tema #11819 frå det gamle brukarforum, som vart drøfta ved årsskiftet 2002/2003: http://forum.arkivverket.no/topic/97711-11819-britha-olsdotter-mansverk-1796-fraa-solvorn-til-voss-lagnaden-hennar/?hl=britha+voss#entry802907

 

Her følgjer ei oppúmmering av "status" for dette problemet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Britha Olsdotter, døypt 4.7.1796,

Britha Olsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 19.1.1823 gifte seg med Ole Johannesson frå Midtun på Voss.  Han var son av husmann Johannes Larsson på ein plass under Kolve, sidan husmann på Sundsteigen under Midtun, men opphavleg frå Straume på Vossestrondi, og første kona Abelona Johannesdotter frå Vinje på Vossestrondi.  Han var f. på Gavle og vart døypt på Vossestrondi, Voss 19.4.1795.  Ole var flytt til Bergen som soldat, men han og Britha flytte kring 1830 attende til Voss der dei tok over som plassfolk på Sundsteigen under Midtun etter far hans.  Ole d. som husmann på Sundsteigen 31.1.1835, og som enkje budde Britha som innerst mellom anna på Rekve og sidan på Gjermo på Voss, men ho d. som husmannsenkje på Vossevangen, Voss 22.4.1877.  Me kjenner til tre born etter dette paret:

a. Anna Bergitte, kjend som Bergitte Olsdotter, f. i Bergen 16.9.1824, d. som husmannskone på Gjernes på Voss 29.11.1885.  Bergitte gifte seg på Voss 3.4.1871 med Iver Knutson, opphavleg frå Nyre på Voss, døypt på Voss 28.2.1813.  Han d. som enkjemann på Gjernes 27.3.1895.  Iver var snikkar, hjulmakar og felemakar, og han og Bergitte budde som plassfolk på Tintrebakken under Gjernes, Voss.  Dei fekk ikkje born i lag, men Bergitte hadde ei dotter før ho vart gift.

b. Abelone Olsdotter, f. i Bergen 23.1.1827, d. i Bergen 7.2.1827.

c. Britha Olsdotter, f. på Voss 28.3.1834,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – budde kan henda som legdelem med mori på Gjermo i 1875!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein skal sjølvsagt ikkje sjå bort ifrå at Britha og Ole kan ha fått fleire born enn desse tre døtrene, men i utgangspunktet gjeld problemet mitt å finna lagnaden til den yngste dotteri Britha Olsdotter, som eg reknar med er identisk med den ugifte jenta som i 1875 budde i lag med mor si på Gjermo ved Vossevangen.

 

Er det i det heile mogeleg å finna ein dødsdato for denne jenta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spennande innlegg!

 

Eg var ikkje merksam på dei databasane som ligg føre med dødsfall på Voss, og når eg no studerer dei og samanlikner med FT1865, er det ikkje urimeleg å tru at du Carsten har funne den rette!  Ho høver i alle fall svært godt, hadde det ikkje vore for bustaden hennar, men det må jo ikkje tyda noko her, so lenge som Britha må ha vore på legd i mange år.

 

Eg vil leggja inn eit spørsmål i Arkivforum; kan henda finst det skifte som kan avklara problemet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.