Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Hans Henrikson, fødd på Eraker i Borgund, Lærdal 1812 - til Melvær i Askvoll - lagnad for han og borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgangspunkt i eit tidlegare emne om bygdebokoppslag i Borgund, Lærdal (http://forum.arkivverket.no/topic/172310-oppslag-i-bygdeboki-for-lcrdal-band-i-borgund-garden-eraker/?hl=%2Bmetta+%2Bsvendsdotter#entry1475465).

Eg vil i dette emnet konkret drøfta lagnaden til Hans Henrikson, fødd på Eraker i Borgund, Lærdal 1.10.1812 som "uekte" son av Henrik Henrikson frå Voll i Lærdal (1775-    ) og Metta Svendsdotter frå Eraker (1792-1875) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11596&idx_id=11596&uid=ny&idx_side=-51).  Mori Metta Svendsdotter flytte truløeg kring 1815 til Hafslo og var sidan tenestejente i Solvorn der ho til sist vart legdelem.

Eg kan ikkje sjå at denne sonen Hans Henrikson nokon gong kom til Hafslo.  Bygdeboki for Lærdal har heller ikkje opplysningar om lagnaden hans!  So kvar vart han av?

Kan han ha vorte att i Borgund?  Er han kan henda konfirmert der sist på 1820-talet?  Og so bortflytt??

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Redigert: Emnetitelen er endra etter at Terje og Randi har supplert opplysningar som syner at Hans Henrikson flytte til Askvoll!!!

Edited by Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Share this post

Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Hei Lars,

Ser at Hans er konfirmert i Askevoll 1829. Han er #34

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Konfirmerte 1829, side 276-277. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-141
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640015.jpg

Mvh. Terje Hagen.

Edited by Terje Hagen

Share this post

Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

? Vielsen nr. 14, med far Henrik Hansen og hva står som stedsnavn på den unge brudgommen?

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Ekteviede 1832, side 364-365.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-185

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640060.jpg

Mvh Randi Elisabeth Haugros

Share this post

Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

En sønn, Jonas, 1833

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Fødte og døpte 1833, side 110-111.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-57

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630658.jpg

Helene 1835:

Dine. 1837

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Fødte og døpte 1837, side 156-157.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-80

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630681.jpg

Petrine 1840

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Fødte og døpte 1840, side 188-189.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-96

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630698.jpg

Malene 1843:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1844), Fødte og døpte 1843, side 240-241.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8598&idx_id=8598&uid=ny&idx_side=-122

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630725.jpg

Edited by Randi Elisabeth Haugros

Share this post

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

I dag er eg vorten skikkeleg bortskjemd!  Hjarteleg takk til Terje og Randi for kjempeflotte innlegg om Hans Henrikson, som endeleg er funnen, i Askvoll!  Og opplysnngane kjem akkurat tidsnok til å komma med i neste bandet av bygdebokserien vår!

For å kan henda trekka merksemdi til andre debattantar med lokal kunnskap i Askvoll, vil eg no òg endra emnetitelen tilsvarande.  Og so vil eg halda fram med leiting etter fleire detaljar...

Nok ein stor takk til dykk båe!

Share this post

Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Askvoll Bygdebok 2 B ligg på nasjonalbiblioteket si nettside. Melvær er gard nr. 61.

Eg har tatt ein pr.scr av sida og sendt på epost til deg.

Her er også ei dotter Johanne Dortea fødd 1846.

mvh Egil

Share this post

Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros
Randi Elisabeth Haugros

Petrine Hansdatter, vielse 1861:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 11 II (1845-1878), Ekteviede 1861, side 294.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1974&idx_id=1974&uid=ny&idx_side=-45

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050819010977.jpg

Ft 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1428&kenr=004&bnr=0072&lnr=000

Share this post

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjartele takk til Egil og Randi for kjempeflotte innspel.  Takk til Egil òg for den skanna bygdeboksida frå Askvoll!

No har eg sete og leitt litt fram og attende i kyrkjebøkene for Askvoll og ymse andre stader, og eg har sett opp følgjande status for manuskritet mitt:

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Hans Henrikson, f. i Lærdal 1.10.1812.

Hans Henrikson flytte kring 1827 til Askvoll der han vart konfirmert i 1829 og gifte seg 2.5.1833 med Johanna Jonasdotter frå Nikøy i Askvoll.  Ho var dotter av gardbrukar Jonas Knutson på Nikøy og kona Arnoldina, kjend som Dina Jensdotter frå Ask og vart døypt i Askvoll 7.2.1802.  Hans og Johanna budde først nokre år som innerstfolk på Alesøy i Askvoll, men flytte kring 1838 til Melvær i Askvoll der dei etter kvart fekk seg ein plass på Guriøy.  Hans d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1846 og før 1865!? – finn ikkje Askvoll!)

medan Johanna d. som kårenkje på Melvær 20.12.1874.  Dei fekk seks born i lag:

a. Jonas Hansson, f. i Askvoll 14.6.1833, d. på Nikøy i Askvoll 7.5.1834.

b. Helena Hansdotter, f. i Askvoll 16.7.1835,

     ##### (finn ho korkje konfirmert eller avlidi i Askvoll! – lagnaden hennar?)

c. Dina Hansdotter, f. i Askvoll 12.1.1837, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1885!)

     Dina gifte seg i Hamre 13.4.1855 med Baste Gabrielson frå Fyllingen i Hamre, f. på Hopsdal i Hamre

     ##### (fødsels- eller dåpsdato? – finn ikkje i databasen over fødde i Hamre!)

     1814.  Han d. som gardbrukar på Fyllingen 5.11.1885.  Baste og Dina tok over etter foreldri hans som gardbrukarar på Fyllingen i Hamre og fekk

     ##### (kor mange born? – fem born nemnde 1875!)

d. Petrina Hansdotter (1840-1890), vart gift med fiskar og strandsitjar Christen Olson på ein plass under Smelvær i Askvoll (1828-1886), opphavleg strandsitjarson frå Uri under Sjøtun (s.d.).

e. Malena Hansdotter, f. i Askvoll 18.6.1843, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910 då ho budde hjå yngste dotter si i Bergen!)

     Malena gifte seg i Askvoll 28.10.1863 med Bernt Andersson frå Nikøy i Askvoll, f. i Askvoll 17.10.1830.  Han d. som strandsitjar og fiskar på Tistel i Askvoll 30.9.1910. 

     ##### (yrke og bustad? – tok først over heimeplassen hennar på Guriøy under Melvær? – 1900: husmann og fiskar på Tistel i Askvoll!)

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst seks!)

f. Johanna Dorthea Hansdotter, f. i Askvoll 16.6.1846, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     Johanna gifte seg i Askvoll 11.11.1875 med Mathias Olai Mathiasson frå Korssund i Askvoll, f. på Sætre i Askvoll 2.10.1855.  Han d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

     ##### (yrke og bustad? – Hågøy?)

     ##### (talet på søner og døtrer?)

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Når det gjeld dotteri Petrina, so gifte ho seg med ein direkte utflyttar frå Hafslo, og huslyden hennar er forska før - komplett!

Einaste sonen fann eg avliden før året var omme, men eg fann korkje Helena eller faren Hans Henrikson mellom dei avlidne i Askvoll fram til 1865.  Helena er heller ikkje mellom konfirmantane, so eg trur nok at ho må vera avlidi i ung alder, jmf. avstanden i fødselstidspunkta mellom Helena og Dina!

Eg veit ikkje kor mykje meir som er mogeleg å finna om denne huslyden.  Yngste dotteri ser ut til heilt å "forsvinna", eller kanskje har bygdeboki for Askvoll noko under Hågøy!??

Eg takkar på ny alle sogeinteresserte for kjempeflott hjelp so langt!

Share this post

Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Hjartele takk til Egil og Randi for kjempeflotte innspel. Takk til Egil òg for den skanna bygdeboksida frå Askvoll!

No har eg sete og leitt litt fram og attende i kyrkjebøkene for Askvoll og ymse andre stader, og eg har sett opp følgjande status for manuskritet mitt:

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Hans Henrikson, f. i Lærdal 1.10.1812.

Hans Henrikson flytte kring 1827 til Askvoll der han vart konfirmert i 1829 og gifte

seg 2.5.1833 med Johanna Jonasdotter frå Nikøy i Askvoll. Ho var dotter av gardbrukar Jonas Knutson på Nikøy og kona Arnoldina, kjend som Dina Jensdotter frå Ask og vart døypt i Askvoll 7.2.1802. Hans og Johanna budde først nokre år som innerstfolk på Alesøy i Askvoll, men flytte kring 1838 til Melvær i Askvoll der dei etter kvart fekk seg ein plass på Guriøy. Hans d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1846 og før 1865!? – finn ikkje Askvoll!)

medan Johanna d. som kårenkje på Melvær 20.12.1874. Dei fekk seks born i lag:

a. Jonas Hansson, f. i Askvoll 14.6.1833, d. på Nikøy i Askvoll 7.5.1834.

b. Helena Hansdotter, f. i Askvoll 16.7.1835,

##### (finn ho korkje konfirmert eller avlidi i Askvoll! – lagnaden hennar?)

c. Dina Hansdotter, f. i Askvoll 12.1.1837, d.

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1885!)

Dina gifte seg i Hamre 13.4.1855 med Baste Gabrielson frå Fyllingen i Hamre, f. på Hopsdal i Hamre

##### (fødsels- eller dåpsdato? – finn ikkje i databasen over fødde i Hamre!)

1814. Han d. som gardbrukar på Fyllingen 5.11.1885. Baste og Dina tok over etter foreldri hans som gardbrukarar på Fyllingen i Hamre og fekk

##### (kor mange born? – fem born nemnde 1875!)

d. Petrina Hansdotter (1840-1890), vart gift med fiskar og strandsitjar Christen

Olson på ein plass under Smelvær i Askvoll (1828-1886), opphavleg strandsitjarson frå Uri under Sjøtun (s.d.).

e. Malena Hansdotter, f. i Askvoll 18.6.1843, d.

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910 då ho budde hjå yngste dotter si i Bergen!)

Malena gifte seg i Askvoll 28.10.1863 med Bernt Andersson frå Nikøy i Askvoll, f. i Askvoll 17.10.1830. Han d. som strandsitjar og fiskar på Tistel i Askvoll 30.9.1910.

##### (yrke og bustad? – tok først over heimeplassen hennar på Guriøy under Melvær? – 1900: husmann og fiskar på Tistel i Askvoll!)

##### (talet på søner og døtrer? – minst seks!)

f. Johanna Dorthea Hansdotter, f. i Askvoll 16.6.1846, d.

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Johanna gifte seg i Askvoll 11.11.1875 med Mathias Olai Mathiasson frå Korssund i Askvoll, f. på Sætre i Askvoll 2.10.1855. Han d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

##### (yrke og bustad? – Hågøy?)

##### (talet på søner og døtrer?)

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Når det gjeld dotteri Petrina, so gifte ho seg med ein direkte utflyttar frå Hafslo, og huslyden hennar er forska før - komplett!

Einaste sonen fann eg avliden før året var omme, men eg fann korkje Helena eller faren Hans Henrikson mellom dei avlidne i Askvoll fram til 1865. Helena er heller ikkje mellom konfirmantane, so eg trur nok at ho må vera avlidi i ung alder, jmf. avstanden i fødselstidspunkta mellom Helena og Dina!

Eg veit ikkje kor mykje meir som er mogeleg å finna om denne huslyden. Yngste dotteri ser ut til heilt å "forsvinna", eller kanskje har bygdeboki for Askvoll noko under Hågøy!??

Eg takkar på ny alle sogeinteresserte for kjempeflott hjelp so langt!

Det er vel Dina me finn her i Bruvik i FT 1900 for Bruvik, som enkje og vaskekone på Dale Fabrikker. Ho er fødd i Askvoll. Fødselsåret hennar er nokre få år feil, men det oppgjevne etternamnet hennar er _Gabrielsen_ og det var jo namnet til den avlidne mannen hennar, så då er det nok rett dame.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037326003077

Share this post

Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

 Yngste dotteri ser ut til heilt å "forsvinna", eller kanskje har bygdeboki for Askvoll noko under Hågøy!??

BB Askvoll om Hågøy:

Matias Olai Matiasson Korsund f. 1855, gift 1875 med Johannde Dortea Hans dtr Melvær, f. 1846, drukna 1878, Stransitjar med stove og naust. Festebrev på grunn. ikkje nemnd barn i første ekteskap,

Matias gifte seg andre gang 1881 med Ingeborg Andrine Sørensdtør Søre-Folkestad f. 1856, Barn: Matias og Tine. Familien utvandra til USA i 1884.

mvh Egil

Share this post

Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Baste Gabrielsen ble konfirmert i 1829, 15 år gammel. Det skulle tilsi født i 1814?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000334187

Dåpen, se venstre kolonne, dåpsbarn nr. 5

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hamre, Ministerialbok nr. A 9 (1805-1815), Fødte og døpte 1813, side 33.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1906&idx_id=1906&uid=ny&idx_side=-43

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050826040622.jpg

Mvh Randi

Edited by Randi Elisabeth Haugros

Share this post

Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Hans Henriksen kom til Askvoll 16. sep 1828 ilag med ein anna ungdom frå Lærdal.

Mvh. Terje Hagen.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje x 2, Egil og Randi for nye flotte og spennande innlegg!

Sjølv har eg i dag mellom anna følgt opp den yngste dotteri Johanna og huslyden hennar.  Det syner seg at ho og Mathias hadde ein son Martin Johan, fødd i Askvoll 17.12.1875, og han må vera den 7 år gamle Martin J. som i 1884 utvandra med Mathias og andre kona Ingeborg til Amerika.  Huslyden er attfunnen i Wisconsin, men enno manglar eg dødsdatoane for både Mathias og andre kona...

Framleis saknar eg òg talet på born fødde av Bernt Andersson og Malena Hansdotter, men kanskje du, Egil (eller einkvan annan), kan sjå kva bygdeboki for Askvoll seier om det?

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Hans Henrikson, f. i Lærdal 1.10.1812.

Hans Henrikson flytte i 1828 til Askvoll der han vart konfirmert i 1829 og gifte seg 2.5.1833 med Johanna Jonasdotter frå Nikøy i Askvoll.  Ho var dotter av gardbrukar Jonas Knutson på Nikøy og kona Arnoldina, kjend som Dina Jensdotter frå Ask og vart døypt i Askvoll 7.2.1802.  Hans og Johanna budde først nokre år som innerstfolk på Alesøy i Askvoll, men flytte kring 1838 til Melvær i Askvoll der dei etter kvart fekk seg ein plass på Guriøy.  Hans d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1846 og før 1865!? – finn ikkje Askvoll!)

medan Johanna d. som kårenkje på Melvær 20.12.1874.  Dei fekk seks born i lag:

a. Jonas Hansson, f. i Askvoll 14.6.1833, d. på Nikøy i Askvoll 7.5.1834.

b. Helena Hansdotter, f. i Askvoll 16.7.1835,

     ##### (finn ho korkje konfirmert eller avlidi i Askvoll! – lagnaden hennar?)

c. Dina Hansdotter, f. i Askvoll 12.1.1837, d. som enkje på Vossevangen, Voss 19.5.1918.  Dina gifte seg i Hamre 13.4.1855 med Baste Gabrielson frå Fyllingen i Hamre, f. på Hopsdal i Hamre kring 1814.  Han d. som gardbrukar på Fyllingen 5.11.1885.  Baste og Dina tok over etter foreldri hans som gardbrukarar på Fyllingen i Hamre, men som enkje flytte Dina som reingjeringsassistent til Dale i Bruvik, og sidan hamna ho som enkje på Voss.  Ho og Baste fekk visstnok fem born i lag.

d. Petrina Hansdotter (1840-1890), vart gift med fiskar og strandsitjar Christen Olson på ein plass under Smelvær i Askvoll (1828-1886), opphavleg strandsitjarson frå Uri under Sjøtun (s.d.).

e. Malena Hansdotter, f. i Askvoll 18.6.1843, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910 då ho budde hjå yngste dotter si i Bergen!)

     Malena gifte seg i Askvoll 28.10.1863 med Bernt Andersson frå Nikøy i Askvoll, f. i Askvoll 17.10.1830.  Han d. som strandsitjar og fiskar på Tistel i Askvoll 30.9.1910.  Bernt var fiskar, og han og Malena tok visstnok over som plassfolk på heimeplassen hennar på Guriøy under Melvær i Askvoll, men flytte i 1875 til ein plass under Tistel i Askvoll. 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst sju!)

f. Johanna Dorthea Hansdotter, f. i Askvoll 16.6.1846, d. som husmannskone ved drukning nær Hågøy i Askvoll 14.10.1878.  Johanna gifte seg i Askvoll 11.11.1875 med Mathias Olai Mathiasson frå Korssund i Askvoll, f. på Sætre i Askvoll 2.10.1855.  Mathias og Johanna var strandsitjarar på ein plass under Hågøy i Askvoll, men Mathias gifte seg 27.12.1881 att i Askvoll med Ingeborg Andrine Sørensdotter frå Folkestad søndre i Askvoll, f. i Askvoll 5.2.1856.  Mathias og Ingeborg budde ei tid som innerstfolk på Folkestad søndre, men utvandra so i 1884 til Amerika.  Under namni Mathias og Ingeborg Mathiason, sidan Mathews, finn me dei først att som farmarar i Primrose township, Dane Co., Wis., men i 1900 flytte dei til ein farm i Doyle township, Barron Co., Wis.  Som pensjonistar budde dei so frå kring 1919 i Rice Lake, Barron Co., Wis.  Ingeborg d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – tydeleg før 1930!)

     medan Mathias d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1930, truleg før 1940!)

     Mathias fekk i alt åtte born; av dei var ein son frå første ekteskapet med Johanna.

~~~~~~~~~~~~~~~~

Dødsfalli til Hans og dotteri Helena vart truleg vanskelege å finna, men kva med Malena?

Nok ein gong vil eg takka for kjempegodt teamarbeid so langt.  So er det berre å vona at ogso dei siste detaljane kjem på plass...

Share this post

Link to post
Share on other sites
Terje Hagen

Eg vil berre nemna at Johannes Henriksen fødd same året som Hans, han var 'halvbror' til Hans.

Kona til Johannes reiste til Amerika med omtrent alle ungane, tilsaman sju stykker. Dei enda i USA, Greenwood Township.

Der borte har dei ei stor etterslekt fordelt på grenseområdet USA/Canada. Eg hadde stor glede å møte nokon av etterkomarane

i Canada i året 2000 til desse  folka (Johannes) som kom frå Borgund i Lærdal. Kan nokon av desse folki i Askvoll reist 'over there'?

Mvh. Terje Hagen.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Hjarteleg takk til Terje x 2, Egil og Randi for nye flotte og spennande innlegg!

Sjølv har eg i dag mellom anna følgt opp den yngste dotteri Johanna og huslyden hennar.  Det syner seg at ho og Mathias hadde ein son Martin Johan, fødd i Askvoll 17.12.1875, og han må vera den 7 år gamle Martin J. som i 1884 utvandra med Mathias og andre kona Ingeborg til Amerika.  Huslyden er attfunnen i Wisconsin, men enno manglar eg dødsdatoane for både Mathias og andre kona...

Framleis saknar eg òg talet på born fødde av Bernt Andersson og Malena Hansdotter, men kanskje du, Egil (eller einkvan annan), kan sjå kva bygdeboki for Askvoll seier om det?

Ut frå BB Askvoll tel eg at Malene og Bernt fekk 13 barn. Dei budde først på Melvær, seinare Kjempenes. Sender deg ei liste på epost.

mvh Egil Russøy

Share this post

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente, Terje og Egil for flotte og utfyllande innlegg!  Samstundes har eg motteke nye spennande opplysningar frå Rice Lake, WI om Mathias Mathews!

Spørsmål til Egil: Du skriv mellom anna om Bernt Andersson og kona Malena at "Dei budde først på Melvær, seinare Kjempenes". Skal eg tolka dette slik som at dei først var plassfolk på Guriøy under Melvær og frå 1875 på Kjempenes under Tistel?

Elles ser eg at Malena er oppgjevi avlidi i 1918, so eg har lagt inn eit spørsmål om nøyaktig dato i Arkivforum!

Nok eit spørsmål til Egil:  Du synest ha god kunnskap om plassnamni i Askvoll!  Veit du tilfeldigvis kva plass under Smelvær Christen Olson og kona Petrina Hansdotter budde på?

Til Terje: Ingen av borni til Hans Henrikson utvandra til Amerika etter det eg veit (med mindre Helene utvandra...).  Sopnen som Johanna hadde med Mathias Mathiasson, utvandra rett nok med faren og stemori, men synest vera avliden i ung alder i Amerika.

So til funnet til Bente av Heline Hansdotter på Hovland i Askvoll i 1865!  Dette var verkeleg ei kjempespennande oppdaging!  Eg har søkt etter Helene, men ikkje Heline!  Eg har alt søkt etter ein mogeleg konfirmasjon for Helene, men fann ikkje noko, og slutta å bla i konfirmasjonslistene kort etter at eg hadde funne den yngre søsteri Dina!  Kan eg ha oversett ho?  Eller skulle eg ha blatt lenger fram?

Uansett, denne Helene Hansdotter på Hovland MÅ vera identisk med "vår" Helene, dersom namn og alder er rett, for det finst ingen andre!!

No spørst det om lagnaden til Helene likevel kan sporast opp, slik at lagnaden (les: dødsfallet) til Hans Henrikson står att som einaste uløyste problem?

Nok ein kjempetakk for flotte opplysningar!

Regigert: Eg tek like godt med eit nyrevidert utdrag av manuskriptet no når berre få detaljar står att:

~~~~~~~~~~~~~~~

Hans Henrikson, f. i Lærdal 1.10.1812.

Hans Henrikson flytte i 1828 til Askvoll der han vart konfirmert i 1829 og gifte seg 2.5.1833 med Johanna Jonasdotter frå Nikøy i Askvoll.  Ho var dotter av gardbrukar Jonas Knutson på Nikøy og kona Arnoldina, kjend som Dina Jensdotter frå Ask og vart døypt i Askvoll 7.2.1802.  Hans og Johanna budde først nokre år som innerstfolk på Alesøy i Askvoll, men flytte kring 1838 til Melvær i Askvoll der dei etter kvart fekk seg ein plass på Guriøy.  Hans d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1846 og før 1865!? – finn ikkje Askvoll!)

medan Johanna d. som kårenkje på Melvær 20.12.1874.  Dei fekk seks born i lag:

a. Jonas Hansson, f. i Askvoll 14.6.1833, d. på Nikøy i Askvoll 7.5.1834.

b. Helena Hansdotter, f. i Askvoll 16.7.1835,

     ##### (finn ho korkje konfirmert eller avlidi i Askvoll! – kan det vera ho som i 1865 tente på Hovland i Askvoll? – då 30 år og ugoft! – lagnaden hennar?)

c. Dina Hansdotter, f. i Askvoll 12.1.1837, d. som enkje på Vossevangen, Voss 19.5.1918.  Dina gifte seg i Hamre 13.4.1855 med Baste Gabrielson frå Fyllingen i Hamre, f. på Hopsdal i Hamre kring 1814.  Han d. som gardbrukar på Fyllingen 5.11.1885.  Baste og Dina tok over etter foreldri hans som gardbrukarar på Fyllingen i Hamre, men som enkje flytte Dina som reingjeringsassistent til Dale i Bruvik, og sidan hamna ho som enkje på Voss.  Ho og Baste fekk visstnok fem born i lag.

d. Petrina Hansdotter (1840-1890), vart gift med fiskar og strandsitjar Christen Olson på ein plass under Smelvær i Askvoll (1828-1886), opphavleg strandsitjarson frå Uri under Sjøtun (s.d.).

e. Malena Hansdotter, f. i Askvoll 18.6.1843, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

     1918.  Malena gifte seg i Askvoll 28.10.1863 med Bernt Andersson frå Nikøy i Askvoll, f. i Askvoll 17.10.1830.  Han d. som strandsitjar og fiskar på Tistel i Askvoll 30.9.1910.  Bernt var fiskar, og han og Malena tok visstnok over som plassfolk på heimeplassen hennar på Guriøy under Melvær i Askvoll, men flytte i 1875 til Kjempeneset under Tistel i Askvoll.  Dei fekk tretten born i lag.

f. Johanna Dorthea Hansdotter, f. i Askvoll 16.6.1846, d. som husmannskone ved drukning nær Hågøy i Askvoll 14.10.1878.  Johanna gifte seg i Askvoll 11.11.1875 med Mathias Olai Mathiasson frå Korssund i Askvoll, f. på Sætre i Askvoll 2.10.1855.  Mathias og Johanna var strandsitjarar på ein plass under Hågøy i Askvoll, men Mathias gifte seg 27.12.1881 att i Askvoll med Ingeborg Andrine Sørensdotter frå Folkestad søndre i Askvoll, f. i Askvoll 5.2.1856.  Mathias og Ingeborg budde ei tid som innerstfolk på Folkestad søndre, men utvandra so i 1884 til Amerika.  Under namni Mathias og Ingeborg Mathiason, sidan Mathews, finn me dei først att som farmarar i Primrose township, Dane Co., Wis., men i 1900 flytte dei til ein farm i Doyle township, Barron Co., Wis. der Ingeborg d. 29.1.1912.  Mathias flytte snart etter som pensjonist til Rice Lake, Barron Co., Wis. der han d. 9.5.1935.  Mathias fekk i alt åtte born; av dei var ein son frå første ekteskapet med Johanna.

~~~~~~~~~~~~~~~

Edited by Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Share this post

Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Nok eit spørsmål til Egil:  Du synest ha god kunnskap om plassnamni i Askvoll!  Veit du tilfeldigvis kva plass under Smelvær Christen Olson og kona Petrina Hansdotter budde på?

Ja, eg burde i alle fall kunne litt. Likevel klarer eg å rote litt i farten. Det heiter sjølvsagt "i" Melvær og ikkje "på".

Resten må eg sjå på i kveld.

mvh Egil

Share this post

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for ny kommentar!  Eg ventar spent på kvelden...

Eg har forresten fått svar i Arkivforum med dødsdatoen til Malena Hansdotter Tistel.  Ho døydde I Melvær 16.10.1918, men det som undrar meg, er at ho er kalla "gaardbr. enke", medan Bernt Andersson er kalla fiskar og strandsitjar då han døydde i 1910!?  Kanskje du, Egil, har ei forklaring på dette, om ikkje dødsmeldingane kan "avklara" problemet... (http://forum.arkivverket.no/topic/190878-d%C3%B8dsfall-i-askvoll-1918-tistel/) .

Eg har dessverre ikkje noko bedre forklaring på tittelmysteriet enn at her må det vere ein feil (Den er vel gangbar i dei fleste mysterier). Eg ser i 1910, at sonen som då bur på Tistel, er oppført som fiskar og husmann. Ein teori er om plassen kan ha vore utskilt som eige bruk før Malene døydde, og at det har påvirka kva tittel ho fekk, men så vidt eg kan sjå, blei ikkje Tistel utskilt før i 1927.

mvh Egil

Share this post

Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Spørsmål til Egil: Du skriv mellom anna om Bernt Andersson og kona Malena at "Dei budde først på Melvær, seinare Kjempenes". Skal eg tolka dette slik som at dei først var plassfolk på Guriøy under Melvær og frå 1875 på Kjempenes under Tistel?

Nok eit spørsmål til Egil:  Du synest ha god kunnskap om plassnamni i Askvoll!  Veit du tilfeldigvis kva plass under Smelvær Christen Olson og kona Petrina Hansdotter budde på?

Eg forstår bygdeboka slik at dei flytta til Kjempenes i 1875. (Tistel er plassen). I panteregisterert står det oppført at Bernt overtok plassen (dvs bygningar)Tistel i 1870 på ein dødsbuauksjon. (Då kalla Bernt A. Melvær).

Litt usikker på plassen i Smelvær. BB Askvoll: Kristen Olsen Aasen f. 1831 i Hafslo, død 1886 i Smelvær, gift 1861 Petrine Hansdtr Guriøy under Melvær, f. 1840, død Tistel 1890 (kanskje ho då var hos systra).

Eg finn ikkje noko i farten i panteregisteret om kva for ein plass dei budde på, men eg vil tru at FT 1875 skulle kunne gje svar på det. Men det er det kanskje berre statsarkivet som kan svare på, sidan den ikkje ligg ute. Men så vidt eg ser, så er det kun ein plass i Smelvær, så då må det vel vere den.

mvh Egil

Share this post

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.