Gå til innhold
Arkivverket

Albert Albin Andersson, vegarbeidar, f. Älfsborgs län i Sverige 1870, budde i Noreg(?) 1924 - kvar vart han av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I tema #80823 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/166160-80823-albert-albin-johannesson-andersson-f-bornbygd-goeteborg-laen-1870-til-bergen/?hl=%2Balbert+%2Balbin#entry1420097) vart opphavet til Albert Albin Andersson drøfta og oppklart, men eg sit framleis att med problemet:  Kvar vart det av han etter 1924?

 

For å "rekapitulera" soga hans:

 

Albert Albin (Johannesson) Andersson var fødd i Bollebygd i Älfsborgs län i Sverige 28.5.1870.  Han gifte seg i Bergen 5.3.1898 med Anna Tøgine Tøgersdotter, fødd i Hafslo 5.11.1877.  Albert var komen til Noreg som steinarbeidar, men kring 1900 flytte parfolket til Voss der dei visstnok budde til dei i 1909 kjøpte ein mindre eigedom i Solvorn, Hafslo og flytte dit - sjå FT 1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036724001930).  Der skal dei ha vorte buande til kring 1918 då Anna grunna sjukdom kom i pleie hjå andre.  Ho døydde på garden Resaland i Hafslo 14.4.1924.

 

Albert Albin var jarnbanearbeidar, medan dei budde på Voss, og han har framleis dette yrket i 1910.  Då kona døydde i 1924, vert det sagt om Albert Albin at han var "fraværende på anleggsarbeid".

 

Albert Albin flytte aldri attende til Hafslo.  Den einaste dotteri Antonetta gifte seg i Solvorn i 1919 med ein anleggsarbeidar frå Idd med svenske røter, Josva Esekiel Johannessen, og dei flytte til Høyanger og kring 1935 vidare til Oslo.  Barneborn av Antonetta kjenner ikkje lagnaden til oldefaren Albert Albin.

 

Er det so mogeleg å finna ut kvar det vart av Albert Albin Andersson, eller er dette som å leita etter "nåli i høystakken"?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, ser at du i innlegget fra 2010: [#80823] Albert Albin Johannesson Andersson, f. Bornbygd, Göteborg län 1870 - til Bergen? etterlyser opphavet til Albert Albins far,  Anders Peter Hansson Eng. Vet ikke om du har oppklart opphavet, men legger det inn her:

 

Anders Peter Hansson Eng ble født 17.05.1841 av foreldrene Hans Andersson og Catrina Ericsdotter i Hyssna Församling i Älvsborgs län

Han døde 01.02.1903 i Olofstorp, Bollebygd.

 

Her ifra HFL Hyssna 1840-1845:

 

AID:v7037.b19.s25

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for interessant innlegg.  Opphavet til faren Anders Peter Hansson Eng mangla faktisk i manuskriptet mitt, so den opplysningi var skikkeleg velkomi!

 

Eg fryktar for at lagnaden til Albert Albin kan verta svært so vanskeleg å finna...  Svenske jarnbanearbeidarar hadde me jo overalt i Noreg på den tidi, og for alt det me veit, kan "vår" Albert godt faren attende til Sverige...

 

Men, det er lov å vona, og kanskje har eg hell...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Jeg registerer ellers at familien bruker etternavnet Solbakken i f.t. 1910. Hva het datteren til Albert da hun giftet seg i Solvorn i 1919? 

 

I Gravminner finner jeg en Albert Solbakken, død og gravlagt i Sandefjord i 1954. Det er ikke noen fødselsdato på mannen. Men dette kan jo være et skudd helt i tåka... 

 

4065398 Albert  Solbakken            2212  1954  m    A02  11  023       Orelund (Nybo) Sandefjord

 

Men det er nok neppe din mann, for her fant jeg vel kona hans, død 1937:

 

4065397 Karen Marie  Solbakken  0104  1937  k  A02  11  023     Orelund (Nybo) Sandefjord
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Den kandidaten som Grethe fant kunne jo ha vært rett mann, for han kunne jo ha giftet seg på nytt da kona døde i 1924. Men, i følge et slekstre på Geni, har denne Albert som var gift med Karen Marie Oliver til mellomnavn.

 

 

Mvh Bente

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Den kandidaten som Grethe fant kunne jo ha vært rett mann, for han kunne jo ha giftet seg på nytt da kona døde i 1924. Men, i følge et slekstre på Geni, har denne Albert som var gift med Karen Marie Oliver til mellomnavn.

 

 

Mvh Bente

 

 

Takk for oppklaringen, Bente! Her er Karen Solbakken i registeret dødsfallsprotokollen for Sandar lensmannskontor. Men det faller nok bort, siden ektemannen het Albert Oliver Solbakken. Ser av geni.com at Albert Oliver Solbakken var gift to ganger, men den andre kona heter ikke Anna Tøgine. 

Kildeinformasjon: Vestfold fylke, Sandar lensmann, Dødsfallsprotokoll (SAKO/A-545/H/Ha/L0008), 1935-1940, oppb: Statsarkivet i Kongsberg.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/55645/20/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk10101211291021.jpg

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Bente for nye spennande innlegg!  Hjartet sprang i halsen min då eg las første meldingi frå Grethe, men kom snart ned att på jordet då eg fekk lese oppfølgjingane...

 

Eg har elles aldri sett huslyden referert til noko anna enn Andersson, og med eit slikt namn vert det nok bortimot vonlaust å finna lagnaden hans...?

 

Men, eg vonar stadig...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet som framleis ligg uløyst.

 

Albert Albin Andersson, fødd i Sverige 28.5.1870, kom til Noreg som jarnbanearbeidar og budde nokre år i Solvorn i Hafslo, men flytte herifrå att kring 1920 og heldt fram som anleggsarbeidar.  Etterkomarane hans veit ikkje noko om kvar han vart av.

 

Kanskje lyt ein venta på eit fullstendig register over alle dødsfall i Noreg mellom 1920 og 1960(?) for å finna svaret?  Men det vert vel ikkje i mi levetid...(?)

 

Eitkvart godt tips vert motteke med stor takksemd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.