Gå til innhold
Arkivverket

Festesetel i Hafslo 1837 - kvar er det eldre panteregisteret?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Om ikkje eg hugsar heilt feil, finst det ei eldre serie panteregister (i protokollform) for indre Sogn, inklusive Hafslo.  Eg finn ikkje desse inskanna versjon.

 

Det vart 14.4.1837 skrive ut ein festesetel under gnr. 84 Valaker, bnr. 1 til Torsten Hansson Grov.

 

Eg har i dag blatt gjennom pantebøkene frå 13.4.1837 til sommaren 1838, men utan å finna denne festesetelen.

 

* Er det mogeleg å få greie på kvar denne festesetelen kan vera å finna?

 

* Er dette eldre panteregisteret å finna på nettet?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Valaker 84-1, finn du på Haslo, IKKJE Luster.

 

Sjå Panteregister

Velg fylke:  Sogn og Fjordane

Der finn du:  Hafslo II.A.a.11 b.

På side 2 (eller 308) finn du Valaker 84-1

 

Her finn du opplysningar frå 29. oktober 1823 og fram til 1950-talet. 

 

Men nokon oppl den 13. april 1837 finn diverre ikkje eg.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld få henta fram att dette emnet frå sist månad, samstundes som eg sender ein hjarteleg takk til Jon for kommentar!

 

Panteregisteret som du, Jon, syner til, er det "nyare" registeret.  Dette ligg på nettet, og vart vel i utgangspunktet "påbyrja" ein gong på 1870- eller tidleg 1880-talet i samband med den siste matrikkelrevisjonen.  Det tok berre med dei heimlane av eldre dato som ikkje då var sletta.  Soleis manglar ein del eldre festesetlar der bygslarane hadde forlete plassane sine, mellom anna ein del amerikafararar...

 

Det "eldre" registeret trur eg oppstod i 1820- eller tidleg 1830-åri i samband med matrikkelrevisjonen i 1838 og inneheld alle festesetlane som vart tinglesne frå den tid og utover.  Dette registeret har eg sjølv nytta for mange år sidan, so eg veit det finst, men eg saknar ein skanna versjon av det...

 

Når det er sagt, er jo heller ikkje dei gamle "panteregister-korti" frå 1700-talet og tidleg 1800-tal skanna, so vidt eg kan sjå...

 

Det hadde vore kjekt med ei redegjering for desse kjeldene og om dei vil verta tilgjengelege på nettet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Eg saknar framleis opplysningar om kvar det eldre panteregisteret for Hafslo finst?  Om dette ikkje er skanna, lyt me venta lenge på det?

 

Eg takkar so mykje på førehand for svar både på dette og på spørsmålet om festesetelen frå 1837...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er skannet, og det ligger ute. Hafslo var (stort sett) det som tidligere var Solvorn og Marifjøra:

 

Her er siden for Valager store, med henvisning til tinglyste festesedler:

 

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.A.a.7, Sted: Indre Sogn sorenskriveri, Solvorn, Marifjøra tinglag, Oppbevaringssted: SAB
Merknader: Solvorn, Marifjøra
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20071017710730.jpg
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12749&uid=ny&idx_side=-119

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for løysing på dette problemet!  Då er det eldre panteregisteret identifisert, og likeins har eg funne den sakna festesetelen.  Det synte seg han vart tinglesen heile fem år etter han vart skriven!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.