Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Hellik Brynildson (Svalestuen) og Guri Johnsdotter - vigde 1856 i Atrå sokn i Tinn, Telemark - kven var dei? - eit geografisk problem...


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har vanskar med å definera opphavi til dette parfolket og vonar på hjelp frå nokon som er lokalkjende i Tinn i Telemark:

 

Hellik Brynildson (26) og Guri Johnsdotter (31) gifte seg i Atrå sokn i Tinn 14.11.1856 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1418&idx_id=1418&uid=ny&idx_side=-206).  I føde- og bustadkolonna står det "Strand - Svalestuen - Hagar(?)"

 

Hellik Brynildson Svalestuen vart konfirmert i Atrå sokn i Tinn i 1845 - foreldri var plassfolk (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16746&idx_id=16746&uid=ny&idx_side=-62)

 

Guri Johnsdotter Myre vart konfirmert i Atrå sokn i Tinn i 1841 - foreldri var innerstfolk (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16746&idx_id=16746&uid=ny&idx_side=-54) (dotter av John Torstenson - nummer 19!)

 

Hellik og Guri var sidan husmannsfolk på plassen Tjøntveit under Svalestuen i Atrå sokn i Tinn (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0826&kenr=001&bnr=0087&lnr=000) til dei i 1868 utvandra til Amerika.

 

Eg ønskjer å finna ut:

 

* Kva gard/plass hadde Hellik opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Guri opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hellik Brynildson Strand er døpt i  Mæl kirke i Tinn #8

 

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Mæl i Tinn, Ministerialbok nr. II 1 (1815-1843), Fødte og døpte 1830, side 17. 

Permanent sidelenke:    http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1419&idx_id=1419&uid=ny&idx_side=-19

 

Jeg tolker gårdsnavn til Strand men ser på kartet at det kan være Strond (som i idag ikke ligger langt i fra Mæl kirke)

 

Brynild Pedersen og Margit Helleksdatter viet i Atrå kirke  17.06.1825.  #5

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Atrå i Tinn, Ministerialbok nr. I 4 (1815-1843), Ekteviede 1825, side 199. 
Permanent sidelenke:   http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1417&idx_id=1417&uid=ny&idx_side=-152

 

Margit i FT 1801 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=41&filnamn=f18010826&gardpostnr=161&personpostnr=1862&merk=1862#ovre

 

Brynild konfirmert i 1821  #8

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Atrå i Tinn, Ministerialbok nr. I 4 (1815-1843), Konfirmerte 1821, side 251. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1417&idx_id=1417&uid=ny&idx_side=-193

 

 

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Guri Johnsdotter Hæggaard  døpt  28.01.1826 i Atrå kirke #2

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Atrå i Tinn, Ministerialbok nr. I 4 (1815-1843), Fødte og døpte 1824-1826, side 39. 

Permanent sidelenke:    http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1417&idx_id=1417&uid=ny&idx_side=-42

 

Hæggegaard i FT1801

 

 

John Tostensen og Aslaug Johnsdatter viet  12.02.1826 i Atrå kirke  #3

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Atrå i Tinn, Ministerialbok nr. I 4 (1815-1843), Ekteviede 1823-1824, side 198. 

Permanent sidelenke:    http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1417&idx_id=1417&uid=ny&idx_side=-151

 

Mulig kandidat til John i FT1801. (nye FT1801 virker ikke idag.)

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=f18010826&gardpostnr=109&personpostnr=1206&merk=1206#ovre

 

og Asloug

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=25&filnamn=f18010826&gardpostnr=106&personpostnr=1176&merk=1176#ovre

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Leif Mathisen har hjelpt deg godt på veg, i tillegg til ditt eige forarbeid.

 

Det blir altså slik at Hellek Brynjulvsson er fødd på Strond i Mæl sokn (men døypt i Atrå) av husmannsfolk Brynjulv Persson og Margit Helleksdotter. Ved konfirmasjonen og giftarmålet synest han å vera på Svålåstogo i Austbygde (dengong tilhøyrande Atrå sokn).

 

Guri Jonsdotter er fødd på Hægard i Austbygde av husmannsfolk Jon Torsteinsson og Aslaug Jonsdotter. Eg vil tru at dei i røynda var brukarar på Hægard på den tida Guri blei fødd.

 

Hellik og Brynild er embetsmannsdansk for tinnuttale Hellek og Brønjuv, det siste oftast normalisert til Brynjulv. Gløym embetsmannsdansken her!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Anfinn for svært so spennande og avklarande innlegg!  Me får ikkje greie på kva for ein plass under garden Strand Hellek hadde opphavet sitt ifrå, men det lyt vera bra nok for føremålet mitt.

 

Problemet er soleis løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Problemet er løyst, skriv Øyane. Ja, i ein viss forstand. Det avheng av det naudsynte presisjonsnivået i høve til føremålet.

 

"Garden Strand" som Øyane skriv var nemleg ikkje nokon matrikulert eigedom i 1829 da Hellek Brynjulvsson blei fødd på Strond. Det var busetjing der, men plassen/plassane låg under kyrkjeeigedomen/garden Ørnes. Tinnsoga skriv at eigedomstilhøva var uklare både på Nord-Strond og Sud-Strond inntil begge plassane blei sjølvstendige eigedomar i siste halvdel av 1800-talet. Hellek Brynjulvsson og foreldra hans er ikkje nemnde i Tinnsoga under Strond.

 

Men rett over fjorden for Strond, armen Vestfjorden av Tinnsjå, låg husmannsplassen Stronde, vanlegvis skrive "Stranden" på embetsmannsdansk. Stranden var plass under Myljom-Rollag. Heilt umogeleg er det ikkje at Hellek Brynjulvsson blei fødd der, men som sagt skil kyrkjebøkene mellom dei to stadene ved å nemne det eine for "Strand" og det andre "Stranden". Så derfor heller eg til Strond, og ikkje Stronde under Rollag.

 

Det går nok å få meir klarleik i dette. Men da må ein gå grundig til verks og samanhalde alle forekomstar av Strond og Stronde knytte til personar over eit nokså langt tidsrom, og dessutan vurdere fadderar og andre personar knytte til hendingar for alle Strond/Stronde-folk, for slik å lage samanhengande ætterekkjer og bustadhistorie. Det krev nokså mykje arbeid, men eg kjem nok dit ein dag. 

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spennende "samtale" dette! Skal ikke overta temaet, men jeg slekter fra Hellek Jonsson (Marum, Rabben) f ca 1746. Er Hellik/Hellek-navnet svært vanlig i dette området? Svaret er nok ja. Kan bruk av dette navnet indikere et felles opphav?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hellek er, eller kanskje heller var, eit ganske vanleg namn, iallfall i Nordaust-Telemark og Numedal. Eit felles opphav har jo "alle" namn langt nok tilbake i tid, men med eit såpass utbreidd namn trur eg det gjev lita meining å leite etter opphavsmannen. Namnet finst nok langt attende før skriftlege genealogiske kjelder kjem oss til hjelp. Herleik er det språklege opphavet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.