Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Til Sunnmørs-spesialistane, med forgreining til Skrinde i Lom: Kven var brørne Ola Larsson Tonning og Sylvester Larsson Vik?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

I 1701 er det skifte på Vik i Stryn etter Sylvester Larsson Vik. Av skiftet framgår det at Ola Larsson Tonning er bror hans. I dokumenta kring ei rettssak om Tonning i 1693 framgår det at Ola Larsson er fødd på Sunnmøre og ikkje har slektstilknyting til Tonning.

 

Kan nokon fortelje oss kvar desse to brørne kjem frå? Ola skal angiveleg vere 57 år ved 1701-manntalet, og bør dermed vere fødd rundt 1644. Sylvester er død før manntalet i 1701, men sonen Lars er 3 år, så eg vil tru Sylvester må vere yngre enn Ola.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

tja... ikkje så mange haldepunkt her.

 

Men Sylvester/Sylfest var eit svært uvanleg namn på Sunnmøre. Det er ingen i FT1701. Av det mindretalet som er førte med patronym (stort sett tenarane, 1181 av 7427 einskildpersonar) er det ingen Sylvester/Sylfest-son.  Det var heller ingen med dette namnet mellom brukarane i 1626.

Eg søkte gjennom bygdebøkene for Sunnylven, Stranda og Sykkylven (som er elektronisk tiljgengelege) utan å finne nokon Sylfest/Silvester(-sson) før kring 1800.

 

 

I den lange Tonning-tråden er det vist til Lars Sylfestsson Maråk, skifte 1693 http://arkivverket.no/URN:sk_read/24544/98/

I skiftet har han éin son Lars og fire døtre, Femje, Mette/Marte, Inge Leiv/Engeleiv og Beritte. Alle fem fekk formyndar, så Lars var umyndig og døtrene ugifte i 1693.

 

 

Lars er omtala i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger http://www.nb.no/nbsok/nb/86ce2130d273e7a66bbf0c5dc7d3649f?index=3#497

I 1666 er "Lauritz Silvesterss." 59 år http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/35522/247/   altså fødd om lag 1607 (med romsleg atterhald)

 

Bygdebokskrivaren meiner Lars vart gift til Maråk kring 1644 men veit ikkje kvar han kom frå.  Iallfall er "Lauritz, hans quinde, thoe piger" ført i koppskatten 1645.

Men han "veit" at første kona hans, Eufemia, som var enkje på Maråk, var dotter til Nils Vereide i Gloppen. 

Det ser ikkje ut til at Lars og Eufemia hadde born saman.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Her er noko eg har oversett så langt. Er Lars Sylvesterson som det er skifte etter i 1693 den same som han i 1645 og 1666? Han må i så fall vere ein mann på nesten 90 år, og då høyrest det litt urimeleg ut at han skal ha ein umyndig son i 1693.

 

Dersom bygdeboka har rett i at Lars Larsson døyr 60 år gammal i 1740 bør han vere fødd rundt 1680 - Lars Sylvesterson "den fyrste" er då over 70 år.

 

Kan vi ha med to ulike personar å gjere?

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Her er noko eg har oversett så langt. Er Lars Sylvesterson som det er skifte etter i 1693 den same som han i 1645 og 1666? Han må i så fall vere ein mann på nesten 90 år, og då høyrest det litt urimeleg ut at han skal ha ein umyndig son i 1693. Kan vi ha med to ulike personar å gjere?

 

Tja....  86 år, minus alderen til Lars d.y.  Modne menn kan også verte far.

Nokon har meint at aldersoppgåver for vaksne menn i 1660-tals manntala er overdrivne  - for å sleppe militærteneste.  Om Lars var 50 i 1666, så var han 28 i 1644 (gift med enkja) og 77 i 1693. Om son Lars var 17 i 1683, ville far Lars vere 60 då sonen vart fødd.  Noko særsyn ville det ikkje vere.... 

 

Ein ting til... (men det vert litt på sida og berre litt spekulativt).  I skiftet er det er 2,5 mellag odelsgods i Oplenskedal; det vert fordelt på enkja og alle borna. I FT1701 er det ein "Lauritz", 22 år, som er brukar på Opplenskedal  og som sit på odelsgods.  Det kan godt vere son Lars i skiftet; som i så fall var 14 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg redigerte medan du skreiv - og sjølvsagt kan modne menn bli fedre, men han her har kone i 1645 og ein son 35 år seinare - det skurrar litt, men eg seier ikkje at det er feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hogne R Nilsen

Men han "veit" at første kona hans, Eufemia, som var enkje på Maråk, var dotter til Nils Vereide i Gloppen.

 

"Denne dagh haffde lauriz Siluestersen Morach paa Sundmøer vdj Gieranger paa sin hostrues Euphemia 

Nielsdaaters wegne wed Fougden bett: Jens Pedersens steffning ladett vdj rette steffne hindes broder 

Oluff Nielsen warreid, och haffde hanom att tiltaale"

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok A 3 , 1650-1651, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28607/15/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-rg20090514610613.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for den lenka - her ser vi at Eufemia er i live i 1650.

 

Som bygdebokforfattaren påpeikar, er Sylvester eit sjeldant namn på Sunnmøre, og det vil vere svært freistande å ha som teori at det er ein samanheng mellom Sylvester Vik i Stryn og Lars Sylvesterson Maråk - men korleis?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn P. Hagen

Med bakgrunn i eit seminar om Brattslekta i Gudbrandsdalen som vart gjennomført av Gudbrandsdal Slektshistorielag fekk eg i 2009 ein henvendelse frå Kjell Stavseth, Ålesund, der han spør om Laurits Sylfestesen på Maråk er den same som Laurits Sylfestesen frå Skrinde i Skjåk.

Laurits Sylfestesen var son på Skrinde i Skjåk var fødd mellom 1604 og 1611. Han er nemnd i skifte etter sin barnlause bror Erik Sylfestesen. Skifte etter Erik på Skrinde 14/10 1665. Foreldra var Ingeleiv Tordsdtr. frå Kvarberg i Vågå og Sylfest Knutsen Skrinde,død ca 1629. Ingeleiv's mor var Anne Eriksdtr. frå Bjølstad(Bratt). 

Larurits Maråk hadde ei dtr Ingeleiv(gm Paul Olsen Ørjaseter.) Sønnen Lars gifta seg med Brit Olsdtr Hoft frå Lom. Dette viser forbindelse til Lom og Skjåk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Svært interessant. Her er lenke til skiftet.

 

Eg innser at det er lite truleg at eg kan knyte direkte linje frå Lars Sylvesterson, men eg skulle gjerne visst litt meir om systrene i skiftet - er dei plasserte tru? Ei Sylvesterdotter som gifter seg med ein Lars hadde vore ein perfekt kandidat til mor til "våre" gutar.

 

Eg ser at eg no burde endre overskrifta for å snu merksemda mot Lom, sidan det neste spørsmålet mitt no blir -

 

Kvar vart det av Ingeborg og Anne Sylfestdøtre som er nemnde i skiftet på Skrinde i 1665?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Når eg leitar etter eventuell familie etter desse to jentene vil namnet Ingeleiv vere sentralt. Har dei fått døtre (i alle fall om dei har meir enn ei) vil mormora sitt namn vere eit sjølvsagt val.

 

Og skal dei passe inn i min noverande teori, bør farsnamnet vere Lars.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kjell Fredly Smøla

Har tenkt akkurat de samme tankene som deg, Aase, og har søkt på de to damene. Jeg kan ikke gå god for de opplysningene jeg har funnet på MyHeritage, men her er vel Anne:

 

http://www.myheritage.no/research/collection-1/myheritage-familietraer?itemId=202906711-1-502468&action=showRecord

 

Vel å merke dersom lenken virker da.

 

Opplysningene er som følger: Anne Sylfestdatter Skrinde ble gift med Amund Olsen Ramstad (1613-1678) og skal ha hatt sønnen Ole Amundsen Ramstad (1649-1715). De blir også antydet at Anne må være død før 1678.

 

Og her ser det ut til at hun har flere barn:

 

https://histfam.familysearch.org//getperson.php?personID=I8880&tree=Skjaak

 

Ingeborg Sylfestdatter Skrinde har jeg ikke funnet noe om.

Endret av Kjell Fredly Smøla

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn P. Hagen

Ættebok for Skjåk er litt forvirrende, her er Skrinde, men jeg ser ikke den familien vi leter etter:

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/a7eaeb96c1b4a3d7ffcf26d930dccdd5.nbdigital;jsessionid=E067C5AC908E6343051E5ECC7A493265.nbdigital3?lang=no#245

 

Kanskje andre kan finne det i denne boka?

Nederst til høgre på side 228: Skrinde 1, søndre

Torstein Sylfestsen Skrinde f. 1591 d 1670. Dette er eldste bror til Laurits Sylfestsen på Maråk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kjell Fredly Smøla

Men er det mulig å finne ut noe om hvor det ble av Ingeborg Sylfestdatter Skrinde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

- og kan vi konstatere at dette er Lars Sylfestson Maråk?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Myklebust

Her er ei lenkje til ein debatt i det gamle digitalarkivet:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/155954-70599-brit-hoft-gift-maraak-oppslag-i-sunnylven-og-geiranger-gard-og-ctt/

 

Her får vi referert den nærast mytiske historia om korleis Lars Larson Maråk (c1680-1740) fann si Brit på Hoft i Bøverdalen. Lars får bygsel på Maråk i september 1708, så denne reisa til Oppland kan ha foregått same sommaren. Eg har tenkt at Lars kan ha gjort denne reisa for å helsa på faren si slekt. Om vi går ut frå at faren var frå Skrinde, så ville nok alle onklar og tanter vere døde på dette tidspunktet, men der skulle vere mange syskjenborn å vitje. Eg har undrast på om onkelen Øystein Sølvfestson som er nemnd i skiftet i 1665 er den same som vi finn att på Kvåle i Bøverdalen. I tilfelle hadde han ei dotter Anne Øysteinsdotter på Kvåle i 1708. Og ho var gift med Rolv Olsson frå Hoft og onkel til Brit. Kan dette vere samanhangen og fakta bak segna?

Endret av Tor Myklebust

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for den! Eg har ei sterk kjensle av at desse to karane som eg spør om, er knytte til denne familien. Spørsmålet er berre korleis!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn P. Hagen

Her er ei lenkje til ein debatt i det gamle digitalarkivet:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/155954-70599-brit-hoft-gift-maraak-oppslag-i-sunnylven-og-geiranger-gard-og-ctt/

 

Her får vi referert den nærast mytiske historia om korleis Lars Larson Maråk (c1680-1740) fann si Brit på Hoft i Bøverdalen. Lars får bygsel på Maråk i september 1708, så denne reisa til Oppland kan ha foregått same sommaren. Eg har tenkt at Lars kan ha gjort denne reisa for å helsa på faren si slekt. Om vi går ut frå at faren var frå Skrinde, så ville nok alle onklar og tanter vere døde på dette tidspunktet, men der skulle vere mange syskjenborn å vitje. Eg har undrast på om onkelen Øystein Sølvfestson som er nemnd i skiftet i 1665 er den same som vi finn att på Kvåle i Bøverdalen. I tilfelle hadde han ei dotter Anne Øysteinsdotter på Kvåle i 1708. Og ho var gift med Rolv Olsson frå Hoft og onkel til Brit. Kan dette vere samanhangen og fakta bak segna?

 

Østen Sølvfestson på Kvåle er den same som han frå Skrinde. Tingbok for N. Gudbrandsdal 1671s 38a: Marit Skrinde lod opplese eit kjøpebrev på 1/2 hud i Skrinde som hennes sal. mann har kjøpt av sin broder Østen Kvåle for 50 rd.

Dei som er nemnd i skifte på Skrinde 1665 er: 1.Tosten Sølvfestson Skrinde fødd ca 1593 skifte 1670.

2. Erik Sølvfestson f ca 1593 er den det var skifte etter.3.  Knut Sølvfestson på søndre Gjeilo f ca 1601 skifte på Gjeilo 6/6 1671. 4. Tor el. Tord Sølvfestson på Nerøy i Vågå f ca 1604. 5. Laurits Sølvfestson kanskje på Maråk i Geiranger. 6. Østen Sølvfestson på Kvåle f ca 1611 skifte på Kvåle 1677. 7.Ingebjør Sølvfesrdtr. ukjent lagnad.8. Anne Sølvfestdtr. gift med Amund Olsen Ramstad f ca 1613 skifte 1678. Fødselsår er etter alder i manntallet 6. oktober1664.

Østen Kvåle var gift med Torø Hansdtr.(Kvåle?) og hadde barna: Sølvfest, Hans, Erik, Tosten, Marit, Anne og Ingeleiv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mange takk for den oppklaringa! Då er "den mystiske Ingebjørg" framleis ledig som potensiell mor, men eg er klar over at dette berre er ein luftig teori. Kanskje er der meir å finne i tingbøkene austanfor fjella?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Myklebust

Eg hadde notert Ingebjørg Sølfestdatter som gift med Pål Amundsen Søndre Ånstad, men med usikker kjelde - truleg funne på nett. No fikk eg sjekka eit skifte 16/3 1678 etter Thorre Poffuelsen Onstad:

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25154/75/

 

Tore vert arva av "sin moder Ingebiør Sølfestd:" Og ein Sølfest Amundsen, nevø frå Ramstad?, får ansvar for å ta vare på henne i "hindis høye alderdom och schrøbelighed".

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ok, der brast det halmstrået. Det er då lite sannsynleg at vi finn eit nært slektsband frå Skrinde-familien til "mine" to brør, og vi får sjå etter andre teoriar.

 

Eg tek med takk imot kloke tankar - kva kan vere bakgrunnen for namnet til Sylvester/Sylfest Larsson Vik? Er det ei "ærefull oppkalling" eller? I dei dagar tok du vel ikkje berre ein namn "som du fann i ei bok" som eg høyrer somme seier i dag, og brukte det fordi du tykte det var pent, særleg ikkje når namnet var så sjeldant som vi ser det er?

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kjell Fredly Smøla

Siden navnet Sylfest ikke er noe helt vanlig navn på Sunnmøre i denne tiden, så lurte jeg på om han event. kan være å finne i militære legdsruller? Da burde det jo også komme fram et gårdsnavn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Siden navnet Sylfest ikke er noe helt vanlig navn på Sunnmøre i denne tiden, så lurte jeg på om han event. kan være å finne i militære legdsruller? Da burde det jo også komme fram et gårdsnavn.

 

tja , mun det...   Hovudrullar/legdsrullar kjem vel vel eit 100år seinare. Det finst mønstringsrullar frå 1660 og utover, som inneheld dei som faktisk vart kalla inn.

 

Bergenhusiske regiment, http://www.arkivverket.no/URN:db_read/db/51374/

Eg har sett gjennom listene for Sunnmørske kompani (Kp. Knag ("Kaag" i lista)) 1660 og 1665 og finn ingen Sylfest.

 

jf. også #2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kjell Fredly Smøla

Takk skal du ha! Jeg har vært opptatt med å se gjennom tingbøkene for Sunnmøre for det aktuelle tidsrommet, men finner faktisk ingen gode spor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.