Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Sorenskrivar Adler Lie (1877-1945) - kona Hjørdis - endeleg lagnad og huslyden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein av sorenskrivarane som har butt i skrivargarden i Solvorn i Hafslo, er Adler Lie.  Eg lnskjer å samla litt opplysningar om huslyden hans og vonar nooon kan hjelpa meg?

 

Her er kva eg veit so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Adler Fredrikson Lie, opphavleg frå Kristiansand, var son av adjunkt og seinare konrektor Fredrik Gill Johanson Lie i Kristiansand, opphavleg frå Moss, og kona Amalie Constance Olufsdotter Nielsen frå Christiania og f. i Kristiansand 23.7.1877.  Adler gifte seg i Kristiansand

 

     ##### (vigselsdatoen hans?)

 

     med Hjørdis Kristiansdotter Johannessen frå Moss.  Ho var dotter av bokhaldar og kontorfullmektig Kristian Andreasson Johannessen i Moss, opphavleg frå Trosvikholmen i Glemmen, og kona Axelia Elvine Axelsdotter frå Ulvøsund i Høvåg, Lillesand og f. i Moss 18.3.1896.

Adler Lie vart student i 1895 og cand.jur. i 1900.  Han var deretter sorenskrivarfullmektig til hausten 1902 og advokatfullmektig til 1906.  Han var tilsett i Justisdepartementet frå 1906 og var frå 1918 byråsjef same staden.  Han budde i Christiania (Oslo) like fram til 1922.

Adler Lie vart 14.7.1922 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Hjørdis flytte hit på same tidi.  Adler heldt fram i ombodet til 1932.

Adler og Hjørdis Lie flytte i 1932 til Voss då Adler same året tok over som sorenskrivar der, men alt i 1938 vart han sorenskrivar til Torridal i Vest-Agder og flytte då til

 

##### (bustaden hans? – i Kristiansand?)

 

Adler d. i Kristiansand 15.8.1945, medan Hjørdis Lie d. same staden 24.9.1957.

 

##### (sjekka om dødsstadene stemmer? - dei er gravlagde i Kroistiansand!)

 

Born:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har over hovudet ingen opplysningar om born etter dette parfolket, so det vil vera særleg velkome!  Kanskje finst det dødsannonser etter dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Aftenposten 16.08.1945 og 27.09.1957:

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif og Sven for spennande innlegg.

 

Det er ikkje so lett å få noko ut av gravstøttene, men dødsdatoane deira er jo kjende, og gjennom dødsannonsene får me greie på at parfolket ikkje hadde born i lag!

 

Soleis er dette problemet nesten løyst.  Me manglar no berre:

 

* Vigselsdatoen deira?

 

* Bustaden deira i Torridsal eller Kristiansand?

 

Eg har lagt inn eit emne i Arkivforum Kristiansand for å få greie på dette med bustaden.  Dei har sikkert òg ein Sorenskrivarbustad ein eller annan stad...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Carsten Schanche

Studentene fra 1895, utgitt 1949:

 

Adler Lie. Bopel Kristiansand S. Ved kgl. res. av 14. juli 1922 ble han utnevnt til sorenskriver i Indre Sogn, med bopel i Solvorn, ved kgl. res. av 18. mars 1932 utnevnt til sorenskriver i Voss, med bopel Vossevangen, og ved kgl. res. av 18. juni 1938 utnevnt til sorenskriver i Torridal, med bopel Kristiansand S.

 

Gift med Hjørdis Johannessen, f. 18. mars 1896, av foreldre, kontorfullmektig Kristian Johannessen og hustru Akselia Elvine, f. Akselsen. Han døde 14. august 1945.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for oppfølgjing av dette emnet.

 

Det er soleis oppklart at bustaden til Adler og Hjørdis var i sjølve Kristiansand, og etter ein del blaing i kyrkjebøkene for Kristiansand her eg no endeleg òg funne vigsli til Adler og Hjørdis!  Dei gifte seg i Kristiansand 23.12.1939.  Ingen av dei hadde vore gifte før, og Hjørdis ser ut til å ha vore kontorbetjent på skrivarkontoret!

 

Soleis er ogso dette problemet heilt løyst, og eg takkar på ny for godt teamwork!!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.