Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sorenskrivar Hans Andreas Høegh-Omdal (1884-1962) - kona Gudrun - endeleg lagnad og huslyden deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein annan av sorenskrivarane i indre Sogn som budde i skrivargarden i Solvorn, Hafslo, var denne karen, som eg forsovidt har bra med opplysningar om, men vigsli manglar, og dessutan dødsstader m.m.  Og so var det dette med borni deira, då?  Eg kjenner ikkje til nokon born!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andreas Oscarson Omdal, sidan kjend som Hans Andreas Høegh-Omdal, opphavleg frå Kristiansand, var son av høgsterettssakførar Oscar Ørsted Hansson Omdal i Kristiansand og kona Karen Sophie Holst Simonsdotter Høegh frå Porsgrunn, var f. i Kristiansand 14.3.1884 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     1918 med Gudrun Dagny Margrethe Carlsdotter Kittilsen frå Skien.  Ho var dotter av kontorsjef og brukseigar Hans Carl, kjend som Carl Kittilsen i Skien og kona Karen Andrea Carlsdotter Krogh, òg frå Skien, og f. i Skien 22.7.1896.

Hans Høegh-Omdal vart student i 1902 og sidan cand.jur. i 1907.  Han var ei tid premierløytnant og sidan kaptein i hæren, men praktiserte elles som sakførar på Ringsaker frå 1907 til han i 1914 vart politifullmektig i Skien.  I 1923 flytte Hans og Gudrun til Haugesund der Hans var politimeister fram til 1933.

Hans Høegh-Omdal vart 6.7.1933 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Gudrun flytte same sommaren inn på Christianeslyst.  Hans heldt fram i ombodet til han hausten 1944 vart arrestert og avsett, men han kom attende i ombodet 8.5.1945 og var med som dommar i landssviksakene i fylket i 1945/1946.  Huslyden budde på Christianeslyst fram til hausten 1946.

Hans Høegh-Omdal vart alt hausten 1945 utnemnd til sorenskrivar i Torridal i Vest-Agder, og hausten 1946 flytte han og Gudrun til

 

##### (kvar busette dei seg?)

 

der dei vart buande levetidi ut.  Hans d.

 

##### (dødsstaden hans? – gravlagd Kristiansand!)

 

15.2.1962, medan Gudrun Høegh-Omdal d.

 

##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Kristiansand!)

 

8.2.1992.

Born:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje det finst dødsannonser for dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tom Larsen.

Hei Lars

 

 

I et gammelt fotoalbum jeg fant på bruktmarked for en tid tilbake er et av bildene merket med Oscar Omdal, 7/5-80.

 

Fotograf S. Forsberg, Christiansand. kan det være far til den du etterlyser.

 

send meg en melding på privat mail lars77tsen@gmail.com så sender jeg kopi hvis du vil.

 

 

 

Tom

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Iflg. studentbiografien hadde han følgende barn:

 

Erna Chrystie, f. 16-11-1918 i Skien, gift med politiadjutant Egil Breen, Stavanger, 1 sønn og 1 datter.

 

Carl Fredrik, f. 14-5-1920 i Skien, fotograf, Oslo, gift med Lillemor Liljedahl, 2 døtre og 1 sønn.

 

Simon, f. 21-6-1924 i Skien, cand. philol., Kristiansand, gift med Anna Unander, 1 datter.

 

Hans Andreas var 1. gang gift med Ragnhild Lundh, f. 13-1-1882 i Kr.a., dtr. av Kaptein Lundh og Thora, f. Svendbye. Ekteskapet oppløst 1916. Barn:

 

Oscar, f. 29-8-1908 i Ringsaker, Thora Elisa, f. 30-7-1910 i Ringsaker og Hans Chrystie, f. 3-10-1911 i Ringsaker, journalist i "Haugesunds Dagblad".

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håkon Lilleholt

Ein annan av sorenskrivarane i indre Sogn som budde i skrivargarden i Solvorn, Hafslo, var denne karen, som eg forsovidt har bra med opplysningar om, men vigsli manglar, og dessutan dødsstader m.m.  Og so var det dette med borni deira, då?  Eg kjenner ikkje til nokon born!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andreas Oscarson Omdal, sidan kjend som Hans Andreas Høegh-Omdal, opphavleg frå Kristiansand, var son av høgsterettssakførar Oscar Ørsted Hansson Omdal i Kristiansand og kona Karen Sophie Holst Simonsdotter Høegh frå Porsgrunn, var f. i Kristiansand 14.3.1884 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     1918 med Gudrun Dagny Margrethe Carlsdotter Kittilsen frå Skien.  Ho var dotter av kontorsjef og brukseigar Hans Carl, kjend som Carl Kittilsen i Skien og kona Karen Andrea Carlsdotter Krogh, òg frå Skien, og f. i Skien 22.7.1896.

Hans Høegh-Omdal vart student i 1902 og sidan cand.jur. i 1907.  Han var ei tid premierløytnant og sidan kaptein i hæren, men praktiserte elles som sakførar på Ringsaker frå 1907 til han i 1914 vart politifullmektig i Skien.  I 1923 flytte Hans og Gudrun til Haugesund der Hans var politimeister fram til 1933.

Hans Høegh-Omdal vart 6.7.1933 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Gudrun flytte same sommaren inn på Christianeslyst.  Hans heldt fram i ombodet til han hausten 1944 vart arrestert og avsett, men han kom attende i ombodet 8.5.1945 og var med som dommar i landssviksakene i fylket i 1945/1946.  Huslyden budde på Christianeslyst fram til hausten 1946.

Hans Høegh-Omdal vart alt hausten 1945 utnemnd til sorenskrivar i Torridal i Vest-Agder, og hausten 1946 flytte han og Gudrun til

 

##### (kvar busette dei seg?)

 

der dei vart buande levetidi ut.  Hans d.

 

##### (dødsstaden hans? – gravlagd Kristiansand!)

 

15.2.1962, medan Gudrun Høegh-Omdal d.

 

##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Kristiansand!)

 

8.2.1992.

Born:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje det finst dødsannonser for dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håkon Lilleholt

Eg har sendt spørsmåla over til Anne S Høegh-Omdal som skriv dette:

 
Hei
Hans Andreas Høegh-Omdal (min bestefar) bodde i Kongsgård Allè i Kristiansand da han døde i 1962. Før dette mener jeg mine besteforeldre bodde i Østre Strandgate 3. I hvert fall var det her mine oldeforeldre bodde.
Min bestemor, Gudrun Høegh-Omdal, døde 08.02.1992 i Kristiansand. Hun bodde da på Gimle alders og sykehjem, var flyttet hit fra Kongsgård Allè. Begge besteforeldre er gravlagt på gravlunden i Kristiansand.
Gudrun og Hans Andreas hadde tre barn sammen: Erna (gift Breen), Carl Fredrik og Simon Høegh-Omdal (min far). Hans Andreas hadde imidlertid vært gift en gang tidligere, og jeg kan komme tilbake med opplysninger om dette, om det har interesse.
 
Legger ved bilde av gravsted i Kristiansand.
 
Er selvfølgelig svært interessert i å høre hvordan informasjonen er tenkt brukt og vil sette pris på å høre mere om dette.
 
Med vennlig hilsen
Anne Sophie Høegh-Omdal"
 
post-2166-0-35254100-1401130258_thumb.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er overvelda over desse flotte opplysningane som er komne frå Tom, Carsten, Håkon og, via Håkon, frå Anne Sophie Høegh-Omdal.  Hjarteleg takk til dykk alle!

 

Eg har i dag freista ringja til Anne Sophie, men telefonnummeret på "gule sider" ser ikkje ut til å virka, so me får satsa på at Håkon kan formidla dette svaret til ho.

 

Som det går fram av signaturen i emnet, er eg bygdebokskrivar for Luster kommune, og det er ogso orsaki til at eg samlar desse opplysningane om ætti til Hans Andreas Høegh-Omdal.  Det heiter i "premissane" at eg skal skriva om alle som har "butt og/eller arbeitt" i Luster kommune i minst tre år, og eg skal ogso følgja ættene ein generasjon etter at dei forlet bygdi.  Hans Andreas Høegh-Omdal var ein av el lang rekke sorenskrivarar i indre Sogn som mellom 1814 og 1970 budde på skrivargarden Christianeslyst i Solvorn sokn i Hafslo prestegjeld.  Dei aller fleste ættene i Luster kommune har butt her i hundrevis av år, men me meiner det er rett å handsama andre ætter på lik linje, til dømes sorenskrivarar, prestar, distriktslækjarar, militæroffiserar og omstreifarar!  Røter har me alle, og det skal vera mogeleg å følgja desse attende i tid, anten dei alle kjem frå same bygdi eller dei kjem frå store delar av Noreg (eller verdi for den saks skuld...).

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt for huslyden til Hans Andreas Høegh-Omdal, og denne oppfateringi følgjer under.  Framleis manglar eg mange detaljar, og dersom Anne Sophie eller andre kan hjelpa meg fylla ut i alle fall ein del av desse, ville eg setja stor pris på det!

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andreas Oscarson Omdal, sidan kjend som Hans Andreas Høegh-Omdal, opphavleg frå Kristiansand, var son av høgsterettssakførar Oscar Ørsted Hansson Omdal i Kristiansand og kona Karen Sophie Holst Simonsdotter Høegh frå Porsgrunn, var f. i Kristiansand 14.3.1884.

Hans Høegh-Omdal vart student i 1902 og cand.jur. i 1907.  Han gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hans? – 1907/1908?)

 

med Ragnhild Elisa Rudolfsdotter Lundh frå Christiania.  Ho var dotter av skipsførar Rudolf Alfred Nilsson Lundh i Christiania og kona Thora Selma Eugenia Olafsdotter Svendbye, òg frå Christiania, og f. i Christiania 13.1.1882.  Hans var ei tid premierløytnant og sidan kaptein i hæren, men praktiserte elles som sakførar på Ringsaker med bustad på Moelven frå 1907 til han i 1914 vart politifullmektig i Skien.  I 1923 flytte Hans med huslyden sin til Haugesund der han var politimeister fram til 1933.  Men Hans og Ragnhild vart skilde alt i 1916, og Ragnhild

 

##### (lagnaden hennar? – seinare bustad? – dato og stad for dødsfallet hennar? – hadde vore

       skodespelar! )

 

Hans Høegh-Omdal gifte seg att i Skien 23.3.1918 med Gudrun Dagny Margrethe Carlsdotter Kittilsen frå Skien.  Ho var dotter av kontorsjef og brukseigar Hans Carl, kjend som Carl Kittilsen i Skien og kona Karen Andrea Carlsdotter Krogh, òg frå Skien, og f. i Skien 22.7.1896.  Hans vart 6.7.1933 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Gudrun flytte same sommaren inn på Christianeslyst.  Hans heldt fram i ombodet til han hausten 1944 vart arrestert og avsett, men han kom attende i ombodet 8.5.1945 og var med som dommar i landssviksakene i fylket i 1945/1946.  Huslyden budde på Christianeslyst fram til hausten 1946.

Hans Høegh-Omdal vart alt hausten 1945 utnemnd til sorenskrivar i Torridal i Vest-Agder, og hausten 1946 flytte han og Gudrun til

 

##### (kvar busette dei seg?)

 

der dei vart buande levetidi ut.  Hans d. i Kristiansand 15.2.1962, medan Gudrun Høegh-Omdal d. på ein gamleheim same staden 8.2.1992.

Hans Høegh-Omdal fekk i alt seks born, tre frå kvart av ekteskapi:

 1. Oscar Hansson Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 29.8.1908,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     ##### (fullt namn på kona hans?)

 

     ##### (kvar voks ho opp?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad(-er)?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

 2. Thora Elisa Hansdotter Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 30.7.1910,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     ##### (fullt namn på mann hennar?)

 

     ##### (kvar voks han opp?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad(-er)?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

 3. Hans Chrystie Hansson Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 3.10.1911,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     ##### (fullt namn på kona hans?)

 

     ##### (kvar voks ho opp?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad(-er)? – journalist i Haugesunds Dagblad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

 4. Erna Chrystie Hansdotter Høegh-Omdal, f. i Skien 16.11.1918, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 2001 Stavanger?)

 

     Erna gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Egil

 

     ##### (fleire namn? – farsnamnet hans?)

 

     Breen frå

 

     ##### (kvar voks han opp?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad(er)? – politiadjutant Stavanger?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst ein son og ei dotter!)

 

 5. Carl Fredrik Hansson Høegh-Omdal, f. i Skien 14.5.1920, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Carl gift seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     med Lillemor

 

     ##### (fleire namn? – farsnamnet hennar?)

 

     Liljedahl frå

 

     ##### (kvar voks ho opp?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad(er)? – fotograf Oslo?)

 

     ##### (talet på born? – minst tre!)

 

 6. Simon Hansson Høegh-Omdal, f. i Haugesund 21.6.1924, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Simon gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     med Anna

 

     ##### (fleire namn? – farsnamnet hennar?)

 

     Unander frå

 

     ##### (kvar voks ho opp?)

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     21.5.1930 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (yrke og bustad(er)? – cand.philol. Kristiansand? – sidan Lillesand?)

 

     Dei fekk ei dotter i lag.

 

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Jeg var i sin tid med på å skrive en biografi om Alfred Hagn, Ragnhild Lundh/Høegh-Omdals 2 mann, og kan hjelpe deg noen datoer.

 

Ragnhild Lundh og Hans Andreas Høegh-Omdahl ble gift 18.6 1906 (Johannes sogn i Kristiana). Ragnhild ble gift 2. gang hos sorenskriveren i Aker 17.9 1921 med Alfred Obert Hagn, f. i Odda 5.12. 1882 og død 6.12. 1958 i Oslo . Ekteparet bodde først i Oslo, så i Bærum og så til sist i Oslo igjen. Om Hagn og hans liv se: http://no.wikipedia.org/wiki/Alfred_Hagn.

 

Ragnhild døde 13.4. 1957 i Oslo. Hun hadde vært skuespiller til hun giftet seg,og var så hjemmeværende og deltids stemmepedagog.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Hans Andreas Omdal og Ragnhild Lundh, nummer 5:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Johannes, Ministerialbok nr. 6 (1893-1906), Borgerlig viede 1906, side 287.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3488&idx_id=3488&uid=ny&idx_side=-285
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060512070067.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Annalisa Thelin Knutsen

Hei

Erna Chrystie Breen døde i Stavanger 25-4-2012 og Egil Breen døde 14-6-1999 i Stavanger.

Sender deg annonsene.

Lisa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Ola og Lisa for flotte innlegg med spennande og nyttige tilleggsopplysningar om denne huslyden.

 

So vidt eg kan sjå, har eg no ganske so fullstendige opplysningar om Hans sjølv og dei to konene hans, men eg mangar framleis ein del på borni frå båe ekteskap.  Her følgjer ein oppdatert og omformatert status:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andreas Oscarson Omdal, sidan kjend som Hans Andreas Høegh-Omdal, opphavleg frå Kristiansand, var son av høgsterettssakførar Oscar Ørsted Hansson Omdal i Kristiansand og kona Karen Sophie Holst Simonsdotter Høegh frå Porsgrunn, var f. i Kristiansand 14.3.1884.

Hans Høegh-Omdal vart student i 1902 og cand.jur. i 1907.  Han gifte seg første gongen i Johanneskyrkja i Christiania 18.6.1906 med Ragnhild Elisa Rudolfsdotter Lundh frå Christiania.  Ho var dotter av skipsførar Rudolf Alfred Nilsson Lundh i Christiania og kona Thora Selma Eugenia Olafsdotter Svendbye, òg frå Christiania, og f. i Christiania 13.1.1882.  Hans var ei tid premierløytnant og sidan kaptein i hæren, men praktiserte elles som sakførar på Ringsaker med bustad på Moelven frå 1907 til han i 1914 vart politifullmektig i Skien.  I 1923 flytte Hans med huslyden sin til Haugesund der han var politimeister fram til 1933.  Men Hans og Ragnhild vart skilde alt i 1916, og Ragnhild, som før hadde vore skodespelar, gifte seg 17.9.1921 att hjå sorenskrivaren i Aker med Alfred Obert Åsmundson Hagen, opphavleg frå Stavanger, kjend som Alfred Hagn.  Han var f. i Odda 5.12.1882, men flytte som barn til Stavanger og utvandra i 1890 med mor si til Battle Creek, Mich.  I 1895 kom dei attende til Stavanger, men Alfred var sidan mellom anna kunstmålar, forfattar og kyrkjerestauratør.  Han og Ragnhild budde for det meste i Oslo der Ragnhild d. 13.4.1957.  Alfred Hagn d. same staden 6.12.1958.

Hans Høegh-Omdal gifte seg att i Skien 23.3.1918 med Gudrun Dagny Margrethe Carlsdotter Kittilsen frå Skien.  Ho var dotter av kontorsjef og brukseigar Hans Carl, kjend som Carl Kittilsen i Skien og kona Karen Andrea Carlsdotter Krogh, òg frå Skien, og f. i Skien 22.7.1896.  Hans vart 6.7.1933 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Gudrun flytte same sommaren inn på Christianeslyst.  Hans heldt fram i ombodet til han hausten 1944 vart arrestert og avsett, men han kom attende i ombodet 8.5.1945 og var med som dommar i landssviksakene i fylket i 1945/1946.  Huslyden budde på Christianeslyst fram til hausten 1946.

Hans Høegh-Omdal vart alt hausten 1945 utnemnd til sorenskrivar i Torridal i Vest-Agder, og hausten 1946 flytte han og Gudrun til Kristiansand, der dei vart buande levetidi ut.  Hans d. i Kristiansand 15.2.1962, medan Gudrun Høegh-Omdal d. på ein gamleheim same staden 8.2.1992.

Hans Høegh-Omdal fekk i alt seks born, tre frå kvart av ekteskapi:

 1. Oscar Hansson Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 29.8.1908,

Oscar Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans? – var gift med Vera – skilde 1949!)

 

##### (fullt namn på kona hans?)

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

##### (yrke og bustad(-er)?)

 

Oscar d. i Oslo 2.5.1986, medan

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

##### (talet på søner og døtrer?)

 

 2. Tora Elisa Hansdotter Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 30.7.1910,

Tora Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Håkon

 

##### (fullt namn på mann hennar?)

 

Odding frå

 

##### (kvar voks han opp?)

 

##### (fødestaden hans?)

 

11.3.1900. 

 

##### (yrke og bustad(-er)?)

 

Håkon d. i Oslo 29.5.1884, medan Tora Odding d. på ein sjukeheim same staden 30.12.1997. 

 

##### (talet på søner og døtrer? – ingen i lag, men han fleire frå tidlegare ekteskap?)

 

 3. Hans Chrystie Hansson Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 3.10.1911,

Hans Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans? – ingen kone eller born nemnde i dødsannonsen hans!)

 

##### (fullt namn på kona hans?)

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

##### (yrke og bustad(-er)? – journalist i Haugesunds Dagblad?)

 

Hans d. ved eit ulukkeshende

 

##### (dødsstaden hans?)

 

31.5.1952, medan

 

##### (dato og stad for dødsfallet til kona hans?)

 

##### (talet på søner og døtrer?)

 

 4. Erna Chrystie Hansdotter Høegh-Omdal, f. i Skien 16.11.1918,

Erna Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Egil

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hans?)

 

Breen frå Oslo,

 

##### (stemmer det at han voks opp der?)

 

f. i Christiania 29.12.1912.  Egil vart cand.jur. i 1937 og var frå 1938 til 1940 domarfullmektig ved sorenskrivarkontoret i indre Sogn.  Frå 1941 til 1945 var han sekretær i eksilregjeringi i London, og sidan var han politifullmektig i Vardø og i Kristiansund til han i 1950 vart politiadjutant og sidan politiinspektør i Stavanger.  Frå 1970 var han so politimeister i Fjordane med bustad i Florø til han og Erna i 1977 som pensjonistar flytte attende til Stavanger.  Egil d. i Stavanger 14.6.1999, medan Erna Breen d. same staden 25.4.2012.  Dei fekk to born i lag.

 5. Carl Fredrik Hansson Høegh-Omdal, f. i Skien 14.5.1920,

Carl Høegh-Amdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Lillemor

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hennar?)

 

Liljedahl frå

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

##### (yrke og bustad(er)? – fotograf Oslo?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

##### (talet på born? – minst tre!)

 

 6. Simon Hansson Høegh-Omdal, f. i Haugesund 21.6.1924,

Simon Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Arna

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hennar?)

 

Unander frå

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (fødestaden hennar?)

 

21.5.1930. 

 

##### (cand.philol. Kristiansand? – ”lektor og rektor i skoleverket på Helgeland, i Modum og i Lillesand”, sidan (før 1980) i Lillesand!)

 

i Lillesand der Simon d. 19.9.2002.  Arna Høegh-Omdal d. på sjukehuset i Arendal 14.8.2009.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

##### (hadde dei òg ein son Erik som d. 14 år gamal? – kva med Andreas?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny få takka for godt "teamwork" so langt, og eg vonar eg kan få hjelp til å fylla ut det meste av det som står att.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Vigselen til Tora Elisa Høegh-Omdal:

 

Nummer 3 fra bunnen

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Mo (Nord-Rana), Klokkerbok nr. 827C14 (1931-1946), Ekteviede 1943, side 309.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39621&idx_id=39621&uid=ny&idx_side=-299
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051103101300.jpg

 

Fødselen til Håkon Odding, nummer 26:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Gildeskål, Saura i Gildeskål, Klokkerbok nr. 805C05 (1900-1911), Fødte og døpte 1900, side 7.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=10006&idx_id=10006&uid=ny&idx_side=-7
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070214650665.jpg

 

 

http://webcache.googleusercontent.com/search?q=cache:cmsvCFFtEXAJ:www.myheritage.no/person-2050957_145692541_145692541/johan-hakon-martin-odding+&cd=1&hl=no&ct=clnk&gl=no&client=firefox-a

 

Lars: Du har en skrivefeil på 100 år på Håkon Oddings dødsfall.

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

5. Carl Høegh Omdal døde 27.februar 1972. Kona Lillemor og fire barn er nevnt i dødsannonse i Aftenposten 29. februar 1972.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Carl Høegh-Omdal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Hans Høegh-Omdal

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Aftenposten 13.05.1986

 

Vår kjære

journalist

Oscar Høegh-Omdal

født 29. august 1908

sovnet stille inn i dag,

etter lang tids sykdom.

 

Oslo, 2. mai 1986

 

På familiens vegne

Tora Odding

 

Bisettes i Vestre krematorium, gamle kapell,

torsdag 5. mai kl. 11.15.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Alfred og Ragnhild Hagn bodde i Bærum i over 20 år, fra 1924 til 1948, så det er ikke riktig å si at de bodde for det neste i Oslo. Hverken Hans eller Tora Høegh-Omdahl hadde barn. 

 

RA, Justisdepartementet. Kortregister over skilsmisser, 

Hans Chrystie Høegh Omdal, journalist Haugesund, skilt 9.10 1947 fra Gudney Olga f. Hulterman.

 

Div. Oslo kommunale folketellinger og folkeregisterkort:

Omdal, Oscar Høegh, f. 29.8. 1908 i Ringsaker. Arbeidsformann.

Gift 20.10. 1943 i Sauda med 

Vera Petrowna Wlazik, f. 2.1. 1924 i Babyntzki/Balumitzki (?) Hviterussland. Husmor. Kom til Norge som tvansgarbeider uder krigen.

Sønn 1945 i Oslo (i live). Skilt 1948/49. Vera giftet seg siden på nytt og flyttet til Sørlandet.

 

Endret av Ola Teige

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Lars J. og Ola for nye avklarande og nyttige innlegg!  Eg er kjempenøgd med alle dei nye opplysningane og har sett opp eit korrigert og oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andreas Oscarson Omdal, sidan kjend som Hans Andreas Høegh-Omdal, opphavleg frå Kristiansand, var son av høgsterettssakførar Oscar Ørsted Hansson Omdal i Kristiansand og kona Karen Sophie Holst Simonsdotter Høegh frå Porsgrunn, var f. i Kristiansand 14.3.1884.

Hans Høegh-Omdal vart student i 1902 og cand.jur. i 1907.  Han gifte seg første gongen i Johanneskyrkja i Christiania 18.6.1906 med Ragnhild Elisa Rudolfsdotter Lundh frå Christiania.  Ho var dotter av skipsførar Rudolf Alfred Nilsson Lundh i Christiania og kona Thora Selma Eugenia Olafsdotter Svendbye, òg frå Christiania, og f. i Christiania 13.1.1882.  Hans var ei tid premierløytnant og sidan kaptein i hæren, men praktiserte elles som sakførar på Ringsaker med bustad på Moelven frå 1907 til han i 1914 vart politifullmektig i Skien.  I 1923 flytte Hans med huslyden sin til Haugesund der han var politimeister fram til 1933.  Men Hans og Ragnhild vart skilde alt i 1916, og Ragnhild, som før hadde vore skodespelar, gifte seg 17.9.1921 att hjå sorenskrivaren i Aker med Alfred Obert Åsmundson Hagen, opphavleg frå Stavanger, kjend som Alfred Hagn.  Han var f. i Odda 5.12.1882, men flytte som barn til Stavanger og utvandra i 1890 med mor si til Battle Creek, Mich.  I 1895 kom dei attende til Stavanger, men Alfred var sidan mellom anna kunstmålar, forfattar og kyrkjerestauratør.  Han og Ragnhild budde først i Oslo til 1924 og sidan i Børum til dei i 1948 på ny busette seg i Oslo.  Ragnhild d. i Oslo 13.4.1957, medan Alfred Hagn d. same staden 6.12.1958.  Ragnhild og Alfred fekk ingen born i lag.

Hans Høegh-Omdal gifte seg att i Skien 23.3.1918 med Gudrun Dagny Margrethe Carlsdotter Kittilsen frå Skien.  Ho var dotter av kontorsjef og brukseigar Hans Carl, kjend som Carl Kittilsen i Skien og kona Karen Andrea Carlsdotter Krogh, òg frå Skien, og f. i Skien 22.7.1896.  Hans vart 6.7.1933 utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Gudrun flytte same sommaren inn på Christianeslyst.  Hans heldt fram i ombodet til han hausten 1944 vart arrestert og avsett, men han kom attende i ombodet 8.5.1945 og var med som dommar i landssviksakene i fylket i 1945/1946.  Huslyden budde på Christianeslyst fram til hausten 1946.

Hans Høegh-Omdal vart alt hausten 1945 utnemnd til sorenskrivar i Torridal i Vest-Agder, og hausten 1946 flytte han og Gudrun til Kristiansand, der dei vart buande levetidi ut.  Hans d. i Kristiansand 15.2.1962, medan Gudrun Høegh-Omdal d. på ein gamleheim same staden 8.2.1992.

Hans Høegh-Omdal fekk i alt seks born, tre frå kvart av ekteskapi:

 1. Oscar Hansson Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 29.8.1908,

Oscar Høegh-Omdal gifte seg i Sauda 20.10.1943 med Vera Petrowna Wlasik, f. i Babyntzki, Kviterussland 2.1.1924.  Ho kom som tvangsarbeidar til Noreg i andre verdskrigen.  Oscar var arbeidsformann og sidan journalist.  Han og Vera budde i

 

##### (Oslo?)

 

men vart skilde i 1949.  Oscar d. i Oslo 2.5.1986, medan Vera gifte seg att og flytte til

 

##### (kvar på Sørlandet budde ho? – Nedenes sorenskrivarombod)

 

der ho d. 12.3.1999.  Oscar og Vera fekk ikkje born i lag,

 

##### (fekk Vera born i andre ekteskapet sitt? – talet på søner og døtrer?)

 

 2. Tora Elisa Hansdotter Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 30.7.1910,

Tora Høegh-Omdal arbeidde mange år som sjukepleiar i Bærum, men gifte seg i Mo i Rana 17.12.1943 med Johan Haakon Martin Petterson Eilertsen, opphavleg frå Skjelvik i Gildeskål, sidan kjend som Håkon Odding.  Han var f. i Gildeskål 11.3.1900 og hadde vore gift to gonger før.  Håkon var lærar ulike stader og sidan lensmannsbetjent til han i

 

##### (kva år? – før 1943!)

 

vart konstituert lensmann i Nord-Rana.  Sidan starta Håkon opp med eigi verksemd for utvikling av ortopediske hjelpemiddel,

 

##### (har eg oppfatta dette rett?)

 

og han og Tora busette seg i Oslo.  Håkon d. i Oslo 29.5.1984, medan Tora Odding d. på ein sjukeheim same staden 30.12.1997.  Dei fekk ikkje born i lag, men Håkon hadde i alt fem born frå dei to tidlegare ekteskapi sine.

 3. Hans Chrystie Hansson Høegh-Omdal, f. i Ringsaker 3.10.1911,

Hans Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Gudney Olga

 

##### (farsnamnet hennar? – etternamnet er vel helst Holterman?)

 

Hulterman frå

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

Hans var journalist, og han og Gudney budde i Haugesund, men vart skilde i 1947.  Hans miste livet ved eit ulukkeshende til sjøs nær Haugesund 31.5.1952, medan Gudney

 

##### (lagnaden hennar?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk ikkje born i lag.

 4. Erna Chrystie Hansdotter Høegh-Omdal, f. i Skien 16.11.1918,

Erna Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Egil

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hans?)

 

Breen frå Oslo,

 

##### (stemmer det at han voks opp der?)

 

f. i Christiania 29.12.1912.  Egil vart cand.jur. i 1937 og var frå 1938 til 1940 domarfullmektig ved sorenskrivarkontoret i indre Sogn.  Frå 1941 til 1945 var han sekretær i eksilregjeringi i London, og sidan var han politifullmektig i Vardø og i Kristiansund til han i 1950 vart politiadjutant og sidan politiinspektør i Stavanger.  Frå 1970 var han so politimeister i Fjordane med bustad i Florø til han og Erna i 1977 som pensjonistar flytte attende til Stavanger.  Egil d. i Stavanger 14.6.1999, medan Erna Breen d. same staden 25.4.2012.  Dei fekk to born i lag.

 5. Carl Fredrik Hansson Høegh-Omdal, f. i Skien 14.5.1920,

Carl Høegh-Amdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Lillemor

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hennar?)

 

Liljedahl frå

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar?)

 

##### (yrke og bustad(er)? – fotograf Oslo?)

 

Carl d. i Oslo 27.2.1972, medan Lillemor Høegh-Omdal d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1972!)

 

Dei fekk fire born i lag.

 6. Simon Hansson Høegh-Omdal, f. i Haugesund 21.6.1924,

Simon Høegh-Omdal gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

med Arna

 

##### (fleire namn? – farsnamnet hennar?)

 

Unander frå

 

##### (kvar voks ho opp?)

 

##### (fødestaden hennar?)

 

21.5.1930. 

 

##### (cand.philol. Kristiansand? – ”lektor og rektor i skoleverket på Helgeland, i Modum og i Lillesand”, sidan (før 1980) i Lillesand!)

 

i Lillesand der Simon d. 19.9.2002.  Arna Høegh-Omdal d. på sjukehuset i Arendal 14.8.2009.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

##### (hadde dei òg ein son Erik som d. 14 år gamal? – kva med Andreas?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar ein del detaljar, men desse siste er kanskje ikkje so enkle å få tak i?

 

Nok ein kjempetakk for ein kjempeinnsats so langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ola Teige

Oscar og Vera Høegh-Omdal bodde i Oslo (Tøyen) og fikk en sønn sammen, f. i 1945, som er i live.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Studentene fra 1931, utgitt 1956:

 

Gudny Olga Høegh-Omdal, førstesekretær, Oslo, f. 26-6-1913 Kristiansand, datter av skipsfører Thorvald Hultmann (1872-1945) og Jenny Nylund (1877-). Gift 1940 med journalist Hans Høegh-Omdal. - Ektefelle død 1952.

 

Telegrafkurs 1936, høyere telegrafkurs (2-årig) 1938. - Telegrafekspeditør Kristiansand 1939, sekretær Telegrafstyret 1946, førstesekretær sst. 1954-.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Studentene fra 1932, utgitt 1957:

 

Egil Breen, politiadjutant, Stavanger, f. 29-12-12 Oslo, sønn av ekspedisjonssjef Olav Breen (1872-) og Amalie Fossum (1883-). Gift 1947 med Erna Chrystie Høegh-Omdal. 2 barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Studentene fra 1939, utgitt 1964:

 

Carl Fredrik Høegh-Omdal, avd.sjef, Nordstrand, Oslo. Gift 1943 med Borghild Liljedahl, f. 14-5-21 Bodø, dtr. av major Simon L. 2 døtre og 2 sønner. Håndverksbrev som fotograf. - Fotograf til 1952, senere avd.sjef Jens Aanesen, grafisk fagforretning, Oslo.

 

Studentene fra 1940, utgitt 1965:

 

Borghild (Lillemor) Høegh-Omdal, bibliotekar, Nordstrand, Oslo, f. 14-5-21 Bodaø, dtr. av major Simon Martin Liljedahl (1891-) og Borghild Bjørngaard (1889-1944). Gift 1944 !! med avd.sjef Carl Fredrik H.O. Bibliotekutdannelse ved Deichmanske bibliotek, Oslo 1940-42. - Ass. bibliotekar Deichmanske bibliotek, Oslo 1/2 år, bibliotekar Norges veterinærhøgskole 2 år, husmor 1945-61, bibliotekar Luftforsvarets overkommando 1962-.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.