Gå til innhold
Arkivverket

Er det mulig å finne aner til Lars Larsson Bergum (født 1710) i Bergum i Vågå ?


Dag Arne Danielsen
 Del

Recommended Posts

Om opphavi til Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter har eg divere ikkje noko å leggja til, men eg vil gerne gripa tak i ein annan person som du Atle nemnde ovanfor, Arne Eisteinsson Marlo, som òg stod oppført som utflytt soldat som hadde teke bustad i Sogn.

 

På husmannsplassen Feigesagi under garden Feigum, ein nabogard til Bergheim der Lars Larsson til sist hamna, har eg skrive (Gards- og Ættesoge for Luster, band III, 1987) følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Østenson Feigesagen, opphavleg truleg ein innflyttar til bygdi som me ikkje kjenner opphavet til, var f. kring 1693 og vart gravlagd frå Feigesagi 3.8.1763.  Han gifte seg kring 1739 med ei Britha Johns­dotter som truleg var frå Lom.  Ho var f. kring 1710 og vart gravlagd frå Feigesagi 22.11.1784.  Arne og Britha flytte til Luster kring 1742 og var først plassfolk i Einehaugen under Sørheim til dei kring 1749 vart neste plassfolki på Feigesagi.  Arne var sagmeister her so lenge han levde, og både han og kona vart buande her levetidi ut.  Dei fekk fire born:

 

 1. Thora Arnesdotter, f. kring 1740, uvisst kvar, vart konfirmert frå Feigum i 1759.

Men kring 1760 flytte Thora Arnesdotter til Gulen; der tente ho nemleg då faren fall ifrå i 1763, men om den seinare lagnaden hennar vantar me førebels fleire opplysningar.

 

 2. Østen Arneson, døypt 15.1.1743,

Østen Arneson flytte òg kring 1760 til Ytre Sogn der han framleis budde i 1763, men heller ikkje han har me førebels funne fleire opplysningar om.

 

 3. John Arneson (1746-før 1763).

 

 4. Anna Arnesdotter, døypt 30.8.1750, budde framleis på Feigesagi i 1763.

Men Anna Arnesdotter vart ikkje konfirmert i Luster, så ho må vera fari frå bygdi alt kring 1764.  Kan henda reiste også ho til Ytre Sogn, men liksom søskeni har det til no ikkje vore mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden hennar heller.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når eg i dag ser på kyrkjebøkene for Lom, finn eg følgjande born fødde av far Arne (Studnæs-)Gran i Lom:

 

* John Arneson, døypt 30.3.1736

 

* Liv Arnesdotter, døypt 26.5.1737

 

* Torø Arnesdotter, døypt 17.6.1738

 

* Østen Arneson, døypt 5.3.1741

 

Og 6.11.1735 finn eg vigsli til soldat Arne Østenson og Brit Johnsdotter Gran (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9240&idx_id=9240&uid=ny&idx_side=-18)

 

Kanskje du Atle kunne fortelja meg noko meir om denne huslyden, opphav og lagnadane til borni?  Kanskje nokon av dei flytte attende til Lom?

 

Eg finn berre eitt godt alternativ for dotteri Thorø i Sogn:

 

Ei Thora Arnesdotter Wiigøren gifte seg i Vik 24.4.1775 med Ingebrigt Olson Midlang.  Dei fekk ei dotter Kari døypt i Vik 21.12.1775, men sidan ser eg ikkje noko meir til desse i Vik!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur Dag Arne (hugs at fullt namn er påkravd i forumet) kan fortelja meir om lagnaden til borna, då det er dette tredje bandet av bygdaboka eg alltid legg att heime i Lom, kor Stusnes og Gran er med under Nesgrenda. 

 

Elles har eg denne under Lund i Skjåk i mine eigne notat - skal tru om desse Eisten-folka frå Lom i Lyster åtte skyldskap til Eisten-folka du nemner?:

Ola Eistensson Lund, f. __, d. __. Gift med __. Ola lyste pengemangel og odelsretten sin til Sygard Ramstad – der Frans Ramstad budde – i 1740.[1] Då var det oppgjeve at Ola budde i Lyster, der faren, Eisten Olsson Lund, var vikarierande klokkar og då avliden. Eisten hadde odel til Ramstad – sjå uplasserte under Ramstad. Førti år før vart Ola dømt til å misse halve formua si til krona for hor med ei Brit Larsdotter Solheim frå Nordfjord, men futerekneskapen av same år syner at gjelda oversteig formua, samt at odelsjorda var bortselt av faren hans. Ola gjorde då eid på at han ikkje åtte meir enn gangkleda og laut difor stå i gapestokken.[2]


[1] Tingbok 3 – 1740: 230-231.

[2] Tingbok I 28 – 1700: 31a.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

I Bygdabok for Lom bind 3 på side 240 under Stusnes og Gran gnr. 74/1 er Arne Østensson og Brit Jonsdotter omtalt og Brit sine foreldre.

Se vedlagte kopi av dette.

Håper det var hva du var ute etter.

 

Dag Arne Danielen

post-2520-0-28836900-1403281480_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Atle og Lars.

 

Beklager Atle, men nå er fullt navn lagt inn i min profil. Det var en forglemmelse fra min side, og takk for at du minnet meg på det.

 

Etter 27 innlegg på denne saken, kunne det vært OK med en (foreløpig) oppsummering, som jeg gjerne ser at dere to korrigerer om den skulle være feil eller mangelfull.

 

1) Lars skrev 10.juni: "Soldat Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter gifte seg i Lom 18.6.1736, og her har me òg trulovingi deira frå 6.11.1735, der Lars heiter "GIEDSER" og Inger heiter "HAGE".

2) Lars skrev 18.juni: "Eg stør tanken til Atle om at me talar om to ulike Lars Larssonar, men noko meir kan eg ikkje seia om opphavi deira."

3) Atle skrev 18.juni: "Medan eg leitte etter Skrindefolk i militære lister, trur eg eg fann Lars Larsson: I liste over det Mandskab, som paa Sessionerne 1737, 1739 og 1742 ere Demitterede, og bortfløtte samt bortReiste, af mit allernaadigste anfortroede Compagnies Districte, Neml: Lars Larsen Giedser. Disse ere begge huusmænd i Sogn i Bergenhuus Lehn."

 

Ut fra dette, er det feil å fastslå at det var "våre" folk Lars Larsson Bergum og hans kone Inga Gregoriusdotter (nevnt i Gards- og Ættesoga for Luster, bd. III, garden Bergheim),som er Lars "GIEDSER" og Inger "HAGE" og som giftet seg i Lom 18.6.1736 ? Men at deres slekt bakover i Lom/Skjåk (foreløpig) er noe uklar. Er dette en rett oppsummering så lang Atle og Lars, eller har jeg oversett noe av det dere har skrevet?

 

Dag Arne Danielsen

Endret av Dag Arne Danielsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Dag Arne!

 

Eg ville snarare seia det er RETT å fastslå at Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter på Bjørkehaugen i Luster er identiske med Lars Larsson Gjedser og Inger Gregoriusdotter Hage - vigde i Lom 1736.

 

Eg vil elles takka so mykje for oppstillingi av ætti til Arne Østenson og Brit Johnsdotter, men eg stussar veldig på kvar forfattaren har funne leveåri til Ane Østenson (1707-1759).  Kan det tenkjast at denne Arne hadde ein "dobbeltgjengar" i Lom?  Går det elles fram at huslyden flytte frå Lom i 1742, eller er det sagt noko om etterslekt?

 

Elles nemner Atle Ole Østenson LUND, og då lyt eg attgje frå Luster band II under garden Dalsøyri (1986):

 

Plassen kalla Lundstova:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Østen Olson Lund, eigentleg frå Skjåk, men sjå Kvalsøyri under Kvale, var f. i Skjåk kring 1696 og vart gravlagd herifrå Dalsøyri 25.1.1733.  Østen gifte seg kring 1728 med ei Maria Aamundsdotter.  Ho var truleg f. kring 1700, men elles veit me førebels ikkje noko om opphavet hennar.  Østen Lund vart klokkar i Luster etter Christen Christenson kring 1730 og busette seg på same tidi i ei stove her på Dalsøyri som me har valt å kalla for Lundstova.  Østen Lund fall ifrå alt i 1733, men enkja Maria vart likevel buande her i heimen under Dalsøyri like til 1740.  Det syner seg at ho 10.6.1740 selde stova til sorenskrivar Georg Burchard Jersin på Talle (1696‑1746), og rimelegvis flytte han ho ut på Talle på same tidi.  Soleis vart heimen nedlagd.

 

Det ser ut til at Maria Aamundsdotter flytte frå bygdi kring 1740, og sidan einaste dotteri til Østen og Maria sidan dukka opp i Bergen, er det rimeleg å tru at òg Maria flytte dit, men vidare opplysningar om lagnaden hennar vantar me førebels.

 

Som nemnt fekk Østen Lund og kona Maria ei dotter som me veit om:

 

 1. Maria Østensdotter Lund, døypt 9.5.1732,

Maria Lund flytte til Bergen, truleg med mori i 1740‑åri, og der gifte ho seg 12.10.1755 med ein Lars Larsson Holm.  Lars Holm var matros, og han og Maria busette seg i Domkyrkjesokni i Bergen.  Me veit ikkje noko meir om lagnaden til Lars Holm, men Maria vart gravlagd i Bergen 9.4.1768, og då levde Lars framleis.  Dei fekk seks born som me sikkert veit om; rett nok vart ei dotter oppgjevi å vera gravlagd i Bergen 25.7.1765, men korkje namn eller alder vart nemnde, so noko meir om det barnet veit ikkje me no.  Dei seks andre var:

 

a. Lars Larsson Holm, døypt i Bergen 25.8.1756, ukjend.

 

b. Hans Larsson Holm, døypt i Bergen 24.1.1759, d. kort tid etter.

 

c. Hans Larsson Holm, døypt i Bergen 1.10.1760, ukjend.

 

d. Andreas Larsson Holm, døypt i Bergen 6.7.1763, vart gravlagd i Bergen 2.6.1814, men utan at me no veit noko meir om han.

 

e. Anna Marie Larsdotter Holm, døypt i Bergen 17.11.1765, ukjend.

 

f. Bertha Larsdotter Holm, døypt i Bergen 27.1.1768, likeins ukjend.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og går me so til Kvalsøyri 1 under nabogarden Kvale finn me denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Østenson Lund, frå Lund i Skjak, var son av Østen Børreson og Barbro Thoresdotter på Lund i Skjåk og f. der kring 1665. Ole Lund gifte seg første gongen, truleg i Skjåk, kring 1690; truleg heitte denne første kona hans Britha Pedersdotter om me skal dømma etter namneoppkallingane, men sikre kan me ikkje vera. Ho var òg f. kring 1665. Ole Østenson Lund og første kona må ha butt mange år i Skjåk, men dette ligg så langt attende i tidi at nøyaktigare opplysningar ikkje har vore tilgjengelege. Men me trur det var eingong i tidsrommet 1710‑1720 at Ole Lund og første kona kom til Luster. Ole d. visstnok som legdelem på Drægni 14.4.1755, medan første kona hans vart gravlagd 25.1.1733. Ole Lund gifte seg att her i Luster 16.10.1733 med ei Anna Johnsdotter som me ikkje kjenner opphavet til, men som og godt kan ha vore frå Skjåk for alt det me veit. Ho var f. kring 1677 og vart gravlagd 18.1.1739. Så gifte Ole Lund seg tredje gongen 7.1.1740 med enkja Guri Rasmusdotter. Om hennar opphav veit me heller ikkje noko, men ho var truleg f. om lag 1690 og hadde før vore gift med husmann og truleg dåverande enkjemann Knut Johannesson på Myrane under Hæri (1673‑1735). Om den seinere lagnaden til Guri veit me heller ikkje noko meir; truleg d. ho i Luster utan at det har vore nedskrive, kanskje kring 1760(?). Me har ikkje funne nokon kjelder som kan slå fast nett kvar i Dalesokni Ole Østenson Lund hadde bustaden sin då han kom hit til Luster, men eine sonen budde på ein av naboplassane på Kvalsøyri, medan yngste sonen budde som klokkar på nabogarden Dalsøyri, så det kan tyda på at Ole Lund og budde her på Kvalsøyri, og me trur det var her i Osen huslyden slo seg ned. Me veit om to søner etter Ole Østenson Lund, og dei var begge frå første ekteskapet:

 

 1. Peder Olson Lund (1693‑1740), vart strandsitjar på Kvalsøyri 3 under Kvale.

 

 2. Østen Olson Lund (1696‑1733), vart klokkar i Luster og budde i Lundstova under Dalsøyri.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og på Kvalsøyri 3 under Kvale finn me hin sonen:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Olson Lund, opphavleg frå Skjåk, men sjå Kvalsøyri 1 under Kvale, var truleg f. i Skjåk kring 1693 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 9.10.1740. Han kom kanskje til Luster før foreldri og gifte seg, anten her eller i Hafslo, kring 1714 med Britha Sjursdotter frå Hillestad i Hafslo. Ho var f. kring 1692 og vart gravlagd, truleg òg frå Kvalsøyri, 22.1.1741. Truleg var det i 1720‑åri at Peder Lund og kona fekk slå seg ned her på Kvalsøyri, visstnok ein ny plass, og her vart dei buande levetidi ut. Sidan vart borni buande i heimen til kring 1755. Dei hadde ikkje jord til plassen, men Peder Lund livnærte seg då òg helst som skreddar. Han og Britha fekk sju born:

 

 1. Peder Pederson (1716‑1779), var skreddar liksom faren og budde mange stader, men hamna som husmann på ein plass under Nes (s.d.).

 

 2. Britha Pedersdotter, f. kring 1722, levde på Kvalsøyri i 1740.

Britha Pedersdotter (Lund) må sidan vera fari frå bygdi, for her kan me ikkje sjå meir til ho. Kanskje ho reiste attende til Skjåk?

 

 3. Sjur Pederson (1724‑1803), var òg skreddar og vart husmann eller strandsitjar på ein plass under Nes.

 

 4. Eli Pedersdotter, f. kring 1726,

Eli Pedersdotter ser ut til å vera fari frå bygdi like etter ho i 1754 gjorde leigarmål her, men diverre har me ikkje vore i stand til å finna ut kvar ho reiste. Barnet ho fekk her i bygdi var:

 

a. Britha Aamundsdotter, døypt i Luster 3.7.1754; faren var gardbrukar Aamund Olson i Vigdalen (1724‑1761). Om Britha sin lagnad veit me heller ikkje noko.

 

 5. NN Pederson (1728‑1735).

 

 6. Unemnt barn (1731‑1731).

 

 7. Esther Pedersdotter (1735‑1793), vart gift med husmann og enkjemann Alf Paulson på ein plass under Tandle (1716‑1783).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er sjølvsagt interessert i å supplera med fakta om eventuelle ættesamband som kan påvisast med Lom eller Skjåk!  Men dette ligg langt attende i tid...

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Om Arne Østensson

Jeg kan dessverre ikke se at det står noe mer om i Bygdabok for Lom om Arne Østensson og Brit Jonsdotter, enn det jeg sendte deg kopi av i går. Men jeg tror nok Atle er den rette til å svare deg mer utførlig på dette.

 

Om Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter på Bjørkehaugen i Luster

Siden det var jeg som dro i gang denne diskusjonen om aner til Lars Larsson, er jeg veldig fornøyd med din konklusjon om at det er rett å fastslå at Lars Larsson og Inger Gregoriusdotter på Bjørkehaugen i Luster er identiske med Lars Larsson Gjedser og Inger Gregoriusdotter Hage - vigde i Lom 1736.

Så får framtiden vise om Atle eller andre klarer å finne aner til Lars og Inger i Lom.

 

Takk til både deg Lars og til Atle for flotte bidrag og god sommer til dere begge!

 

 

Med vennlig hilsen

Dag Arne Danielsen

Endret av Dag Arne Danielsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Jeg kom tilfeldigvis over skiftet etter Gregorius Larsen på Hagen i Lom datert 1. mars 1730.

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Gudbrandsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 1 , 1720-1735, oppb: Statsarkivet i Hamar.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25152/360/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081209710360.jpg

 

Gregorius Larsen etterlot seg kona Ragnild Olsdatter og fire barn;

Ole 27 år

Gregorius 25 år

Lisbet 23 år

Inger 17 år

 

Med sin første kone hadde han sønnen Amund 36 år.

Endret av Aud Kalland Sterten
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aud.

 

Tusen takk Aud, dette var svært nyttige opplysninger !

Hva sier dere Lars og Atle, her har vi vel aner for "vår" Inger Gregoriusdotter på Bjørkehaugen i Luster ?

Igjen takk til deg Aud !!

 

Med vennlig hilsen

Dag Arne Danielsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var godt nytt!  Ingen tvil i mine auge om at dette er "vår" Inger Gregoriusdotter, oig som me ser, so passar alderen ogso ganske so godt med anslaget mitt frå den gongen...

 

Eg les elles med interesse at Inger hadde ein bror med namn Gregoriusn Gregoriusson, og eg kjem i hug at eg for mange år sidan las i tingbok frå indre Sogn om ein Gregorius Gregoriusson "frå Gudbrandsdalen" aom sa seg vera son til ein av same namn og som kravde arv etter ein person som døydde i Luster.  Fleire detaljar kan eg ikkje hugsa, men skal tru om ikkje vedkommande var son av den her nemnde Gregorius Gregoriusson?

 

Og då kastar eg ballen vidare over til Atle eller Arnfinn:  Kva veit ein meir om Gregorius Gregoriusson?

 

Elles vil eg vel tru at det må finnast fleire spor etter Gregorius Larsson og kona Ragnhild Olsdotter i Lom?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utdrag frå innlegg #22 ovanfor:

 

Ingrid Gregorsdotter Hågån

- denne er ikkje god å plassere slik det er no, nei - eg har ingen plass til henne utanom ein på særs vaklande grunn: Gregor Larsson Kjekahågån vart i 1699 dømt for lauslivnad med Mari Tjøstolvsdotter, som var nærskyld kona hans, som døydde året før (Lisbet Amundsdotter frå Kvålheim - dotter til Amund Jakopsson frå Kvålheim og Jøron Tjøstolvsdotter frå Tofte - Jøron og Mari er nok ikkje systre, men ein soneson til Jøron -kan- vera faren hennar: Tjøstolv Olsson, f. kring 1652, som eg diverre ikkje veit meir om enda). Hypotese: Ingrid kan vera barnet Gregor og Mari avla i 1699, og som Gregor eigentleg laut gå frå gard og grunn for (men som han søkte kongen si nåde for - og fekk). Artig me støytte på desse, for desse nemner eg i masteroppgåva mi om lauslivnad (og andre lovbrot) i Lom og Skjåk 1664-1800 :) Dette kan vera ei plassering for Ingrid, men eg held det for reine spekulasjonar, så ikkje fest lit til det. Om Ingrid skulle vera dotter til Gregor Kjekahågån, men likevel ikkje står nemnt mellom sønene Lars, Amund og Lars, er det nok fordi me har berre ei kjelde til deira eksistens: Skiftet etter mor deira - Lisbet: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25155/49/ 

 

 


Denne Gregor Larsson Kjekahågån som Atle syner til her, hadde vore gift med Lisbet Amundsdotter frå Kvålheim som altso døydde i 1698, men du seier ikkje noko om at Gregor gifte seg att!?  Er det ikkje rimeleg å tru at det er same mann me finn skifte etter i 1730 og som då med ei kone nr. 2, Ragnhild Olsdotter, hadde dei fire nemnde borni der eldste dotteri var oppkalla etter Lisbet Amundsdotter?

 

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

 

Dette er vel Gregorius Larsen sin andre kone Ragnild Olsdatter sin begravelse i 1741 : http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000422115

Og dette sønnen Amund fra Gregorius sitt første ekteskap sin begravelse i 1742 : http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000422167

 

Ellers håper også jeg som Lars, at Atle eller Arnfinn kan finne flere spor etter Gregorius Larsson og kona Ragnhild Olsdotter i Lom?

 

Med vennlig hilsen

Dag Arne Danielsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.