Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Herbrand Eriksen og Asbjørn Johannessen - vigsler i Oslo (Aftenposten?) - adressebøker - dødsannonse?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har slite voldsomt med å finna ut av denne huslyden, der det tydeleg ikkje finst etterkomarar, mellom anna i dette emnet: http://forum.arkivverket.no/topic/172668-herbrand-eriksen-foedd-hemsedal-1889-skreddar-drammen-gol-lagnad/?hl=%2Basbj%C3%B8rn+%2Bjohannessen#entry1476706

 

No vil eg gjerne få "vinkla" problemet på eit anna vis, med von om at dette kan skaffa oss nokre tilleggsopplysningar:

 

Kan det tenkjast at AFTENPOSTEN har annonser for:

 

* Vigsli til Herbrand Eriksen (1889-1959) og Inga Odland Sandstøl (1888-1972), rimelegvis vigde i Oslo ein gong mellom 1935 og 1950?

 

* Vigsli til Asbjørn Johannessen (1925-2010) og Martha Eriksen (1920-1999), rimeligvis vigde i Oslo 6.10.1956?

 

* Dødsannonse for Asbjørn Johannessen som døydde i Oslo 30.1.2010?

 

Eg er på leiting etter både dødsstad og yrke til Asbjørn Johannessen - kanskje går dette fram av dødsannonsen hans, men meir truleg er det kanskje at me kan finna svari gjennom adressebøker for Oslo?

 

Adressebøker for Oslo kan kanskje ogso gje oss ein peikepinn om tidspunket for vigsli til Herbrand og inga?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse utfordrande problemi!

 

PS: Redigering er gjort etter eg oppdaga eg hadde skrive feil førenamn på Herbrand!  d.s.

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Dødsannonse for Asbjørn Johannessen i Aftenposten si morgonutgåve 3/2 2010:

post-77-0-32565300-1403033676_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Annalisa Thelin Knutsen

Hei

Jeg har ikke funnet giftermål men noen dødsannonser.

Jeg har funnet dødsannonsen til Asbjørn Johannessen. sender den på mail

Min kjære bror, min gode, snille onkel.

Asbjørn Johannessen.f. 25-mars 1925,

sovnet stille inn

30-1-2010

Astrid og Nigel

Torill og Kjell

Øvrige familie

Bisettes fra Ullevål sykehus kapell

mandag 8. februar kl 12.

 

Fant også annonsen til Herbrand Eriksen -- ikke Herbjørn

 

min kjære mann og snille far, svigerfar, vår bror, svoger og onkel

fhv. kjøpmann

Herbrand Eriksen

døde fra oss idag

Oslo 8. mars 1959

Inga Eriksen

f. Sandstøl

Martha --- Asbjørn

Øvrige familie

Begraves fra kapellet på Vestre gravlund lørdag 14 ds kl 11.

 

 

Min kjære mor og svigermor, vår søster, svigerinne og tante

Inga Eriksen

f. Sandstøl

sovnet stille i iag Oslo 11. januar 1972

Mrtha     Asbjørn

Lotter'Peter Bessy

Øvrige familie

Bisettes i Vestre krematorie tirsdag 18 janus kl 10.30

 

mvh Lisa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn og Lisa for flotte og nyttige innlegg!  Takk til Lisa ogso for direkte mail der du mellom anna har teke med dødsannonsa til Jonas Sandstøl frå Oslo i januar 1942.  Denne siste er spesielt nyttig, for derigjennom får me vita at Herbrand og Inga gifte seg FØR januar 1942!

 

So byrjar "jakti" på slektningane til Asbjørn Johannessen.  Søsteri Astrid gift med Nigel bur nok ikkje i Noreg, men kva med Torill og Kjell.  Let dei seg gjera å identifisera?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Fant denne notisen i Aftenposten 03.09.1949: Martha Eriksen, Sporveisgaten 21. Det var vel adressen til Herbrand Eriksen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Her er iallefall dødsannonsa for Martha frå Aftenposten 21/4 1999.

 

post-77-0-36592500-1403054075_thumb.jpg


Fant denne notisen i Aftenposten 03.09.1949: Martha Eriksen, Sporveisgaten 21. Det var vel adressen til Herbrand Eriksen?

 

Bra!

 

#85

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Fagerborg, Lysningsprotokoll nr. 6 (1944-1950), Lysninger 1949, side 85. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3314&idx_id=3314&uid=ny&idx_side=-91

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

3454981 Sverre Harald  Kristiansen  2102  1923  1312  1985  1712  1985      026  05  006       Gamlebyen gravlund Oslo korrigering.gif

 

Aftenposten 18/12 1985:

post-77-0-43075100-1403055233_thumb.jpg

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

???

 

"Idaho, Marriage Index, 1947-1961", index, FamilySearch (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/K8H6-1H7 : accessed 18 Jun 2014), Nigel E. Robinson and Astrid Marga Johannessen, 1955.

 

Name: Nigel E. Robinson Event Type: Marriage Event Date: 14 Apr 1955 Event Place: Bonneville, Idaho, United States Spouse's Name: Astrid Marga Johannessen Certificate Number: 01662

 

 

http://www.whitepages.com/name/Astrid-M-Robinson/Bellevue-WA/6t6wjka

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Mogeleg kandidat for Thorleif Johannessen:

1592830 Thorleif  Johannessen  2211  1923  1208  2004      m  B20  18  1    Vis Solheim Bergen korrigering.gif

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No vart eg skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Sven og Torbjørn for nye kjempemessige innlegg!  Her får me "rulla opp" heile huslyden til Asbjørn Johannessen, både søsteri i Amerika og broren i Noreg.  Og til og med eit første ekteskap til Martha Eriksen!

 

No forstår eg betre kvifor vigsli mellom Asbjørn og Martha frå 1956 er so vanskeleg å finna...; Martha har vel då hatt namnet Kristiansen, og ho var skild!  Då er vel vigsli kan henda av "borgarleg karakter"...?  Men dei borgarlege vigslene synest ikkje vera skanna so langt fram i tid...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Har ikke funnet vielsen, men her er forlovelsen; Aftenposten 03.04.1934:

 

 

EDIT: Fant vielsen også; Aftenposten 06.10.1934:

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nyttig og flott innlegg!

 

Eg har sjølv i dag identifisert Frøydis og Thorleif Johannessen og har nettopp hatt ein hyggeleg samtale med dotteri Torill.  Ho kunne svara meg på dei fleste spørsmåli som framleis stod opne.  Ho meinte ganske bestemt at Asbjørn og Martha gifte seg hjå byfogden i Oslo, og etter dette er det berre den første vigsli til Herbrand Eriksen med Marie Andersen/Øvrethun i 1916 (eller 1917) som står utan svar.

 

Her er eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Maria Andersdotter Øvrethun, f. 3.2.1888,

Marie Øvrethun flytte i ung alder som tenestejente til Bergen, men gifte seg i 1916, dato og stad ukjende,

 

##### (let dette seg i det heile finna?)

 

med Herbrand Erikson Huso frå Huso i Hemsedal, sidan kjend som Herbrand Eriksen.  Han var son av gardbrukar Erik Olson på Huso og kona Margit Bjørnsdotter frå Sjåheim og f. i Hemsedal 14.9.1889.  Herbrand gjekk i skreddarlære i Drammen, men han og Marie busette seg på Skogly, Hesla på Gol der Herbrand heldt fram som skreddar.  Marie d. på Gol 26.6.1931, og Herbrand gifte seg 9.10.1934 att i Oslo med Inga Pedersdotter Odland Jonasdotter Sandstøl frå Moi i Lund, f. i Woodbury Co., Ia. 25.12.1888.  Herbrand heldt ei tid fram som skreddarmeister i Oslo, men vart sidan kioskeigar same staden, medan Inga i mange år hadde vore kjolesyerske, mellom anna i Stavanger.  Herbrand d. i Oslo 8.3.1959, medan Inga Eriksen d. same staden 11.1.1972.  Herbrand fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Marie Øvrethun:

a. Erik Herbrandson Eriksen, f. på Gol 25.4.1917, d. på Gol 5.4.1934.

b. Martha Herbrandsdotter Eriksen, f. på Gol 17.7.1920, d. på eit sjukehus i Oslo 11.4.1999.  Martha gifte seg første gongen i Fagerborg kyrkje i Oslo 3.9.1949 med Sverre Harald Haraldson Kristiansen frå Oslo, f. i Christiania 21.2.1923.  Han d. i Oslo 13.12.1985.  Sverre var pølsemakar, og han og Martha budde i Oslo, men vart skilde kring 1953.  Martha gifte seg so att i Oslo 6.10.1956 med Asbjørn Frithjofson Johannessen frå Oslo, f. i Christiania 25.3.1925.  Han d. på eit sjukehus i Oslo 30.1.2010.  Asbjørn hadde vore sjømann, men vart sidan kontormann ved ein mekanisk verkstad i Oslo der parfolket budde levetidi ut.  Martha fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil so få retta ein ny stor takk for alle bidragi som har gjort denne teksten mogeleg!  Og skulle den siste vigselsdatoen nokon gong dukka opp, ville eg truleg gå heilt av hegslene...!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×