Gå til innhold
Arkivverket

Huslyden Holm i Bergen på 1700-talet - lagnaden til denne barneflokken?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Gards- og Ættesoga for Luster, band II (1986) plassen Lundstova under garden Dalsøyri attgjev eg følgjande tekst, skriven i ei tid utan søkbare databasar eller internett:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Østen Olson Lund, eigentleg frå Skjåk, men sjå Kvalsøyri under Kvale, var f. i Skjåk kring 1696 og vart gravlagd herifrå Dalsøyri 25.1.1733.  Østen gifte seg kring 1728 med ei Maria Aamundsdotter.  Ho var truleg f. kring 1700, men elles veit me førebels ikkje noko om opphavet hennar.  Østen Lund vart klokkar i Luster etter Christen Christenson kring 1730 og busette seg på same tidi i ei stove her på Dalsøyri som me har valt å kalla for Lundstova.  Østen Lund fall ifrå alt i 1733, men enkja Maria vart likevel buande her i heimen under Dalsøyri like til 1740.  Det syner seg at ho 10.6.1740 selde stova til sorenskrivar Georg Burchard Jersin på Talle (1696‑1746), og rimelegvis flytte han ho ut på Talle på same tidi.  Soleis vart heimen nedlagd.

 

Det ser ut til at Maria Aamundsdotter flytte frå bygdi kring 1740, og sidan einaste dotteri til Østen og Maria sidan dukka opp i Bergen, er det rimeleg å tru at òg Maria flytte dit, men vidare opplysningar om lagnaden hennar vantar me førebels.

 

Som nemnt fekk Østen Lund og kona Maria ei dotter som me veit om:

 

 1. Maria Østensdotter Lund, døypt 9.5.1732,

Maria Lund flytte til Bergen, truleg med mori i 1740‑åri, og der gifte ho seg 12.10.1755 med ein Lars Larsson Holm.  Lars Holm var matros, og han og Maria busette seg i Domkyrkjesokni i Bergen.  Me veit ikkje noko meir om lagnaden til Lars Holm, men Maria vart gravlagd i Bergen 9.4.1768, og då levde Lars framleis.  Dei fekk seks born som me sikkert veit om; rett nok vart ei dotter oppgjevi å vera gravlagd i Bergen 25.7.1765, men korkje namn eller alder vart nemnde, so noko meir om det barnet veit ikkje me no.  Dei seks andre var:

 

a. Lars Larsson Holm, døypt i Bergen 25.8.1756, ukjend.

 

b. Hans Larsson Holm, døypt i Bergen 24.1.1759, d. kort tid etter.

 

c. Hans Larsson Holm, døypt i Bergen 1.10.1760, ukjend.

 

d. Andreas Larsson Holm, døypt i Bergen 6.7.1763, vart gravlagd i Bergen 2.6.1814, men utan at me no veit noko meir om han.

 

e. Anna Marie Larsdotter Holm, døypt i Bergen 17.11.1765, ukjend.

 

f. Bertha Larsdotter Holm, døypt i Bergen 27.1.1768, likeins ukjend.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Den einaste som eg finn spor etter i 1801 og i undersøkjingskommisjonen 1804, er Andreas, her frå FT1801:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=f18011301&gardpostnr=1019&personpostnr=7161&merk=7161#ovre

 

Kvar vart det av resten av denne huslyden, og kven var denne Lars Larsson Holm som gifte seg med Maria Østensdotter Lund?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har en mulig kandidat, Lars Larsen døpt i Hidra sogn i Vest-Agder 22.10.1730. Denne Lars Larsen var sønn av Anne Andersdatter Eie og Lars Larsen på Eisholmen under gården Eie på Hidra.

Faren, som altså også het Lars Larsen, giftet seg som enkemann i 1743 til gården litle Håland i Hidra. Ved skiftet etter ham 6.4.1753 nevnes det at sønnen Lars seilte til sjøs fra Bergen. Lenke til skiftet: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24463/150/

Flere personer fra Hålands-gårdene i Hidra bosatte seg for øvrig i Bergens-området og benyttet Holm som etternavn, trolig en avledning av gårdsnavnet Håland.

 

På sommertinget i Feda tinglag (Lister sorenskriveri) 10.7.1769 møtte fullmektigen Gabriel Læga på vegne av Lars Larsen Håland fra Bergen og stevnet Lars sin mostermann Hans Pedersen Eie for gjeld på 10 riksdaler. Saken ble utsatt. På høsttinget 17.10.1769 ble det opplyst at partene var forlikt.

Lenke til tingbokreferatene: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30653/37/ (fol. 36a) og http://arkivverket.no/URN:rg_read/30653/97/ (fol. 96a).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hva med denne Hans Holm 48 år gammel i 1801 i Bergen.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=f1801&gardpostnr=39256&personpostnr=574580&merk=574580#ovre

 

En sjekk av fadderne ved barnedåpene til Andreas og Hans Holm vil evt. kunne bekrefte slektskap.

 

Og her er en Peder Larsen Holm, styrmann og 33 år gammel i Bergen 1801. Ikke nevnt i barneflokken du nevner, men likevel en mulig kandidat.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=31&filnamn=f1801&gardpostnr=40619&personpostnr=584575&merk=584575#ovre

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1789 er det en matros Andreas Larsen Holm som har en sønn Lars med Karen Monsdatter. Sønnen er hjemmedøpt: 

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=dp12011668&gardpostnr=15542&personpostnr=44926&merk=44926#ovre

 

Ser ut som Andreas og Karen giftet seg i 1793: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000432259

 

Og denne Andreas må jo være identisk med den du allerede har funnet i 1801 og 1804, Lars! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1802 kan det ser ut som Andreas (Anders) gravlegger en datter: 

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=42&filnamn=bedo1668&gardpostnr=60578&merk=60578#ovre

 

Kan dette være dødsfall/begravelse for Andreas L. Holms kone Karen Monsdatter i 1813?

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=45&filnamn=bedo1668&gardpostnr=67208&merk=67208#ovre

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er antakelig den Hans Holm i Undersøkelseskommisjonen, som Rune B fant i f.t. 1801. Han er 52 år, født 1752-1753, og det er vel kanskje litt langt unna fødselsåret 1760...??

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=23&filnamn=berg1804&gardpostnr=1962&merk=1962#ovre

 

Dette kan muligens være dødsfallet til skipper Hans Holm, i så fall har han Jensen som farsnavn. Han var 65 år da han døde, født 1749

Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 3 (1775-1820), Døde og begravede 1814, side 105. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8732&idx_id=8732&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-105
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416660429.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Ein svært forseinka takk til Jan, Rune og Grethe for spennande innlegg i dette emnet frå 2014, som «i kampens hete» diverre er vorte oversett.  Og no er me sjølvsagt komne i den situasjonen at linkane ikkje lenger fungerer..., som til dømes dødsfalli som Rune nemner i innlegg #8.  Men spesielt imponerande var innlegget til Jan, som eg trur er ganske so avgjerande for opphavet til denne Holm-ætti i Bergen!  Eg ser forresten ein referanse til skiftet i Bergen etter Lars Larsson Holm i 1784, men eg finn ikkje sjølve skifteakten...

 

Eg har i kveld sett opp eit revidert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Østen Olson Lund, opphavleg frå Skjåk, men sjå Kvalsøyri under Kvale, var f. i Skjåk kring 1696 og vart gravlagd herifrå Dalsøyri 25.1.1733.  Østen gifte seg kring 1728

 

     ##### (dato og stad for vigsli?)

 

     med Maria Aamundsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     truleg f. kring 1700.  Østen Lund vart klokkar i Luster etter Christen Christenson kring 1730 og busette seg på same tidi i ei stove her på Dalsøyri som me har valt å kalla for Lundstova.  Østen Lund fall ifrå alt i 1733, men enkja Maria vart likevel buande her i heimen til 1740.  Det syner seg at ho 10.6.1740 selde stova til sorenskrivar Georg Burchard Jersin på Talle (1696‑1746), og rimelegvis flytte han stova ut på Talle på same tidi.  Soleis vart heimen nedlagd.

Det ser ut til at Maria Aamundsdotter flytte frå bygdi kring 1740, og sidan einaste dotteri til Østen og Maria sidan dukka opp i Bergen, er det rimeleg å tru at ogso Maria flytte dit, men

 

##### (opplysningar om lagnaden hennar?)

 

Som nemnt fekk Østen Lund og kona Maria ei dotter som me veit om:

 1. Maria Østensdotter Lund, døypt 9.5.1732,

Maria Lund flytte til Bergen, truleg med mori i 1740‑åri, og der gifte ho seg i Domkyrkja 12.10.1755 med Lars Larsson frå Håland i Hidra, Vest-Agder, kjend som Lars Larsson Holm.  Han var son av

 

##### (gardbrukar?)

 

Lars Larsson på Håland lille i Hidra, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og første kona Anna Andersdotter frå Eie i Hidra og vart døypt i Hidra 22.10.1730.  Lars Holm var matros, og han og Maria busette seg i Domkyrkjesokni i Bergen der Maria vart gravlagd 9.4.1768.  Lars Holm d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1768 - ?skifte Bergen 1784: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000742562

 

Dei fekk seks born i lag:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Lars Larsson Holm, døypt i NK, Bergen 25.8.1756,

 

     ##### (lagnad? - gravlagd 5.2.1784, musikantsvein, 30 år?)

 

b. Maren Larsdotter Holm, døypt i DK, Bergen 24.1.1759, vart gravlagd i Bergen 25.7.1765.

c. Hans Larsson Holm, døypt i DK, Bergen 1.10.1760,

 

     ##### (lagnad?)

 

d. Andreas Larsson Holm, døypt i DK, Bergen 6.7.1763, vart gravlagd i Bergen 2.6.1814.  Andreas gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 25.8.1793 med Karen Monsdotter frå

 

     ##### (opphav? - f. 1770?)

 

     ##### (dødsfallet hennar? - 1813?)

 

     ##### (yrke og bustad? - 1801: matros 11-103 i Bergen

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Lars, f. KK, Bergen 4.12.1789 - n. 1801

            * Elsebe Marie, f. KK, Bergen 1.12.1791 - n. 1801

            * Ole Andreas, f. KK, Bergen 14.2.1795 - n. 1801

            * Elisabeth, f. KK, Bergen 13.4.1800 - n. 1801)

 

e. Anna Marie Larsdotter Holm, døypt i DK, Bergen 17.11.1765, vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 19.7.1792

 

     ##### (lagnad? - ugift!?)

 

f. Bertha Larsdotter Holm, døypt i DK, Bergen 27.1.1768,

 

     ##### (lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville gle meg svært mykje over eventuelle oppdateringar av denne biografien og takkar på ny for framifrå bistand so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra MyHeritage

 

Navn Andreas Larsen Holm
Fødsel 1763
 
 Bergen, Bergen, Hordaland, Norway
Ekteskap Ekteskap til: Karen Holm (født Monsdatter)
 
25. aug 1793
 
 Korskirken
Medlemmer innen familien
Foreldre
 
Lars Larsen Holm
1730 - 1784
Kone
Søsken
 
Hans Holm
1756 - ?
 
 
Maren Holm
1759 - ?
 
 
Birte Holm
1768 - ?
 
Lars Holm
1756 - ?
 
 
Anne Marie Holm
1765 - ?
Barn
 
 
 
Ole Andreas Holm
1795 - ?
 
 
 
Elizabeth Holm
1800 - ?

 

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.