Gå til innhold
Arkivverket

Lars Pederson frå Hanekam i Vik (fødd 1813) og dotteri Oleana Lovise (fødd Florø 1861) på Vetløyri i Vik 1877 - er FT1875 for Vik tilgjengeleg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lars Pederson vart døypt i Vik 18.10.1813 som son av husmann Peder Larsson og kona Ragnhild Halvorsdotter.  Lars gifte seg med Kari Sivertsdotter Brinchmann frå Solvorn, og huslyden deira er drøfta i eit anna tema (http://forum.arkivverket.no/topic/191342-kari-sivertsdotter-brinchmann-fr%C3%A5-solvorn-i-hafslo-til-flor%C3%B8-1825-1866-og-familien-larsen-i-stavanger-og-sandnes/).

 

Gjennom dette nye emnet vonar eg finna ekspertise på Vik som kan bidra med å kasta meir ljos over Lars Pederson, både opphav og lagnad.

 

Først eit "innleiingsspørsmål":

 

* Er det mogeleg å seia noko om KVA PLASS under garden Hanekam i Vik denne huslyden budde på, då Lars vart fødd i 1813?

 

So vil eg gjerne fortelja at Lars Pederson og kona Kari budde i Florø, men at Lars vart enkjemann i 1866.  Dei hadde fem born, fire gutar som tre av dei vart konfirmerte i Florø i 1860-åri, den siste Reginius i 1869, og ein son Johannes som vart konfirmert på Kyrkjebø i Lavik i 1871.  Einaste dotteri Oleana Lovise, fødd i Florø i 1861, vart konfirmert i Vik i 1877, og denne innførsli i kyrkjeboki for Vik er særleg interessant: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6938&idx_id=6938&uid=ny&idx_side=-147

 

Her går det fram at Oleana budde på Vetløyri i Vik ved konfirmasjonen, og presteattesten det vert synt til frå Florø, har ein dato i 1873.  Kanskje flytte ho til Vik i 1873?

 

Eit anna spennande aspekt ved denne konfirmasjonsinnførsli er namni til foreldri.  Opphavleg er Lars Pederson skriven som far, men ei Brita Johannesdotter står som mor, og eg spekulerer på kve grunnen kan vera til dette!?

 

Me kjem til neste spørsmål:

 

* Finst FT1875 for Vik tilgjengeleg for å sjå i kva huslyd Oleana Lovise då budde?  Kanskje far hennar Lars Pederson, som me eller ikkje ser noko meir til etter kona Kari døydde i 1866, heldt til på Vetløyri, og kanskje han då budde hjå ei Brita Johannesdotter??

 

Eg kan ikkje sjå at nokon "høveleg" Lars Pederson er avliden i Vik, men det finst ei Brita Johannesdotter som døydde på Vetleøyri som legdelem i 1892 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=35&filnamn=sogngrav&gardpostnr=19616&merk=19616#ovre)...

 

Oleana Lovise flytte forresten kort etter konfirmasjonen til Stavanger og budde der levetidi ut.

 

Eg takkar so mykje på førehand for mogelege opplysningar frå Vik som kan bidra til å løysa desse problemi kring Lars Pederson og dotteri hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved dåpen til Oleana Lovise 17.04.1862 i Eikefjord i Kinn står Kari Sivertsdatter oppført som mor. (klokkerboka).

 

 


Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Eikefjord i Kinn, Klokkerbok nr. A 1 (1853-1868), Fødte og døpte 1862, side 40. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11537&idx_id=11537&uid=ny&idx_side=-41
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510630115.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Oleana i f.t. 1875 for Vik http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052300003950


Husstandsmedlemmer

 

P.nr. H.nr. Navn Alder/født Fødested Familiestilling Sivilstand Yrke Bostatus 001 01 Lasse Olsen 1833 Hove Sogn Viks Prgj. Huseier e Strandsidder Kurvemager   002 02 Lars Pedersen 1813 Arnefjords Sogn Viks Prgj. Logerende e Dagarbeider   003 02 Oleana Larsdatter 1861 Kins Sogn og Prgj. Hans d      

 

Bosted (hus/gård/tomt)

 

B.nr. Bostedets navn Matr.nr/Gnr Løpenr/Bnr Antall husholdninger Tilstedeværende personer Hjemmehørende personer 0020 Lilleøren

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var kjempebra, Grethe!  Tusen hjarteleg takk for spennande og nyttig innlegg!

 

Då stemte det altso at Lars Pederson som enkjemann flytte med dotter si attende til Vik og budde der i 1875.  Og sidan Lars ikkje finst avliden i Vik, MÅ han vera flytt vidare til Stavanger med alle borni sine!

 

Og han hadde tydeleg ikkje noko å gjera med Brita Johannesdotter på Vetløyri...(?).

 

Kanskje nokon av gutane ogso budde i Vik i 1875?  (Severin, Reginius og Johannes Larssøner, alle fødde i Florø/Kinn)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for desse sjømannsrullane frå Stavanger!  Nei, eg var ikkje kjend med desse opplysningane, som hjelper meg "plassera" Severin sin ankomst i Stavanger-regionen!  Dette vert meir og meir spennande!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som det går fram av emnet om Kari Sivertsdotter Brinchmann er no endeleg Lars Pedersen sitt dødsfall funne, i Stavanger 18.8.1891!

 

Soleis er dette problemet kring lagnaden til Lars Pederson ogso løyst, bortsett ifrå "innleiingsspørsmålet":

 

* Er det mogeleg å seia noko om KVA PLASS under garden Hanekam i Vik denne huslyden budde på, då Lars vart fødd i 1813?

 

Men dette er kan henda eit spørsmål som ingen kan svara oss på no 200 år i ettertid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.